I førre veke vitja eg Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival for 8. gong. Festivalen gjekk frå måndag 5. mars til sundag 11. mars, og var for fyrste gong i Prinsen kinosenter. Tidlegare har han vore på Nova. Eg overnatta på Comfort Hotel Park, vegg i vegg med Prinsen.
I år rakk eg igjen 35 filmar, trass dårleg oppsett på programmet. Det var få visningar på formiddagen, så det kravde endå større planlegging av kaffikoppar, middagar, matpauser og tissepauser.
I år høyrte eg mest spansk, med engelsk og norsk hakk i hæl. Andre språk eg høyrte var chinyanja, makedonsk, haitisk kreol og islandsk, berre for å nemne nokre.
Eg såg sju dokumentarar, men ingen barnefilmar. Den kortaste filmen eg såg var 74 minutt, og filmane var i snitt 93 minutt lange. Ingen filmar var over to timar, og det dårlege kneet mitt takkar meg for det.
Flest visningar såg eg i sal 3, som var ein heilt kurant sal. Men den grufullt dårlege sal 1 kom på ein andreplass — hadde eg kjent tilstanden til salen på førehand, ville eg ha sett opp programmet annleis. 1
Den eldste filmen på programmet mitt var «Brev til kongen» frå 2014. Men teknisk sett var «Yol» eldst, som var produsert i 1982 men ikkje ferdigstilt før 2017.
Mine favorittar:
- Tigers Are Not Afraid
- A Day
- Bad Lucky Goat
- Oh Lucy!
- Candelaria
Twitter-tråd med dei fyrste reaksjonane til filmane: twitter.com/SimonBoba/status/971169921727172608.
Oversyn over alle filmane eg såg:
Nr | Tittel | År | Lengd | IMDb | Type | Språk | Kinosal | Dag |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Vind die domme trut en gooi haar in de rivier Find This Dumb Little Bitch and Throw Her Into a River |
2017 | 87 | tt5600678 | spelefilm | nederlandsk | Prinsen 3 | måndag |
2 | Iscelitel Secret Ingredient |
2017 | 107 | tt7610008 | spelefilm | makedonsk | Prinsen 8 | måndag |
3 | Morir Dying |
2017 | 104 | tt6069668 | spelefilm | spansk | Prinsen 3 | måndag |
4 | Wasted! The Story of Food Waste | 2017 | 85 | tt6207096 | dokumentar | engelsk | Prinsen 3 | måndag |
5 | Carpinteros Woodpeckers |
2017 | 106 | tt5999770 | spelefilm | spansk | Prinsen 3 | tysdag |
6 | Candelaria | 2017 | 87 | tt7264116 | spelefilm | spansk | Prinsen 1 | tysdag |
7 | Please Stand By | 2018 | 93 | tt4652650 | spelefilm | engelsk | Prinsen 1 | tysdag |
8 | Tigers Are Not Afraid | 2017 | 83 | tt4823434 | spelefilm | spansk | Prinsen 7 | tysdag |
9 | Letters | 2017 | 74 | tt7374996 | dokumentar | norsk, koreansk | Prinsen 7 | tysdag |
10 | Une saison en France A Season in France |
2017 | 100 | tt7177156 | spelefilm | fransk | Prinsen 3 | onsdag |
11 | Sumarbörn Sommerbarn |
2017 | 85 | tt6044548 | spelefilm | islandsk | Prinsen 5 | onsdag |
12 | Charmøren The Charmer |
2017 | 100 | tt5668850 | spelefilm | dansk, persisk | Kongesalen | onsdag |
13 | Utøya 22. juli | 2018 | 90 | tt7959216 | spelefilm | norsk | Prinsen 2 | onsdag |
14 | Darling | 2017 | 103 | tt5698986 | spelefilm | dansk | Prinsen 1 | onsdag |
15 | 1945 | 2017 | 91 | tt5815492 | spelefilm | ungarsk | Prinsen 7 | onsdag |
16 | Trondheimsreisen | 2018 | 80 | tt7854040 | dokumentar | norsk | Prinsen 3 | torsdag |
17 | Gulistan, Land of Roses Gulîstan, Land of Roses |
2016 | 86 | tt5100152 | dokumentar | kurdisk | Prinsen 6 | torsdag |
18 | Las hijas de Abril April's Daughter |
2017 | 103 | tt6397762 | spelefilm | spansk | Prinsen 6 | torsdag |
19 | Invisible | 2017 | 87 | tt6596630 | spelefilm | spansk | Prinsen 8 | torsdag |
20 | The Marriage | 2017 | 97 | tt6665464 | spelefilm | albansk | Prinsen 5 | torsdag |
21 | Grace Jones: Bloodlight and Bami | 2017 | 115 | tt6903636 | dokumentar | engelsk | Prinsen 5 | fredag |
22 | Matar a Jesús Killing Jesus |
2017 | 95 | tt7272242 | spelefilm | spansk | Prinsen 7 | fredag |
23 | Brev til kongen | 2014 | 75 | tt2183194 | spelefilm | kurdisk, norsk, engelsk, persisk | Prinsen 7 | fredag |
24 | Hatets vugge Golden Dawn Girls |
2017 | 92 | tt7690522 | dokumentar | engelsk, gresk | Prinsen 6 | fredag |
25 | Una especie de familia A Sort of Family |
2017 | 95 | tt6386168 | spelefilm | spansk | Prinsen 3 | fredag |
26 | Ha-roo A Day |
2017 | 90 | tt6890376 | spelefilm | koreansk | Prinsen 1 | laurdag |
27 | Oh Lucy! | 2017 | 95 | tt6343058 | spelefilm | japansk, engelsk | Prinsen 6 | laurdag |
28 | Chien Dog |
2017 | 90 | tt6147954 | spelefilm | fransk | Prinsen 3 | laurdag |
29 | Mr. Gay Syria | 2017 | 85 | tt6220252 | dokumentar | arabisk | Prinsen 6 | laurdag |
30 | Bad Lucky Goat | 2017 | 76 | tt6094944 | spelefilm | haitisk kreol | Kongesalen | laurdag |
31 | Juje Juze |
2016 | 94 | tt5214108 | spelefilm | hindi | Prinsen 8 | sundag |
32 | Pokeurein Excavator / Fork Lane |
2017 | 92 | tt7506740 | spelefilm | koreansk | Prinsen 1 | sundag |
33 | Yol: The Full Version | 2017 | 112 | tt6847792 | spelefilm | tyrkisk, kurdisk | Prinsen 1 | sundag |
34 | I Am Not A Witch | 2017 | 93 | tt6213284 | spelefilm | chinyanja, engelsk | Prinsen 5 | sundag |
35 | Geu-hu The Day After |
2017 | 92 | tt6462506 | spelefilm | koreansk | Prinsen 2 | sundag |
- Sal 1 har gamle, harde og utslitne seter som ikkje gjekk an å lene bakover, dårleg akustikk og forferdeleg dårlege høgtalarar. [↩]