Kosmorama 2024

Eg har vore på Kosmorama Trondheim Internasjonale filmfestival igjen. I år feira Kosmorama 20 år, og eg har vore på 14 av dei. Festivalen gjekk av stabelen i veke 10 – frå måndag 4. til sundag 10. mars – ved Prinsen kinosenter. Eg reiste nedover på sundag 3. mars og budde på Hotell Augustin ved Torget under heile opphaldet.

I løpet av festivalen såg eg 23 filmar, frå bl.a. Jemen, Senegal, Argentina og Tunisia. Den lengste filmen var 2 timar og 6 minutt og den kortaste var 1 time og 4 minutt. Snittlengda var 1 time og 36 minutt.

Diverre plukka eg opp ei festivalforkjøling og mista litt futten, så det var fleire filmar som måtte utgå. Etter fjorten rundar var det vel berre snakk om tid før det skjedde.

Favorittane i år:

  • The Monk and the Gun
  • Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person
  • Red Rooms
  • Ibelin
  • Daaaaaali!

Letterboxd-omtalane mine over filmane eg såg: https://letterboxd.com/simonboba/tag/kosmo2024/reviews/by/added-earliest/

NrTittelÅrTidIMDbSpråkNasjonalitet
1Evil Does Not Exists2023106tt28490044japanskJapan
2Daaaaaali!202378tt23476446franskFrankrike
3Yannick202364tt28236368franskFrankrike
4The Burdened202391tt16611924arabiskJemen
5The Rapture202397tt27531109franskFrankrike
6The Monk and the Gun2023107tt15560314dzongkha, engelskBhutan
7FAQ202392tt29579044koreanskSør-Korea
8Four Daughters2023110tt27502426arabiskTunisia
9Når befrielsen kommer202397tt20519254dansk, tyskDanmark
10Bjergene202387tt26908516dansk, norskDanmark
11I Love You More202393tt13924430albansk, engelskKosovo, Albania
12Min fantastiske fremmede2024101tt18816836norsk, engelskNoreg
13Banel & Adama202387tt26256406fula, pularSenegal
14Hoard2023126tt20729172engelskStorbritannia
15Ibelin2024104tt19811010norsk, engelskNoreg
16First Case202398tt26218928franskFrankrike
17The Recovery Channel2024103tt18397930norskNoreg
18Diagnonsense202475tt9040950norskNoreg
19Ukjent landskap202483tt30320576norsk, engelskNoreg
20Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person202392tt24216998franskCanada
21When Evil Lurks2023100tt16300962spanskArgentina
22Red Rooms2023118tt22207786franskCanada
23Hundreds of Beavers2022108tt12818328(stumfilm)USA

Permanent link to this article: https://boba.no/2024/03/kosmorama-2024/