Film- og serieåret 2022

Unormale filmår ser ut til å vere den nye normalen. Eg såg få filmar i 2022, så topplista vil bere preg av at utvalet er lite.

Vanlegvis bruker eg å starte dette årlege innlegget med litt statistikk, men denne gongen har eg lyst til å snu litt om på ting. Vi plaskar difor rett uti.


Filmåret

Som vanleg såg eg litt nytt og litt gammelt. Ikkje så frykteleg gammelt, då, for den eldste filmen var berre frå 1970 og det er nesten flaut.

Det vart gjensyn med The Net (1995), Smala Sussie (2003) og Legally Blonde (2001) gjennom året, og eit fyrste møte med Liten Ida (1981), Performance (1970) og The Secret Life of Pets (2016).

Eg hadde også gjensynsrundar med fleire filmseriar: Robert Downey Jr. sine to Sherlock Holmes-filmar, George Clooney sine tre Danny Ocean-filmar og Will Arnett sine tre (Lego) Batman-filmar. Eg såg òg fleire av dei store trekkplastera på Netflix: Blonde, Troll, Glass Onion og Roald Dahl’s Matilda the Musical.

Det er også verdt å nemne at eg loggførte Star Wars: Episode VI – A New Hope (1977) for 60-ande gong i 2022. Kor mange gonger eg såg filmen før eg starta å føre loggen veit eg ikkje.

Men det er topplista dette innlegget handlar mest om. Så her kjem dei ti favorittane mine frå året som gjekk:

#10: Glass Onion: A Knives Out Mystery

Glass Onion: A Knives Out Mystery

Fornøyeleg og underhaldande, men ikkje like god som forgjengaren. Skjønt, ein brakkesjuk Benoit Blanc (Daniel Craig) som speler Among Us i badekaret med Natasha Lyonne, Kareem Abdul-Jabbar, Stephen Sondheim og sjølvaste Angela Lansbury over Zoom er kanskje det artigaste eg har sett i år!

Men snart startar mysteriet, denne gongen på ei privat, gresk øy full av karikaturar og stereotypar – alle invitert av Elon Mus… eh… eg meiner Miles Bron (Edward Norton). Som før blir historia ei herleg åtak på den heslege «eliten», proppfull av hint og alternative synsvinklar – men filmen klarar aldri heilt å vere like elegant som Knives Out.

Trailer: youtu.be/gj5ibYSz8C0

#9: The Braves

Entre les vagues
(The Braves)

Ein sjarmerande film om venskapet mellom to unge kvinner som drøymer om ei strålande teaterkarriere. Hovudpersonane er frykteleg karismatiske og lett å like, og dei lurer deg til å tru at dette blir ei hyggeleg stund. Det blir jo det, eg gliste mange gonger av den gode stemninga i filmen, men mellom smila ventar det også tårer.

Trailer: youtu.be/Cscsml6UZdY

#8: A Human Position

A Human Position

Ein dvelande, stillfaren og melankolsk film som utspeler seg i Ålesund. Det tause tomrommet – både tomheita som ofte fyller biletruta, og tomheita som blir antyda – fortel den ufortalde historia. Og det er ei historie som gjer litt vondt.

Bonus for ein søt katt som stel showet.

Trailer: youtu.be/F-9TpuQKq-M

#7: Playground

Un monde
(Playground)

Vondt, rått og realistisk om den nådelause kvardagen på skulegarden. Mobbing, utfrysing, vald, lærarar som ikkje ser eller ikkje forstår, og i sentrum står to barneskodespelarar som leverer så gode rolleprestasjonar at du trur det er på ekte.

Trailer: youtu.be/2aigDz3f5w0

#6: Memory Box

Memory Box

Ein interessant film om å oppdage at foreldra dine hadde ei fortid før deg. Med eit interessant formspråk som nyttar fotografiar, animasjon og visuelle effektar, blir vi tatt med tilbake til Beirut på åttitalet. Med alt det inneber.

Trailer: youtu.be/liolNU92Uqw

#5: Leonor Will Never Die

Leonor Will Never Die

Filippinsk surrealisme om ein aldrande filmskapar som får ein TV i hovudet og vaknar opp inni sin eigen klisjéfylte actionfilm som ho aldri fullførte på åttitalet.

Mykje humor, mykje magisk realisme og eit kjærleiksbrev til filmskaping ­– komplett med ei gripande historie om sorg i kjerna.

Trailer: youtu.be/ro6xty9NWe0

#4: The Unbearable Weight of Massive Talent

The Unbearable Weight of Massive Talent

Ein frykteleg gøy og overraskande rørande film. Han handlar om den avdanka skodespelaren Nick Cage som blir hyra inn til bursdagsfesten til ein storfan og milliardær, men blir vikla inn i ein kidnappingssak med eit kriminelt kartell på ei side og CIA på den andre. Pedro Pascal var utruleg morosam som Cage-fanboy, og Nicolas Cage var den perfekte Nick Cage. Kven hadde trudd det? Uansett, premisset for filmen er litt småteit, og difor er filmen langt betre enn han har lov til å vere!

Trailer: youtu.be/CKTRbKch2K4

#3: Boiling Point

Boiling Point

Det er jul og ein kokk med frynsete nervar er på veg på jobb på ein av dei travlaste dagane for restauranten. Det blir ein stressande dag – både for han og for oss. For kameraet følgjer nemleg nådelaust med på alt – utan klipp – etterkvart som komplikasjonane ballar på seg.

Viss nokon vil lære kva Tsjekhovs gevær-prinsippet er, sjå denne filmen!

Trailer: youtu.be/_JFrZZPtYrs

#2: Den blinde mannen som ikke ville se Titanic

Sokea mies joka ei halunnut nähdä Titanicia
(Den blinde mannen som ikke ville se Titanic)

Fantastisk fin film om ein blind filminteressert mann. Jaakko har multippel sklerose, og sit difor i rullestol og har nesten mista synet heilt. No har han bestemt seg for at han vil reise og møte nett-kjærasten sin Sirpa for fyrste gong i levande live. Jaakko blir spelt av Petri Poikolainen som har same sjukdom som rollefiguren. Filmen er tett på, med eit svært grunt fokus slik at vi opplever omverda som tåkete og at det stort sett alltid er andletet til Jaakko som fyller biletruta.

Ei realistisk framstilling av funksjonshemming, med glimt i auge og litt galgenhumor. Og mange filmreferansar!

Trailer: youtu.be/PUJdPP417Bc

#1: Everything Everywhere All at Once

Eg bruker å rangere denne lista mot slutten av året, men visste allereie etter å ha sett denne filmen i starten av juni at han kom til å stå som nummer 1. Eg lo, eg gret, eg gliste, eg følte hjartet breste, eg følte nihilismen, eg følte kjærleiken, eg måtte sjå vekk, eg måtte sjå alt! Det hadde eg ikkje trudd om ein film som handlar om at ei godt vaksen dame skal fylle ut skattemeldinga si.

Michelle Yeoh storspeler i hovudrolla, Jamie Lee Curtis er hysterisk morosam (og nesten ikkje til å kjenne att) som den grå skatteetat-musa, Stephanie Hsu var eit skikkeleg funn som dottera, og Ke Huy Quan gjer sitt triumf-comeback som skodespelar i rolla som faren etter å ha vore vekke frå filmruta i nesten 30 år.

Eg tenkjer stundom på denne fantastiske filmen, og at han er laga av dei same karane som stod bak musikkvideoen «Turn Down for What» om fyren som jukka leilegheita si sund.

Trailer: youtu.be/wxN1T1uxQ2g

Serieåret

I løpet av 2022 hadde eg eit attsyn med fabelaktige Gravity Falls og fenomenale The Good Place. Eg stifta òg kjennskap med Only Murders in the Building og Killing Eve. Eg såg også den nyaste sesongen av Brooklyn Nine-Nine.

Eg såg sjølvsagt dei nye Marvel-seriane Ms. Marvel, Moon Knight og She-Hulk. Og dei nye Star Wars-seriane, Obi-Wan Kenobi, The Book of Boba Fett og Andor. Sistnemnte var ein favoritt.

Eg likte Brassic (norsk tittel Blakk) i NRK TV, dokumentarserien Light & Magic på Disney Plus, og tykte Wednesday på Netflix var heilt ålreit.

Og det er stort sett det eg såg på seriefronten. Tynt grunnlag for ei toppliste, så difor droppar eg ho i år.


Statistikk

Film

I 2022 såg eg berre 79 filmar.

Flest såg eg i mars. Då såg eg 28 filmar – 26 av desse på Kosmorama filmfestival. I november såg eg ingenting.

Det vart berre 10 kinoturar gjennom året. På vårsemesteret til filmklubben fekk eg med meg 4 filmkveldar. Diverre har klubben pause på ubestemt tid, så det vart ingen haustsemester.

I snitt såg eg 7 filmar per månad.

Serie

På seriefronten vart det berre 194 episodar i 16 seriar.

Flest episodar såg eg i april. Då vart det heile 53 episodar.

I snitt såg eg 16 episodar frå 1,33 serie per månad.

Video

Videosamlinga auka med 41 nye titlar i 2022, så no står det totalt 1480 titlar på videoveggen min.

Dei nye videoane kosta 5227 kroner. 12 av desse var DVD, 22 var blu-ray og 7 var 4K.

Den dyraste tittelen var Vibeke Løkkeberg-samleboksen frå Nasjonalbiblioteket, som kosta 559 kroner.

YouTube / Twitch

Eg har ingen konkret statistikk for Twitch, men ser fast på den offisielle Blood on the Clocktower-straumen kvar torsdag (altså 52 gonger i 2022). Kvar straum er ca. 4 timar lang.

Det største tidssluket mitt er nok sannsynlegvis YouTube. Eg veit ikkje kor lang tid eg har brukt, men talet på videoar per tysdag 27. desember 2022, er 4508 videoar.

Videoane er fordelt på 884 ulike kanalar. Som alltid går det mykje i filmomtalar og hobbyprosjekt. På vårparten såg eg mykje på Lego-bygging. Men eg oppdaga etterkvart at slike kanalar publiserer alt for ofte, så eg sa opp abonnementet på dei fleste av desse etter nokre månader.

Det går mykje i Blood on the Clocktower også på YouTube, både på den offisielle kanalen (kor eg såg 70 videoar gjennom året) og på BotC-serien til No Rolls Barred (mest kvar månad, 11 videoar). Eg ser også på BotC-kanalane Demon Bluffs (38), Off Meta (57) og Missing Pieces BGC (32).

Mange kanalar besøkte eg berre èin gong, men enkelte kom eg tilbake til gong på gong. Eg kan nemne i fleng: Andrew Huang (musikk), Eddace (film), Veritasium (populærvitskap), Half-Asleep Chris (Lego og kattevideoar, ofte samstundes), ThinkerThemer (brettspel) og Boylei Hobby Time (skaparhobby).

Men dei fem kanalane eg såg flest videoar frå i 2022 var:

  1. Star Wars Explained – 159 videoar (Kanal om alt mogleg Star Wars)
  2. Bricksie – 127 videoar. (Lego-kanal som lagar alt for mykje innhald.)
  3. No Rolls Barred – 113 videoar (Brettspelkanal)
  4. Adam Savage’s Tested – 111 videoar (Skaparhobbykanal)
  5. BilliSpeaks – 81 videoar (Kattevideoar)

Permanent link to this article: https://boba.no/2022/12/film-og-seriearet-2022/