Film- og serieåret 2018

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Betre seint enn aldri, eller kva? Her kjem mi årlege oppsummering av filmåret som gjekk. Kva var det eg såg i 2018? Kva var det eg likte?

Statistikk

Film: I 2018 såg eg 159 filmar. Mars var den travlaste filmmånaden, som vanleg, for då såg eg 38 filmar. Den stusslegaste filmmånaden var november, med berre 4 filmar. Eg såg 30 filmar på kino, og av desse var 3 filmar i 3D (men diverre var ingen av dei filma i 3D). 35 filmar vart sett på filmfestival og 12 filmar på filmklubb. I snitt såg eg 13 filmar per månad.

Serie: Eg såg 406 episodar i 30 seriar. Serieåret starta sterkt, med heile 82 episodar i januar. I snitt såg eg 34 episodar per månad.

YouTube: Eg reduserte talet på kanalar ned til 220. Eg brukte også mindre tid per dag på YouTube. Sjåarmønsteret mitt var elles ganske likt som før, men i 2018 såg eg mykje på «builders/makers/DIY»-videoar. Ny favoritt-kanal: Evan & Katelyn.

Video: Videosamlinga auka med 50 nye titlar, totalt 1266. Dei nye videoane kosta meg 5911 kroner. 9 av desse var på DVD, 41 var Blu-Ray. Den dyraste tittelen var Twin Peaks: A Limited Event Series, som kosta 399 kroner.


Serieåret

Vanlegvis tek eg eit gjensyn med fleire favorittseriar gjennom året, men i 2018 hadde eg berre gjensyn med Taken. Resten av serieåret mitt brukte eg til å sjå nye episodar (ny for meg) frå nye eller gamle seriar. Eg nemner: Mad Men, Folkeopplysningen, Elementary, X-Files, Westworld med fleire. Seriar eg stifta kjennskap med for fyrste gong dette året: Lucifer, Maniac, Chilling Adventures of Sabrina, Familie Braun, Star Wars: Resistance.

Tre favorittseriar gjennom året:

  1. Star Wars: Rebels
  2. Black Mirror
  3. Crazy Ex-Girlfriend

Filmåret

Gjennom året hadde eg gjensyn med m.a.: Mission Impossible-filmane, Bill & Ted’s Excellent Adventure, Ocean’s 11 (både den med Frank Sinatra og dei med George Clooney). Eldre filmar eg såg for fyrste gong i 2018: Limonade Joe, Cinema Paradiso og The Black Hole.

I 2017-oppsummeringa bestemte eg meg for å ikkje bruke så mykje tid på botnfilmane, og no har eg bestemt meg for å droppe dette innslaget heilt. Eg går difor rett til toppen:

Topplista

#10: Deadpool 2

Er dette ein perfekt film? Så langt ifrå. Har han mange problem? Javisst. Er han artig likevel? Så definitivt! Meta-spøkane kan vere litt slitsame i lengda, men enn så lengje fungerer det. Ryan Reynolds er som skapt for denne rolla. Eller var det rolla som er som skapt for han? Dei lærde stridast. Men eg likte filmen likevel.

Deadpool 2

#9: Ha-roo

Sør-koreansk tidsløkkje-drama om ein kirurg som må vere vitne til at dottera døyr i ei bilulukke – om og om igjen. Kva er årsaka til at han opplever dette? Og kan han redde ho? Tidsløkkje-konseptet sit ein stad mellom science fiction og fantasy og klarar stort sett alltid å vere interessant (tankane går sjølvsagt til Groundhog Day, men også til X Files, Stargate SG-1 og andre). Eg var hekta frå fyrste løkkje.

Ha-roo

#8: A Star Is Born

Dette er heilt og haldent Gaga + Cooper Show. Historia er ikkje ukjent, filmen har jo vore spelt inn opptil fleire gonger før. Men samspelet mellom Bradley Cooper og Lady Gaga gnistrar – både i og utanfor filmen. Såg dykk oscarutdelinga? Woah!

A Star Is Born

#7: Avengers: Infinity War

Endeleg. Etter over 300 timar fordelt på over 20 filmar og TV-seriar, fekk vi omsider avslutninga på den 11 år lange historia om infinity-steinane. Vel, halvparten av avslutninga i alle fall! Filmen vart delt opp i to. Del 1 inneheld sjølvsagt mykje bråk og ståk, slik desse filmane ofte er, men det er gøy, og kulminerer i ei fantastisk avslutning med ein makelaus hengande slutt som fekk ein fullsett kinosal til å gå heilt taus ut i vantru.

Avengers: Infinity War

#6: Hereditary

Svært stemningsfull. Filmen tok seg tid, og let historia utfalde seg i sitt eiget tempo. Men då ting startar å skje forstår du at det er for seint, ting har nemleg skjedd heile vegen og no sit du for djupt i det til å kome deg vekk. Dette er god skrekkfilm!

Hereditary

#5: Trondheimsreisen

Ein fin dokumentar om byen Trondheim. Gjennom arkivklipp reiser vi gjennom tida og ser korleis byen veks fram og tilpassar seg. Vi er innom tema som bilproduksjon, språkpolitikk, krig og, sjølvsagt, fotball. Røystene som fortel er kjente trøndarar.

Trondheimsreisen

#4: Utøya 22. juli

Denne filmen var vondt. Frykteleg vond. Eg kjem ikkje til å sjå han igjen med det same. Men filmteknisk er han spennande og god. Lange tagningar er utfordrande å sjå, og denne filmen gir seg ut for å vere filma som om ei einaste lang tagning. Det gir hovudpersonen eit nærvær og historia ein intensitet.

Og ved å utspele seg i «sanntid», gir filmen meg mange peikepinn på når ting utspeler seg, og minnane flyg tilbake til den dagen og kor eg sjølv var på det tidspunktet. I den scena var eg akkurat ferdig på jobb og skrudde på bilradioen, og i den scena sprang eg opp trappa heime, og då dette skjedde sat eg med telefonen i handa, og så vidare. Det var vondt men også ein slags katarsis å sjå dette.

Utøya 22. juli

#3: Lady Bird

Ein fin, sjarmerande og tidvis rørande film om det å snart bli vaksen. Filmen er stappfull av situasjonar som kjennest veldig universelle ut, ting vi alle går gjennom på eit eller anna tidspunkt i livet. Historia handlar om Christine Lady Bird, som går siste året på High School og snart skal vidare. Kjæraster, vener, vegval og ikkje minst forholdet til foreldra blir tatt opp i dette «periodedramaet» (2002 er jo ikkje lengje sidan, vel? Eller??). Og det er dynamikken mellom Lady Bird og mora som er det store trekkplasteret.

Lady Bird

#2: Bad Lucky Goat

To umake sysken køyrer ved eit uhell på ei geit og havarerer bilen. No må dei reparere bilen utan at foreldra oppdagar det – men det er ikkje lett når du har drept ei geit og dimed fått dårleg juju. Ein herleg feelgood-film. Eg storkosa meg med øysamfunnet, karibisk kultur og kreolspråket.

Bad Lucky Goat

#1: Blindsone

Eit intenst rønydomsdrama om mental sjukdom og den vonlause kjensla av å ikkje vere i stand til å hjelpe. Applaus til skodespelar Pia Tjelta, til regissør og manusforfattar Tuva Novotny og til fotograf Jonas Alarik. Filma i ei lang tagning. Eg tok meg sjølv i å gløyme å puste.

Blindsone

Permanent link to this article: https://boba.no/2020/08/film-og-seriearet-2018/