Categories
Ymse

Tankar før «The Mandalorian» sesong 2

Seinare denne veka startar The Mandalorian sesong 2. Eg har ein del tankar og spørsmål etter førstesesongen, og tenkte å ta for meg nokre av dei her og no.

Før eg går vidare vil eg påpeike at eg har berre sett den fyrste traileren og plakatane, ingenting anna av marknadsføringa, rollelista, rykta og diskusjonar. Det eg drøftar her er berre ting som eg har spekulert på.

Men sjølv om dette er mine spekulasjonar, så kan det vere innhald i dette innlegget som avslører ting. Difor:

Obs! Røpealarm for The Mandalorian sesong 1, Clone Wars, Rebels, Star Wars-filmane og Aftermath-bøkene.

Sånn, med det ute av vegen kan vi vel starte?


Er The Child ein klon?

Då The Child blir levert til Klienten, ser vi ein doktor. Han har eit jakkemerke på arma si. Dette jakkemerket kjenner vi igjen frå klonarane på Kamino.

Doctor Pershing
Doktor Pershing leier vogga til The Child ut.
Frå The Mandalorian sesong 1 episode 3
Klonar under opplæring på Kamino
Klonar under opplæring på Kamino.
Frå Star Wars: Episode II – Attack of the Clones

Betyr dette at doktoren er ein klon? Eller at han jobbar med kloning, og at The Child er ein klon? Viss så, kva var føremålet med klonen? Og kven er det ein klone av?

Eg spekulerer litt vidare. Vi veit at Klienten var i imperiet før slaget om Endor (Return of the Jedi). Vi veit også at det har gått fem år. Og vi veit at imperisk personell gjorde ein av tre ting etter slaget:

  1. Dei kjempa vidare fordi dei trudde ikkje på at keisaren var daud. I løpet av eit par år var dei fleste nedkjempa av den nye Reprublikken.
  2. Dei flykta til The Unknown Regions for å trene opp soldatar i skjul. Dei vart etter kvart til The First Order.
  3. Dei vart kriminelle grupper som tok kontroll over små områder.

Klienten og Moff Gideon tilhøyrer tilsynelatande den siste. Men eg klarar ikkje heilt å sjå kvifor ei kriminell gruppe skulle ha lyst på ein kraftsensitiv unge. Så kanskje dei eigentleg var First Order? Men heller ikkje First Order har nokon openberr grunn til å skulle ville ha The Child. Eit mogleg svar er på Exegol!

For i Rise of Skywalker lærer vi at Sidious hadde ein plan for The First Order. Han hadde eigne agentar blant dei, som manipulerte The First Order og bana veg for hans tilbakekomst frå Exegol.

Kan Klienten og Moff Gideon kanskje vere agentar for Sidious? I så fall er det ein veldig god grunn for at Sidious vil ha tak i The Child, ei klon(?) som er sterk i Krafta.

Vi veit jo at keisar Palpatine blei drepen, men at Darth Sidious overlevde sin eigen død. Dette gjorde han ved hjelp av kloneteknologi, den mørke sida av Krafta og kunnskap som han stal frå sin gamle læremeister, Darth Plagueis the Wise.

Darth Sidious på Exegol i ein falleferdig og forkrøpla klonekropp.
Frå Star Wars: Episode IX – The Rise of Skywalker

Men klonane av Palpatine var ikkje i stand til å huse den destruktive og mørke sjela hans. Dei var ikkje sterke nok i Krafta. Somme av klonane hadde ikkje Krafta i det heile tatt (deriblant «faren» til Rey, som var ein mislukka klon). Difor eksperimenterte Sidious med kloning for å lage seg ein ny kropp som var sterk nok i Krafta.

Planen om å jukse døden starta lengje før Rise of Skywalker. For Sidious hadde alltid planar og backup-planar.

Vi trur at Sidious tok livet av Plagueis før The Phantom Menace, så då må vi anta at han allereie då visste om hemmelegheiten om å bruke den mørke sida av Krafta til å jukse døden.

Og vi veit også at Sidious bortførte kraftsensitive ungar. Formålet med dette er uvisst. Var dette eksperimentering for å lage kraftsensitive klonar? Kan det kanskje hende at han også prøvde å klone ein viss grøn Jedi-meister med rar dialekt?

The Child er 50 år gammal då vi blir kjent med han i The Mandalorian. Det vil seie at han kom til samstundes med Anakin Skywalker.

Vi veit at Sidious og Plagueis eksperimenterte med å skape liv gjennom Krafta for 50 år sidan. Vi mistenker difor at Sidious kan ha medverka til at Anakin blei til.

Men som vi veit har Sidious alltid ein backup-plan. Det vil ikkje vere overraskande viss han dreiv klone-eksperiment samstundes med kraft-eksperimentet? Kanskje er Anakin og The Child «brør«?


Kven vil Mando finne?

Mando-smeden erklærer at The Child er ein Foundling og at Din Djarin må finne heimen og folket hans. Dette kan vi tolka på to vis:

  • Heimplaneten og rasen hans
  • Jediane

Heimplaneten veit vi ikkje av. Vi veit ikkje ein gong kva rasen heiter. Vi veit berre av to andre (i den noverande canon) av denne rasen: Yoda og Yaddle.

Yaddle sat i jedirådet før klonekrigen braut ut.
Frå: Star Wars: Episode I – The Phantom Menace

George Lucas ville aldri fortelje bakhistoria til Yoda. Han ønskte å la ho vere eit mysterium. Yoda er jo ein arketyp, vismannen som testar helten (les t.d. Joseph Campbell si bok, The Hero with a Thousand Faces), og magien og mystikken kring denne figuren er best viss historia hans ikkje blir forklara.

Eg trur at Lucasfilm framleis respekterer dette, og difor trur eg ikkje vi vil sjå heimplaneten eller lære meir om rasen.

Jediane kjenner vi betre til. Men på dette tidspunktet i historia er det veldig få av dei igjen. Vi veit ikkje når sesong 2 skal utspele seg, men det er sannsynlegvis ikkje så lengje etter sesong 1.

Så vidt vi veit er Luke Skywalker den einaste jedien no. Han prøvde å trene opp Leia for kort tid sidan, men ho fekk ein visjon gjennom Krafta som skremte ho og stoppa difor treninga si. Luke kjem snart til å etablere eit jeditempel for å trene ein ny generasjon jediar, deriblant Ben Solo, men det skjer ikkje enno. På dette tidspunktet er Ben berre fire år gammal.

Leia og Luke trener i lag, ca. eitt år etter slaget om Endor.
Frå Star Wars: Episode IX – The Rise of Skywalker

Eg trur ikkje vi kjem til å møte Luke i The Mandalorian. Men eg trur at vi kanskje kan møte andre kraftbrukarar vi kjenner frå før.

Ein slik person er Maz Kanata, som dreiv vertshuset/slottet på Takodana. Ho har levd lengje og møtt mange. Ho er ikkje sterk i Krafta, men kan lytte til ho og sjå ting som andre ikkje ser. Det vil ikkje vere overraskande om reisene til mandoen vår tek oss til Takodana.

Men ein annan og meir spennande person er Ahsoka Tano. Vi veit at ho var i live etter Return of the Jedi. Ho la ut på ei reise for å finne sin ven, jedien Ezra Bridger, som forsvann like før A New Hope.

Ahsoka Tano på Lothal etter slaget om Endor
Frå Rebels sesong 4 episode 16

Med seg på reisa var Sabine Wren. Viss vi møter Ahsoka, vil vi difor sannsynlegvis også møte Sabine. Og historia hennar er sterkt knytt til Mandalore, så det vil vere naturleg å møte ho i The Mandalorian.

Sabine Wren på Lothal nokre år før slaget om den fyrste Dødsstjerna
Frå Rebels sesong 1 episode 11

Ein annan ven av Ahsoka er klonekommandør Rex. Han var på Endor under Return of the Jedi så vi trur at han er i live enno. Det hadde vore gøy om gamle Rex – spelt av Temuera Morrison – hadde dukka opp!

Dei gamle klonane Wolffe og Rex.
Frå Rebels sesong 2 episode 3

Viss Djarin og The Child reiser inn i The Unknown Regions, så kan det jo hende at dei støyter på dei imperiske styrkene som kjem til å bli The First Order. På denne tida er (den framtidige) general Hux berre 10 år gammal. Faren Brendol Hux, derimot, er ein vesentleg person i The First Order dei fyrste åra. Så viss møter The First Order på dette tidspunktet i tidslina, vil eg tru at Hux er der. (Og han må gjerne vere spelt av Brendan Gleeson, som Brendol Hux var modellert etter og som tilfeldigvis er faren til Domhnall Gleeson som spelte general Hux.)

Ein annan sentral person i starten av The First Order var Rae Sloane. Ho var ein nådelaus admiral i imperiet og det hadde vore veldig kult å få sjå ho i live-action.


Kven var personen i ørkenen?

I The Mandalorian-episoden på Tatooine jaktar Din Djaring på ein dusør saman med ein annan dusørjegar. Han blir forrådd og må etterlate dusøren i ørkenen for å hindre den andre dusørjegaren i å ta The Child.

Men heilt i slutten av episoden ser vi den livlause kroppen til dusøren ute i ørkenen igjen. Det er skumring. Ein person nærmar seg. Vi ser ikkje kven det er, men ser at personen har på seg ei kappe og vi høyrer at det klirrar for kvart steg personen tar. Og så startar rulleteksten!

Ein mystisk person i ørkenen på Tatooine
Frå The Mandalorian sesong 1 episode 5

OK, med ein sånn cliffhanger i slutten av episoden er vi jo NØGD til å finne ut meir om denne personen!

Kva veit vi? Vel, vi har jo kappa. OK, det er mange kappekledde i Star Wars. Til og med mandoen sjølv har kappe. Men kappa er nok eit hint. Eit anna hint er at dette er på planeten Tatooine. Men det største hintet er lyden av stega. Av metallklirringa frå sporar.

Dette har vi høyrt før!

Og då meiner eg ikkje at vi har høyrt ein liknande lyd. Eg meiner at vi har høyrt nøyaktig det same lydopptaket før. Dette er gjenbruk av ein lydeffekt. Og det er neppe tilfeldig.

Vi skal til Empire Strikes Back, til i korridorane av Cloud City, og til personen som vandra der: Boba Fett. Sjølv om drakta hans ikkje har openberr grunn til å lage slik lyd (dette veit eg godt, for eg har jo – som dokker sikker veit – reprodusert kostymet hans), så var dette lyden vi høyrte då Boba gjekk.

Luke ser (og høyrer) Boba Fett vandre nedover ein korridor i Cloud City.
Frå Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back

«Men,» høyrer eg at du spør, «Boba Fett døydde jo i sarlaccen i Return of the Jedi. Dette er fem år etterpå. Hæ?»

Sarlaccen glefsar i seg Boba Fett.
Frå Star Wars: Episode VI – Return of the Jedi

I dei gamle bøkene og teikneseriane før Disney overtok, var Boba i live etter dette. Han kom seg ut. Men i den nye canon er vi ikkje heilt sikker. Vi har førebels ikkje sett meir til han.

Dei vil seie, nesten ingen ting. I boktrilogien Aftermath fekk vi nemleg eit lite hint om sjebnen hans.

I boka blir kjent med ein mann, Cobb Vanth. Han var ein tidlegare slave som no er fri og blitt sheriff ved ein liten landsby på Tatooine.

(Då eg las Aftermath, tolka eg Vanth som ein cowboy-tøffing a la Gary Cooper i High Noon.)

Rett etter Return of the Jedi kjem Cobb over ei gruppe Jawa som sel ymse utstyr og ting. Deriblant ei eske med eit komplett sett av ein rustning. Ein mando-rustning. Ein gammal, grøn, gul og raud mando-rustning med kappe og klirrande sko. Høyrest det ikkje litt ut som rustningen til Boba Fett, kanskje?

Cobb Vanth bruker rustningen til å kjempa mot slavedrift og kriminalitet i landsbyen sin. For etter at Jabba the Hutt blei drepen oppstår det ein maktkamp blant dei kriminelle på Tatooine.

Eg har ein mistanke om at personen vi såg i sesong 1, var Cobb Vanth. Og eg trur vi kjem til å møte han igjen i sesong 2.

Men det store spørsmålet er jo: Korleis kom rustningen seg ut av Sarlaccen?


Vil vi møte andre Mandalorians?

Gruppa vi traff i sesong 1 hadde ein nesten religiøs greie med hjelmane sine. «This is the way.» Alle andre mandoar vi kjenner frå andre historier kunne fint ta av seg hjelmen.

Din Djarin seier at han ikkje har tatt av seg hjelmen sidan han var ung. Kronologisk har vi difor sett mandoar utan hjelm i årevis etter at Djarin tok på seg hjelmen sin.

Så dette må vere unikt for akkurat denne gruppa. Eg håper at vi vil møte andre mandoar. Dei er sannsynlegvis i skjul, slik Djarin si gruppe var, men kanskje vi får møte dei? Og utforske kvifor Djarin sitt hus valde denne strenge regelen?


Korleis fekk Moff Gideon tak The Dark Saber?

The Dark Saber er ein gjenstand med stor tyding i historia til Mandalore. Sist vi såg denne unike lyssabelen kronologisk var ca. 1 år før A New Hope, før han plutseleg no dukkar opp i hendene til krigslorden Moff Gideon 10 år seinare. Korleis endte han opp der?

Moff Gideon med The Dark Saber
The Mandalorian sesong 1 episode 8

Ei oppsummering av historia til The Dark Saber, slik eg minnast han:

For tusenvis av år sidan var det krig mellom Mandalore og jediane. Mandoane reiste nemleg på vikingferd ut i galaksen, og erobra planet etter planet. Då dei etter kvart støytte på jediriddarane blei det bråk. Den konflikta pågjekk i mange, mange år.

Mandoane utvikla teknologi for å bekjempa «jedi-magien». Dei tok f.eks. i bruk Beskar-rustningar. Beskar-metallet kunne motstå energivåpen, til dømes ljossablar. Jetpack, flammekastar, giftpiler og andre ting som i dag inngår i eit heilt vanleg mando-arsenal, blei også utvikla på denne tida som eit direkte resultat av krigen mot jediane.

Men for kring 1000 år sidan blei ein mando tatt inn i jediordenen. Han heita Tarre Vizsla, og var den fyrste mandaloriske jedien. Ljossabelen han laga var heilt unik. Sabelen lyste svart! The Dark Saber.

Illustrasjon av Tarre Vizsla med The Dark Saber
Frå Rebels sesong 3 episode 15

Etter kvart drog Vizsla frå jediordenen og blei herskar av heimplaneten Mandalore. Sabelen hans blei eit symbol på herredømet.

Vizsla-klanen har makta på Mandalore i mange år. Men så skjer det opprør på planeten og klanen tapar makta. Dei held likevel The Dark Saber i familien.

Kring 10 år før The Phantom Menace ønskjer fleire klanar eit meir fredfullt styressett. Hertuginne Satine Kryze er den nye leiaren, og ho innfører ein pasifistisk politikk.

Mandalore går ikkje inn i Republikken, men forhandlar fram diplomatiske avtaler med dei. Det er det mange som ikkje liker, for i Republikken er det jediar, og det skapar splid i folket. Mange meiner at det er forræderi å samarbeide med Republikken på grunn av den eldgamle krigen med den gamle fienden, jediane. Då borgarkrig bryt ut på Mandalore, blir jedien Obi-Wan Kenobi sendt for å bistå hertuginna. Satine og Obi-Wan forelskar seg, men går kvar til sitt i slutten av borgarkrigen.

Under Klonekrigen er det ei gruppe mandoar som kallar seg Death Watch. Dei motset seg politikken til hertuginne Satine. Leiaren heiter Pre Vizsla av Vizsla-klanen. Han eig The Dark Saber no.

Blant Death Watch finn vi også Bo-Katan Kryze, systera til Satine.

I Republikken går det rykte om at mandoane samarbeider med separatistane og Count Dooku. Eit jedi-skip hamnar under åtak av ein terrorist i mando-rustning. Sidan Obi-Wan kjenner Satine frå før, blir han sendt til Mandalore for å undersøke rykta. Mistanken fell Death Watch, og at dei gjorde dette åtaket for å svekke samarbeidet mellom Mandalore og Republikken.

Men sjølv om Death Watch blir sett på som ei terrorgruppe på Mandalore, så er dei også ute i galaksen og kjempar mot droidehæren til separatistane. På eit slik oppdrag finn ein mando den unge Din Djarin og tek han til seg som ein Foundling.

I løpet av Klonekrigen blir Mandalore invadert av sjølvaste Maul. Han har rekruttert Death Watch som soldatar, og saman styrtar dei regjeringa. Men Maul vil herske over sitt nye herredøme sjølv. Pre Vizla og Maul hamnar i ljossabel-duell. Maul vinn over Vizsla, drep han og tar The Dark Saber som gevinst.

Pre Vizsla i duell med Maul.
Frå The Clone Wars sesong 5 episode 15.

Drapet splittar Death Watch. Ei splintergruppe startar ei motstandsrørsle på Mandalore. Bo-Katan står i spissen.

Ord om at den gamle sith-lærlingen Maul framleis er i live når fram til Darth Sidious. Dette passar ikkje inn i planane hans, så han drar til Mandalore og stansar Maul.

Vi veit ikkje alt som skjer etter dette, men veit at på eit tidspunkt reiser Maul til heimplaneten Dathomir med The Dark Saber.

Men Maul dukkar opp igjen. Slaget om Mandalore utspeler seg samtidig med Revenge of the Sith. Bo-Katan oppsøkjer Ahsoka Tano, den tidlegare padawanen til Anakin Skywalker, for å hamle opp med Maul. Ahsoka ber sine gamle vener om hjelp.

Anakin og Obi-Wan vil veldig gjerne hjelpe, men Kanseller Palpatine har akkurat blitt kidnappa av droidehærføraren Grievous, så dei må reise til Coruscant for å redde han. Men Anakin forfremmar klonekaptein Rex til kommandør og gir Rex kommando over halve klonedivisjon 501st Legion for å hjelpe Ahsoka og Bo-Katan.

Ahsoka, Bo-Katan og klonane tar fort kontroll over på Mandalore. Maul blir fanga og klonesoldatane stansar soldatane hans. Men så får klonane plutseleg ein ordre: «Execute Order 66». Klonane prøver å drepe Ahsoka, og i kaoset smetter Maul unna.

Republikken blir plutseleg til Imperiet. Klonane som kom for å hjelpe Mandalore, blir stormtroopers som okkuperer Mandalore.

I åra framover er det mange små og store grupper som kjempar mot Imperiet i skjul. Ingen er direkte herskar over Mandalore, men mange ulike Hus og Klanar styrer over små område på mandalorisk territorium, under jerngrepet til Imperiet sjølvsagt.

Ein av klanane er Wren-klanen. Sabine Wren er eit teknisk geni. På det imperiske Akademiet finn ho opp teknologi som kan hyper-elektrifisere beskar, metallet i mando-rustningane. Ho ser med skrekk at imperiet bruker teknologien som eit masseøydeleggingsvåpen mot sine eigne medborgarar. Sabine saboterer våpenet, flyktar frå Akademiet og sver hemn på Imperiet.

Sabine blir rekruttert av ei lita gerilja-gruppe som kjempar mot Imperiet. Gruppa kallar seg Ghost, og leiaren av gruppa er Hera Syndulla. I reisene sine drar Ghost-crewet til Dathomir, kor Sabine oppdagar The Dark Saber. Ho kjenner historia til ljossabelen og tar han med seg.

Sabine Wren med The Dark Saber.
Frå Rebels sesong 3 episode 15

Ca. 1 år før A New Hope får Ghost-crewet vite at Imperiet har starta produksjonen av våpenet til Sabine igjen. Dei reiser difor til Mandalore for å sabotere fabrikken. Dei får også hjelp frå motstandsrørsla på Mandalore, som igjen er leia av Bo-Katan. Sabine gir The Dark Saber til Bo-Katan, som eit symbol på håp om å drive ut Imperiet og samle Mandalore under ein verdig leiar.

Bo-Katan får The Dark Saber
Frå Rebels sesong 4 episode 2

Men så, ca. 5 år etter Return of the Jedi, høyrer vi om «The Purge». Vi veit ikkje når dette skjedde eller kva dette var, men tydelegvis gjekk det ikkje så bra med Mandalore. Mandoane er i skjul, og The Dark Saber er i hendene til Moff Gideon.

Det er historia så langt – slik eg minnast ho.

Eg håper vi får vite meir om kva «The Purge» var. Ettersom Gideon har lyssabelen no er det grunn til å tru at han var involvert i den hendinga.

Eg håper også at vi får vite kva som skjedde med Bo-Katan, gjerne med Katee Sackhoff tilbake i rolla.


Nok spekulering for no. Sjølv om dette er ting eg tenkjer på, så blir eg ikkje skuffa viss vi ikkje finn ut av dette. For uansett kor The Mandalorian sesong 2 tek oss, så blir ferda dit sikkert like gøy å følgje som sesong 1. This is the way!