«

»

TK: Våpenbeltet

Montering av våpenbeltet.

I utgangspunktet ein ganske enkel del å få korrekt, men eg klarte sjølvsagt å rota det til på eit eller anna vis. Heldigvis ikkje nok til å ikkje få den godkjent, men eg vil fiksa nytt belte på eit seinare tidspunkt.

For å få våpenbeltet godkjent, må fronten vera laga av same kvite materiale som resten av drakta. Sjølve beltet er av kanvas, og må vera mellom 70mm til 83mm brei, og skal ikkje vera breiare enn fronten. Kvit, gråkvit eller gulkvit farge. Droppboksane heng jamnt med kantane av fronten i kvite, elastiske band.

Våpen-hylstret er av svart lær eller læraktig materiale, og skal festast på venstre side av beltet. Det skal hengja med lærstropper på baksida av beltet, og festast berre i eitt punkt per stropp nede på beltet. Festet kan vera popnaglar, trykknappar eller Chicago-skruvar.

Nivå to-godkjenning får du viss du har tre kvadratiske knappar på fronten av beltet (som dekkjer over naglane).

For å få nivå tre-godkjenning, må droppboksane vera i to delar, ikkje berre ha eit flatt lokk på baksida. Dei skal hengja jamnt med fronten, med minimalt mellomrom (2-3 mm maks), og vertikalt hengja heilt i kanten av fronten. I tillegg skal kvart hjørne av fronten klippast til 45°.

I tillegg, viss du vil ha beltet heilt nøyaktig, bør beltet festast med trykknappar på sjølve magen av drakta. Dette er ikkje eit krav, men det var slik det var gjort i filmane.

Gje innspel