Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival pågjekk måndag 2. mars til sundag 8. mars. Der, på Nova kinosenter, rusla ein ranværing rundt. Unge herr Hansen hadde teke turen nedover for festivalveka, og kom heim med nattoget måndag denne veka.
Dette var min femte Kosmorama, den andre etter at eg fekk meg fast jobb. Festivalen var heldig med vêret. Starten av mars kan vera ufyseleg, men det var sol og fint mesteparten av tida. Ikkje at eg merkte så mykje til dét. For på filmfestival er det ikkje tid til så mykje anna enn å sjå film. I år hadde eg eit veldig tettpakka program. Den travlaste dagen var onsdag, med berre ein halvtime pause mellom kvar film. Det er litt som å springa maraton. Berre at du sit stort sett i ro heile tida. Og du drikker kaffi og brus i staden for vatn. Og kan ha med deg saltknask og snop. Så det er ikkje som å springa maraton i det heile tatt. Men like fullt slitsamt!
På festivalprogrammet stod det over 80 filmtitlar. Det er heilt umogleg å sjå alle på ei veke. Du må velja dei filmane du vil sjå. Ofte kræsjer det, og det er alltid like surt å måtte velja mellom to filmar du har lyst til å sjå. Nova, for dei som ikkje er kjent der, har elleve kinosalar. Den største, Nova 1, har 433 sete, og dei minste, Nova 6 og 8, har 60 sete. Kosmorama tok i bruk Nova 1 – 9, og det gjekk filmar meir eller mindre i alle samstundes. I teorien skal det la seg gjera å sjå 40 av filmane på programmet, men då må du droppa ting som friskluft, blodsirkulasjon i føtene, mat og så vidare. Det er altså ikkje til å tilrå. Eg er nøgd om eg får til 24-26 filmar, men satsar alltid på å rekka 30.
I år klarte eg 36 filmar. Det var intenst. Sju av filmane var dokumentarar, og ein av filmane var animasjonsfilm. Eg såg film frå Skotland, Peru, Canada og så vidare. Dei mest vanlege språka var engelsk, norsk og fransk. Eg høyrte også språk som abkhasisk, persisk og usbekisk. Eg såg heile ni filmar i kinosalen Nova 4. Eg var aldri innom Nova 7 og Nova 8. Den kortaste filmen eg såg var 58 minutt lang, den lengste var 136 minutt lang. Gjennomsnittleg speletid var 97 minutt.
Filmane eg likte best:
- Corn Island
- A Girl Walks Home Alone at Night
- Under the Skin
- Kvinner i for store herreskjorter
- Guidance
Filmane eg likte minst:
- The Lesson
- 40 Days of Silence
- Red Rose
Her er alle filmane eg såg:
Nr | Tittel | År | Speletid i minutt | IMDb | Type | Språk | Kinosal | Dag |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Simindis kundzuli Corn Island |
2014 | 100 | tt1863192 | spelefilm | Georgisk, abkhasisk, russisk | Nova 5 | måndag |
2 | La rançon de la gloire The Price of Fame |
2014 | 110 | tt3194410 | spelefilm | Fransk | Nova 2 | måndag |
3 | Party Girl | 2014 | 94 | tt3660370 | spelefilm | Fransk | Nova 5 | måndag |
4 | Time Lapse | 2014 | 104 | tt2669336 | spelefilm | Engelsk | Nova 4 | måndag |
5 | Sangen reddet mitt liv | 2014 | 58 | dokumentar | Russisk, norsk, engelsk | Nova 2 | tysdag | |
6 | The Look of Silence | 2014 | 99 | tt3521134 | dokumentar | Indonesisk | Nova 3 | tysdag |
7 | Tigers | 2014 | 90 | tt3004774 | spelefilm | Hindi, engelsk, urdu, tysk | Nova 1 | tysdag |
8 | Guidance | 2014 | 81 | tt3369248 | spelefilm | Engelsk | Nova 4 | tysdag |
9 | Kvinner i for store herreskjorter | 2015 | 105 | tt3868216 | spelefilm | Norsk | Nova 2 | tysdag |
10 | An Honest Liar | 2014 | 90 | tt2246565 | dokumentar | Engelsk | Nova 2 | tysdag |
11 | White Bird in a Blizzard | 2014 | 91 | tt2238050 | spelefilm | Engelsk | Nova 3 | onsdag |
12 | Line | 1961 | 90 | tt0056184 | spelefilm | Norsk | Nova 3 | onsdag |
13 | Under the Skin | 2013 | 108 | tt1441395 | spelefilm | Engelsk | Nova 5 | onsdag |
14 | Aikuisten poika Boy Upside Down |
2014 | 94 | tt2421230 | spelefilm | Finsk | Nova 6 | onsdag |
15 | Urok The Lesson |
2014 | 105 | tt3958072 | spelefilm | Bulgarsk | Nova 5 | onsdag |
16 | Kawaki The World of Kanako |
2014 | 118 | tt3108158 | spelefilm | Japansk | Nova 9 | onsdag |
17 | Caricaturistes, fantassins de la démocratie Cartoonists: Foot Soldiers of Democracy |
2014 | 106 | tt3672028 | dokumentar | Fransk, engelsk | Nova 2 | torsdag |
18 | Drone | 2014 | 58 | tt3801730 | dokumentar | Engelsk | Nova 1 | torsdag |
19 | Svenskjävel | 2015 | 97 | tt4026914 | spelefilm | Norsk, svensk | Nova 1 | torsdag |
20 | Chilla 40 Days of Silence |
2014 | 88 | tt1546379 | spelefilm | Usbekisk | Nova 4 | torsdag |
21 | Exhibition | 2013 | 104 | tt2436452 | spelefilm | Engelsk | Nova 3 | torsdag |
22 | A Girl Walks Home Alone at Night | 2014 | 99 | tt2326554 | spelefilm | Persisk | Nova 9 | torsdag |
23 | NN | 2014 | 94 | tt4327978 | spelefilm | Spansk | Nova 4 | fredag |
24 | Marie Heurtin Historien om Marie |
2014 | 95 | tt3132714 | spelefilm | Fransk, teiknspråk | Nova 5 | fredag |
25 | The Drop | 2014 | 106 | tt1600196 | spelefilm | Engelsk | Nova 6 | fredag |
26 | My Life My Lesson | 2015 | 75 | tt4154132 | dokumentar | Svensk | Nova 4 | laurdag |
27 | Ookami kodomo no Ame to Yuki Wolf Children / Ulvebarna |
2012 | 117 | tt2140203 | animasjonsfilm | Japansk | Nova 2 | laurdag |
28 | París Norðursins Paris of the North |
2014 | 98 | tt3267784 | spelefilm | Islandsk, thai, portugisisk | Nova 4 | laurdag |
29 | Robot Overlords | 2014 | 90 | tt2145829 | spelefilm | Engelsk | Nova 4 | laurdag |
30 | Dirk Ohm: Illusjonisten som forsvant | 2015 | 93 | tt2720764 | spelefilm | Norsk, engelsk, tysk | Nova 1 | laurdag |
31 | El Niño | 2014 | 136 | tt2093990 | spelefilm | Spansk | Nova 2 | laurdag |
32 | Red Rose | 2014 | 87 | tt3310280 | spelefilm | Persisk | Nova 4 | sundag |
33 | Camp X-Ray | 2014 | 117 | tt2994190 | spelefilm | Engelsk | Nova 5 | sundag |
34 | Gui lai Coming Home |
2014 | 109 | tt3125472 | spelefilm | Mandarin | Nova 4 | sundag |
35 | Wir sind jung. Wir sind stark. We Are Young. We Are Strong. |
2014 | 123 | tt4076058 | spelefilm | Tysk | Nova 5 | sundag |
36 | Den tilfeldige rockestjernen | 2015 | 80 | tt4298124 | dokumentar | Norsk | Nova 1 | sundag |