Film- og serieåret 2021

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Endå eit unormalt filmår unnagjort. Sjølv om eg tok litt fleire kinoturar enn året før, så såg eg færre filmar totalt i 2021. Som vanleg finn du topplista lenger ned, men fyrst litt tal!

Statistikk

Film:

I 2021 rakk eg berre å sjå 96 filmar. Ikkje sidan før filmfestival-reisinga har eg sett under 100 filmar i løpet av året.

Og det var nettopp filmfestivalen som stod for brorparten av filmane eg såg. I mars månad rakk eg å sjå 47 filmar. Det vart ikkje like mykje dei andre månadene. I sommar såg eg berre tre filmar til saman.

Det vart åtte kinoturar på meg gjennom året og to turar på filmklubben. Eg håper å kome sterkare tilbake i 2022!

I snitt såg eg åtte filmar per månad.

Serie:

Eg såg 535 episodar i 22 seriar. Det meste av serietittinga gjorde eg i februar, då eg såg heile 157 episodar.

I snitt såg eg 45 episodar per månad.

Video:

Tilveksten går tregt. I 2021 kjøpte eg berre 37 nye videoar. Totalen ved utgangen av året er 1.433.

10 av dei nye videoane var på DVD-formatet, 14 på blu-ray og 13 på 4K. Sistnemnte format er det nyaste, og dette har eg skaffa meg 24 titlar av til no.

Dei nye videoane kosta meg 5004 kroner. Den dyraste tittelen var The Twilight Zone, ein samleboks til 1139 kroner.


Serieåret

Eg starta året med å stifte kjennskap med den polske krimserien Ultraviolet. Gøy krim om amatør-nettdetektivar som løyser saker der politiet famlar i blinde.

Samstundes starta WandaVision, ein herleg abstrakt miniserie i MCU som la opp til mange diskusjonar etter kvar einaste episode. Eg storkosa meg med teoriar om alternative univers, kvantefysikk, tidsreiser, psykologi, traumar og vondskapsfulle kaninar.

Men trass den sterke opninga, landa ikkje alle Marvel-miniseriane like godt. Loki var eit gøy konsept men rakna mot slutten. Eg klarte aldri å få interessen opp for What If…?. Og The Falcon and the Winter Soldier skuffa stort. Men mot slutten av året kom Hawkeye som eit plaster på såret, for det var ein verkeleg fornøyeleg miniserie. Nesten på høgde med WandaVision (men berre nesten).

I løpet av året såg eg også Parks and Recreation for fyrste gong og hadde eit attersyn med Fringe, Sherlock og dei fyrste sesongane av Castle og Person of Interest. Eg såg også McDonald & Dodds, ein sesong av Quantico og to sesongar av The Fall. I krimhumør i 2021, m.a.o.

På Star Wars-fronten fekk vi The Bad Batch sesong 1, som var eit framhald av Clone Wars sesong 7-episoden med same namn. Eg hadde lite interesse for serien i starten (fordi desse rollefigurane var ganske uinteressante i CW-episoden), men eg gav han ein sjanse.

I antologiserien Star Wars: Visions fekk japanske animatørar leike seg i Star Wars-universet. Ikkje alle episodane var like interessante, men fyttegrisen kor god dei beste av dei var!

Og heilt, heilt på tampen av året (29. desember) fekk vi fyrste episode av The Book of Boba Fett. Tida vil vise om han blir med på favorittlista mi til neste år.

Apropos – seriefavorittane i 2021 var:

  1. Maskorama
  2. Star Wars: Visions
  3. Hawkeye
  4. WandaVision

Som de ser er det berre fire her. Dei fleste seriane eg såg i 2021 var ikkje av 2021-årgang eller ikkje ein favoritt, så eg valde å droppe femteplassen.


Filmåret

Serien WandaVision fornya interessa mi for Marvel Cinematic Universe, så plutseleg såg eg alle filmane f.o.m. Age of Ultron på nytt. Utover det var det ikkje så mange attersyn i 2021.

Det vart heller ikkje til at eg såg så mykje på eldre årgangar for fyrste gong i året som gjekk. Men ein og annan vart det. Eg kan bl.a. nemne Blackhat (2015), Cats (2019), On the Basis of Sex (2018), See You Yesterday (2019), Palm Springs (2020) og Terminator: Dark Fate (2019). Dei to fyrste ville nok ha hamna på botnlista mi. Og dei tre neste ville kanskje ha vore kandidatar til topplista.

Jamnt over såg eg lite film i 2021. Eg legg skulda på ei ny og tidkrevjande interesse: selskapsspelet Blood on the Clocktower, som eg bruker fem-seks timar på kvar veke (og somme veker opp mot 10 timar).

I tillegg gjekk eg glipp av mange filmar fordi eg strevde med ikkje-pandemirelaterte helseplagar. Eg sat difor heime for ikkje å plage andre. Filmar som Dune, Eternals og Nordsjøen kom og gjekk i mellomtida. Eg gjekk til og med glipp av Sound of Metal, West Side Story og Verdens verste menneske! Eg har ei aning om at topplista mi ville sett litt annleis ut hadde eg fått sett alle filmane eg hadde lyst til å sjå.

Men eg rakk å sjå litt. Eg kan nemne bl.a. 8-Bit Christmas, Tre nøtter til Askepott, No Time to Die, Gritt og The Matrix Resurrections. Eg likte dei, men ikkje nok til å plassere dei på topplista.

Nok snakk, her kjem ho:

#10: Last Night in Soho

Eit mysterium i eit pulserande sekstitals-London. Wright leverer ein stødig thriller. Han landa ikkje heilt for meg då eg fyrst såg han. Eg tykte plottet vart for lett å gjennomskode. Men eg naut fotografien og – ikkje minst – musikken, og no som eg har fått han litt på avstand minnast eg han som ein av årets mest fornøyelege filmopplevingar. Ikkje minst fordi det var i ein kinosal!

Last Night In Soho
Last Night in Soho

#9: Gunda

Dokumentarfilmen som vart ein snakkis. Dette er eit norskprodusert naturportrett. Vi er saman med grisen Gunda og dei andre dyra på bondegarden gjennom heile filmen. I svart-kvitt. Utan forteljar. Utan musikk. Berre grisegrynt. Vi får servert stemningsfulle bilete som med få unnatak er filma i augehøgde med gardsdyra. Og viss du ikkje føler noko mot slutten av filmen, så er du eit monster.

Gunda
Gunda

#8: Nasir

Vi tilbringer ein dag saman med tøyseljaren og familiefaren Nasir i India. Han har dårleg økonomi og mange bekymringar, men er likevel ein tvers gjennom positiv mann som er lett å like. Men bakgrunnsstøy trengjer seg gradvis inn i lydbiletet og kjem stadig nærmare.

Nasir

#7: Red Post On Escher Street

Japansk flettverkfilm om castingprosessen i ein filmproduksjon. Eg er enno ikkje heilt sikker på om eg forstod alt som hendte, for dette var ein underfundig, energisk, herleg kaotisk og rotete film, proppfull av snodige, rare og morosame rollefigurar.

Escher dori no akai posuto

#6: Framing Britney Spears

Dokumentarfilm om Britney Spears, #FreeBritney-rørsla og (det nyleg oppløyste) vergemålet. Filmen kjem med nokre påstander som heng laust i lufta og eg sakna at han kunne drøfte dei litt meir. Men hovudforteljinga er interessant. Og på sitt beste fekk filmen meg til å vri meg i stolen. Det var særleg ein sekvens med paparazzoar som var skikkeleg vond å sjå på i dag.

Framing Britney Spears

#5: Shang-Chi and the Legend of the Ten Rings

Det vart mykje Marvel i år, og ikkje alt var like spennande. Men Shang-Chi kom som som eit friskt pust. Filmen er ikkje nyskapande eller «viktig», men eg lét meg underhalde. Ikkje minst av Awkwafina, som stal showet.

Shang-Chi and the Legend of the Ten Rings

#4: Shiva Baby

Pinlege familiesamlingar er noko dei fleste av oss kan relatere til. Og denne amerikanske komedien tar denne kjensla heilt på kornet. Det som berre skulle vere ei enkel minnestund etter ei gravferd fortonar seg som eit klaustrofobisk mareritt med kvart som komplikasjonane ballar på seg. Som komedie å le av feilar filmen for meg, men han klarar verkeleg å få fram andre kjensler. Eg vart heilt sveitt. Ein solid spelefilm-regidebutt av Emma Seligman.

Shiva Baby

#3: To the End

Eg strittar alltid litt imot når eg ser ordet «kammerspel» i ei omtale, men blir stort sett alltid positivt overraska. Det skjedde også med denne brasilianske dialogdrivne dramafilmen om familierelasjonar, kjønsidentitet, sorg og skam. Faren til Geralda ligg for døden, og no møtast søstrene for fyrste gong på mange år. Eg strevde litt i starten med eit handhalde kamera, men det tok ikkje lang tid før eg var inne i dialogen og historia.

Até o Fim

#2: Free Guy

The Truman Show møter The Matrix møter The LEGO Movie møter møter Wreck-It Ralph møter TRON. Eg storkosa meg med ei underhaldande historie og eit gøy konsept. Kjærleikshistoria fungerte kanskje ikkje heilt, men filmen hadde eit hjarte. Og ljossablar!

Free Guy

#1: Ninjababy

Eg veit, eg er like overraska som deg over å finne denne på topp. Tematikken er så fjernt frå interessene mine som du kan få det. Men for ei skjarmbombe av ein film! Herlege skodespelarar, eit flott manus, ein stødig regi og eit leikent og friskt formspråk som blandar film og animasjon.

Ninjababy

Permanent link to this article: https://boba.no/2021/12/film-og-seriearet-2021/