Categories
Film og fjernsyn Filmåret Topp ti

Film- og serieåret 2019

Ok, januar er ei stund sidan no, men hei, her kjem mi årlege oppsummering av filmåret!

Statistikk

Film: Dette året rakk eg å sjå 112 filmar, 9 per månad. Som vanleg var mars den mest filmate månaden, med 28 filmar. Men månaden etter, april, vart det berre 1 film på meg. Gjennom året såg eg 17 filmar på kino, og ein av desse var «3D» (filma i 2D og omgjort til 3D i postproduksjonen… Når skal vi få ordentleg 3D på kino igjen?!). Eg var dobbeltbooka i festivalveka, så det vart berre 18 filmar på filmfestival i 2019. På vårsemesteret på filmklubben såg eg 8 filmar, men haustsemesteret kræsja fullstendig med ettermiddagsvaktene mine på jobb så eg fekk berre sett 1 film då, totalt 9 filmar på filmklubb i 2019.

Serie: Det vart litt serietitting også dette året. Eg såg 499 episodar i 24 seriar. Månaden eg brukte mest tid på serietitting var juni. Då såg eg 103 episodar. I snitt såg eg 42 episodar per månad.

YouTube: Grensesnittet til YouTube har blitt endra, så det er vanskeleg å hente ut noko fornuftig bruksstatistikk. Eg droppar difor dette segmentet frå og med no.

Video: I 2019 kjøpte eg 56 nye titlar, så ved inngangen til 2020 stod det 1324 titlar i samlinga. Dei 56 titlane kosta 4977 kroner. Berre 7 av dei nye var DVD. Dei 49 andre var Blu-Ray. Den dyraste tittelen var Pixar Collection, som kosta 400 kroner.


Serieåret

I 2019 tok eg gjensyn med fleire seriar: My Name is Earl, Veronica Mars, Dollhouse, Invasion. Eg stifta kjennskap til The Good Place, som raskt vart ein favoritt. Eg såg også Star Wars: Resistance, iZombie, The Umbrella Academy, m.m.

Favorittseriar frå 2019:

  1. DuckTales
  2. Russian Doll
  3. Crazy Ex-Girlfriend
  4. What We Do In The Shadows
  5. The Mandalorian

Filmåret

I 2019 hadde eg gjensyn med bl.a.: Space Jam, 10 Things I Hate About You, High Fidelity, The Princess Bride. Av eldre filmar eg såg for fyrste gong kan eg nemne: Svidd neger, The Apple, Pi og Pitbullterje.

Favorittane:

#10: Cold November

Ei nær skildring av ein familie som står overfor eit vanskeleg val i urolege tider. Fin film, men du får størst utbyte om du kjenner til konflikten i Kosovo på 90-talet.

Nëntor i Ftohtë

#9: Avengers: Endgame

Del to av avslutninga av superhelt-soga som på mange vis har definert Hollywood-film dei siste ti åra. Vi får meir av den same actionfylte ståheien og spetakkelet som vi er vant med, men filmen skin som best med dei meir nøkterne scenene som handlar om konsekvensane etter knipset. Ei verdig avslutning. (Men filmuniverset held sjølvsagt fram – dette er jo Disney, dei kjem ikkje til å slutte med noko som dei tener pengar på.)

Avengers: Endgame

#8: Håp

Då Anja får vite at ho har ein alvoleg sjukdom må ho og mannen Thomas ta dei vanskelege samtalene som vi vanlegvis skyr. Ei rå og usentimental skildring om familiekonfliktar, kjærleik og samlivsvanskar i møte med lagnaden, med knallgodt spel frå både Andrea Bræin Hovig og Stellan Skarsgård.

Håp

#7: Toy Story 4

Eg hadde bestemt meg for å ikkje like denne filmen. Eg likte ikkje Toy Story 3 så godt, og rekna med at ein fjerde film kunne umogleg by på noko nytt. Det gjer han forsåvidt heller ikkje – filmen følgjer eit kjent formular. Men likevel er dette ein fengjande, god og morosam film. Tidlegare har filmane teke for seg venskap, oppvekst og tilhøyrsel. Men denne går djupare, og utforskar eksistensialisme og mental helse. Uvant i barnefilm!

Toy Story 4

#6: Anna and the Apocalypse

Det går mot jul og Anna er drittlei av skulen, folka og alt. Men kva skjer viss zombieapokalypsen inntreff før juleavlutninga? Dette er ikkje mindre enn ein zombie-musikal-julefilm, så eg var dømt til å like han! (Merk at filmen er frå 2018, men så vidt eg veit kom han aldri på kino i Noreg då.)

Anna and the Apocalypse

#5: Good Boys

Morosamt om oppvekst og om å snart skulle tre inn i ungdomstida men ikkje heilt vite kva det vil seie. Ungane spelte godt. Mykje av humoren kjem av naiviteten og barneuskulda deira. Filmen fungerer difor best for vaksne. Difor, og på grunn banning og drøye scener. (Kvifor er vaksendukka gutane øver på å kysse med så klissete inni munnen?)

Good Boys

#4: Barn

Ei alvorleg hending i skulegarden set livet på hovudet for både tilsette, foreldre og deira nærmaste. Lykke skadar Jamie, og spørsmål om det skjedde ved eit uhell eller om det var med vilje dukkar snart opp. Og den vanskelege saka blir endå meir komplisert av at faren til Jamie er ein profiler Framstegsparti-politikar, og foreldra til Lykke er i Arbeidarpartiet. Ulike skildringar og oppfatningar av hendinga, farga av fordommar, syn og meininger, driv konflikten i filmen.

Barn

#3: Eighth Grade

Morosamt, rørande og sannferdig portrett av det å vere 13-14 år, når alt er pinleg og kleint. Knallbra!

Eighth Grade

#2: RBG

Ein dokumentar om Ruth Bader Ginsberg, den 85 år gamle høgsterettdommaren i USA. Ginsberg er ei knalltøff og lynskarp dame viss karriere har hatt stor tyding på kampen mot kjønnsdiskriminering i USA.

RBG

#1: Knives Out

Den suksessrike krimforfattaren Harlan Thrombey blir myrda i sitt eksentrisk dekorerte herskapshus etter bursdagsfeiring med familien, hjelpepleiaren og hushjelpa. Men Benoit Blanc er på sporet! Fantastisk flott krimhistorie med humor og snert. Agatha Christie ville vore stolt.

Knives Out