«

»

Kosmorama 2007

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Endeleg er det Kosmorama-tid! For dei som ikkje veit kva Kosmorama er, kan eg fortelja at det er ein stor filmfestival i Nidaros. Det er mykje som skal henda. Det er mellom anna «Drive-in» på IKEA med filmen Rotløs Ungdom, «Dive-in» i Pirbadet med filmen Pirates of the Carribbean, stumfilmkonsert i Olavshallen med Trondheim Symfoniorkester og filmen City Lights, skattejakt og sjørøverfest, filmtevling, nasjonalkamp i Counter-Strike, prisutdeling og mykje anna. Det skal haldast mange interessante seminar, og kanskje treff du på nokre av dei celebre gjestane.

Men på filmfestivalen er det sjølvsagt filmvisningane som er hovudsaken. I år er det tett opp mot hundre filmar som kjem til byen. Alt for mange filmar på alt for kort tid. Eg lid diverre ikkje av schizofreni, og har heller ikkje funne ut korleis eg kan laga eit markhol i tidrommet eller reisa i tid på noko anna vis. Eg får dimed ikkje med meg alle filmane. Men eg skal ikkje gjera det lett for dei fysiske lovane, og har planlagt å sjå dei følgjande filmane.

Tid Torsdag Fredag Laurdag Sundag Måndag Tysdag Onsdag
09.00           Seminar: Vegen vidare for norsk film  
11.00   Seminar: Independent Film Crossing Borders Sweet Land   Seminar: Kino versjon 2.0  
13.00 Let the Streets Be Heard     Fresh Air   Delirious  
15.00 The Boy on the Galloping Horse Among Adults     Salty Air (presse) The Legacy Yella
17.00 Renaissance Linas Kväldsbok Junebug London to Brighton Dol Darkbluealmostblack Half Nelson
19.00 Euphoria A Friend of Mine Jagdhunde Supervoksen Emma's Bliss   Severance
21.00 Black Sheep Away From Her Fast Food Nation Fracture Playing the Victim Withnail & I  
23.00              

Visningar med (presse) er lukka visningar. Eg kjem til å oppdatera denne tabellen etterkvart.

1 comment

  1. Simon

    Vel, då var Kosmorama 2007 over. Tabellen over er oppdatert med alle visningane eg var på. 29 filmar og tre seminar. 4,6 visningar om dagen, med andre ord. Litt slappare enn i fjor, men eg fekk betre tid til å eta matpakka og middag og sånt i år, og var dimed i betre form på kvelden.

    Eg likte:

    • The Boy on the Galloping Horse (Chlopiec na galopujacym koniu)
    • Euphoria
    • Jagdhunde
    • Emma’s Bliss (Emmas Glück)
    • Playing the Victim (Izobrazhaya zhertvu)
    • Delirious
    • Darkbluealmostblack (Azuloscurocasinegro)

    Eg likte ikkje:

    • Renaissance
    • Linas Kväldsbok
    • Supervoksen

    Resten var heilt OK.

Gje innspel