Film- og serieåret 2017

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

(Sjå alle oppsummeringar av filmåret)

Statistikk

Film: I 2017 loggførte eg 196 filmar. Eit så godt filmår har eg ikkje hatt sidan eg starta loggføringa i 2010. I filmfestival-månaden mars rakk eg 45 filmar. I januar og september såg eg berre fem filmar. I snitt såg eg 16 filmar per månad. 32 av filmane såg eg på kino. 1 Av desse var 10 visningar i 3D, men ingen av filmane var filma i 3D. Eg såg 35 filmar på filmfestival og 7 filmar på filmklubb. Eg høyrte mange ulike språk i filmane eg såg, mellom anna urdu, bengali, sørsamisk og tagalog. Dei mest vanlege språka var: engelsk (132), japansk (13), norsk (7), finsk (6) og svensk (5).

Serie: Serietittinga har halde seg oppe også dette året. Eg såg 693 episodar i 41 ulike seriar. Månaden då eg såg flest episodar var oktober, med 105 episodar, og i desember såg eg berre 1 episode. I snitt såg eg 58 episodar per månad.

YouTube: Våren 2017 skjedde den store «ad-pocolypsen» på YouTube. Mange store annonsørar trakk seg ut, og svært mange som livnærer seg av å lage YouTube-videoar mista opptil 60 % av inntekta si. Dette førte til ei merkbar endring i innhaldsprodusjonen. Kvaliteten gjekk drastisk ned. Sjåarmønsteret mitt har derimot ikkje endra seg så veldig mykje. Eg følgjer stort sett dei same kanalane, men kanalane lagar lengre og dårlegare videoar. Eg har framleis ikkje funne ein god måte å talfeste YouTube-sjåinga mi på, men bruker kring 20-30 timar i veka. Dette talet har eg lyst til å redusere i 2018.

Video: Videosamlinga auka mykje i 2017. Heile 116 nye titlar!2 Samlinga er no totalt 1213 titlar. Dei nye videoane kosta meg 11.531 kroner. 27 titlar var DVD, resten var Blu-ray. Den dyraste tittelen var Person of Interest, som kosta 699.00 kroner.


Serieåret

I 2017 hadde eg gjensyn med Firefly, Twin Peaks, Star Wars: The Clone Wars og Person of Interest. Eg følgde også med på pågåande seriar som Frequency, iZombie, Elementary, Star Wars: Rebels og Star Trek Discovery.

Eg starta på seriane Ghosted, Emerald City og Lethal Weapon, men gav dei opp ganske snøgt. Eg såg også Time After Time og Powerless, men dei vart kansellert før sesongen var omme.

Elles dominerte Marvel med sine (alt for) mange seriar: Agents of S.H.I.E.L.D., Iron Fist, Defenders, Slingshot, Inhumans, Runaways og The Punisher.

Andre seriar eg såg gjennom året var White Rabbit Project, Timeless, Rick and Morty, Gravity Falls og Orphan Black.

Mine favorittseriar gjennom året:

  1. Philip K. Dick’s Electric Dreams
  2. Frequency
  3. Twin Peaks: The Return
  4. Ducktales (2017)
  5. Star Wars Rebels

Filmåret

Gjennom året hadde eg gjensyn med Iron Giant, Ghost in the Shell, Alien, Spider-man (2002), Barbarella og Underworld-filmane.

Nytt av året er at vi har fått ein filmklubb i byen. Rana filmklubb viser i hovudsak filmar på utestaden Koks, men har òg eit samarbeid med kinoen. Rana filmklubb veks seg smått om senn opp til å bli ein skikkeleg filmklubb!

Eit par av dei eldre filmane eg såg for fyrste gong i 2017: Mysteriet Rygseck (1960), The Big Sleep (1946), Rashômon (1950) og 12 Angry Men (1957).

Nyare filmar eg såg for fyrste gong i 2017: Zootopia, Arrival, Sicario, Grandma og The Witch.

Vanlegvis lagar eg ei botnliste og skriv litt om dei verste filmane, men har ikkje lyst til å bruke meir tid på dei. Botnlista mi ser slik ut, presentert utan kommentarar:

  1. Alien Covenant
  2. The Mummy
  3. Pirates of the Caribbean: Dead Men Tell No Tales

Topplista

Sei kva du vil om 2017, men det var eit godt filmår. Ofte kan det vere vanskeleg å finne ti titlar til topplista, men denne gongen har eg vanskar med å berre velje ti. Her er nokre av titlane som ikkje kom med heilt til topps:

  • Logan
  • Liberation Day
  • Kedi
  • Halal Love
  • Mother!
  • Wind River
  • The Hippopotamus
  • Tyttö nimeltä Varpu

Så til topp ti-lista. Som vanleg er dette ei subjektiv liste over favorittane mine frå året som gjekk.

#10: The Big Sick

Kumail prøver å slå gjennom som standup-komikar då han treff studenten Emily. Dei fell for kvarandre, men kulturforskjellane blir for for store. Plutseleg hamnar Emily på sjukehuset. Filmen er eit sjølvbiografisk komidrama basert på då Kumail Nanjiani og Emily V. Gordon møtte kvarandre. Ray Romano og ikkje minst Holly Hunter speler knallgodt som foreldrene til Emily.

The Big Sick

The Big Sick

#9: Bar Bahar / In Between

DJ-en Salma og advokaten Laila deler leilegheit i Tel Aviv. Dei lever eit ganske uavhengig, fritt og likeglad liv. Ein dag flyttar Nour inn. Nour er ei lågmælt og stillferdig kvinne, student, tradisjonell muslim og ho skal snart bli gifta bort i eit arrangert ekteskap. Ein flott film om korleis ulike kulturar møtast, om kvinnerolla i eit mannsdominert samfunn og ikkje minst om venskap, kjærleik og om å ha tru på seg sjølv.

In Between

In Between

#8: Free Fire

Ein gjeng med lugubre folk treffast i eit forlate lagerbygg i ein aude del av Boston anno 1978. Våpenhandelen går ikkje heilt som planlagt, og snart startar kulene å hagle. Alle har skytevåpen og ingen er redd for å bruke dei! Filmen toppar nok neppe mange lister, men fy faen som eg storkosa meg med den!

Free Fire

Free Fire

#7: La La Land

Skodespelaren Mia treff pianisten og jazzelskaren Sebastian. Det er ikkje kjærleik ved fyrste blikk, men etterkvart startar musikken å spele for dei. Og for ein musikk! Med fargesprakande kostyme og kinematografi, minnar dette om klassiske Technicolor-musikalar. Eg var litt skuffa fyrste gong eg såg filmen, men eg starta å like han betre etter å ha gjeve han litt tid.

La La Land

La La Land

#6: Thelma

Religiøse Thelma flyttar til Oslo for å studere. Ho blir kjent med Anja, og kjenner seg drege mot ho. Thelma taklar ikkje dei nye kjenslene, og får mystiske anfall. Handverket til firkløveret Trier, Vogt, Ihre og Coutté er lett å kjenne att, sjølv om filmen har eit fantastisk/overnaturleg element som ikkje fanst i dei tidlegare spelefilmane frå kvartetten. Men det fantastiske elementet var innmari feil marknadsført. Frå trailarane såg dette ut som ein skrekkfilm, ikkje eit psykologisk drama.

Thelma

Thelma

#5: Sameblod

Elle Marja blir sendt på internatskule for samiske barn og ungdom. Ho blir vonbroten av rasisme og audmykjing, og må velje mellom familien og tradisjonane eller storsamfunnet. Ein vond film om korleis det var å vere same på 1930-talet. Deler av filmen er spelt inn her i distriktet, på Umbukta nær svenskegrensa.

Sameblod

Sameblod

#4: Hva vil folk si

Nisha er som norske tenåringar flest. Musikk, vener, kjæraster. Men ho held denne delen av livet skjult for sine strenge, pakistanske foreldre. Ein dag oppdagar faren hennar henne med ein norsk gut. Faren kidnappar Nisha, og sender ho til slekningar i Pakistan. Det var mange augeblikk eg hadde vondt i magen. Iram Haq er ein av våre beste regissørar.

Hva vil folk si

Hva vil folk si

#3: Your name / Kimi no na wa

Taki, ein gut i storbyen, og Mitshua, ei jente på landet, vaknar plutseleg opp i kroppen til den andre. Dei veit ikkje kvifor, men dei bytar kropp heilt tilfeldig for ein dag. Når dei vaknar opp i sin eigen kropp dagen etter, kjennast bytet mest ut som ein halvgløymt draum. Kvifor skjer dette, og vil dei nokon gong treffast? Nydeleg anime som tilsynelatande utforskar eit science fiction/fantasi-premiss, men som dreg deg med på ei forteljing som både slår og rører deg.

Your name

Your name

#2: The Last Jedi

Rey er reist til Ahch-To for å bringe jedimeister Luke Skywalker tilbake til kampen mot vondskapen. Samstundes er motstandsrørsla på flukt frå Den Fyrste Orden, men har lidd store tap. No er det eit spørsmål om tid før millitærskipet til Snoke tek igjen den vesle gruppa av rebellar. Dette var film nummer to i den tredje trilogien, og film nummer 13 totalt, så han hadde store forventingar over seg. Det var ting eg ikkje likte, men Rian Johnson leverte eit solid verk, og filmen er særs passande som akt to (Ahch-To?) i trilogien. Aldri har ein Star Wars-film vore så vakker som i denne filmen! Du kan ta eit kva som helst vilkårleg bilete frå filmen, og det er så nydeleg fotografert at du kan råme det inn og hengje opp på veggen!

Star Wars: Episode VII - The Last Jedi

Star Wars: Episode VII – The Last Jedi

#1: Baby Driver

Baby er fluktbil-sjåfør til ein gjeng med bankranarar. Han er som ein kunstnar bak rattet — han køyrer med presisjon og talent, og alltid med øyreproppar og musikk. Men han passar ikkje inn blant dei kriminelle. Då han treff servitøren Debora, bestemmer han seg for at han vil ut. Ein heilt brilliant film! Flott bruk av diegetisk musikk, og stor applaus til klypparane Amos og Machliss. Edgar Wright er ein filmkunstnar!

Baby Driver

Baby Driver

  1. Tidlegare år har eg ikkje skild mellom vanlege kinofilmar og filmar på filmfestival/filmklubb []
  2. Ei handfull vart tinga i romjula, men kjem ikkje fram før litt uti januar. []

Permanent link to this article: https://boba.no/2018/01/film-og-tv-i-2017/