TK 32700 til teneste!

Her sat eg og måla kroppen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I dag fekk eg endeleg beskjed om at søknaden min til 501st er akseptert, og Stormtrooper-drakta er godkjent. Eg fekk tildelt ID-nummeret 32700 (skikkeleg digg nummer!), samt prefiksen TK. Eg er med dette medlem av 501st Legion, Nordic Garrison. Hurra!

Prosjektet er dokumentert både her på bloggen, i videobloggen (sjå speleliste på YouTube), på Snapchat, og ikkje minst på forumet Whitearmor.net.

I samband med godkjenninga, fekk eg lyst til å dela ein del prosjektfoto.

Draktdelane før klipping, pussing, liming og montering.
Draktdelane før klipping, pussing, liming og montering.
Biceps
Biceps
Fjerning av lim på biceps. E6000 er sterkt, men lett å fjerna.
Fjerning av lim på biceps. E6000 er sterkt, men lett å fjerna.
Krok til biceps. Brukast til å halda skulderstroppa på plass.
Krok til biceps. Brukast til å halda skulderstroppa på plass. Kroken er limt fast på innsida
Heimesnekra mannekeng
Heimesnekra mannekeng
Heimesnekra mannekeng
Heimesnekra mannekeng
Armane
Armane
Armane
Armane
Samanlikning av armane. Korrekt kant til høgre.
Samanlikning av armane. Korrekt kant til høgre. «No return edge on the inside of the front of the forearm is allowed.»
Ein liten kamerat
Ein liten kamerat
Våpenhylsa
Våpenhylsa
Thermal detonator
Thermal detonator
Thermal detonator
Thermal detonator
Thermal detonator
Thermal detonator, korrekte skruar
Thermal detonator
Thermal detonator
Singer Golden Panoramic 670G
Ein Singer Golden Panoramic 670G symaskin frå ca 1967 er brukt fleire gong i prosjektet.
Sying av leggstroppar
Sying av leggstroppar
Ferdige leggstroppar med krokar.
Ferdige leggstroppar med krokar. Stroppane er limt på innsida bak på leggane.
Tilpassing av legg
Tilpassing av legg
Tilpassing av legg
Tilpassing av legg
Liming av legg
Liming av legg
Ferdiglimte leggar
Ferdiglimte leggar
Snodige Ebay-forslag
Etter at eg handla svart kompressjonsunderdrakt, fekk eg svært snodige Ebay-forslag
Kneplate
Kneplate
Kneplate
Kneplate
Kneplate
Kneplate
Skulderbru
Skulderbru
Korrekte trykknappar i setet
Korrekte trykknappar i setet
Lår under liming
Lår under liming
Lår etter liming
Lår etter liming
Korrekte hette-naglar i nikkel på lår
Korrekte hette-naglar i nikkel på lår
Korrekte hette-naglar i nikkel på lår
Korrekte hette-naglar i nikkel på lår
Lårbeltet
Lårbeltet
Montering av øyre på hjelm
Montering av øyre på hjelm
Montering av øyre på hjelm
Montering av øyre på hjelm
Humbrol-måling i blå, grå og svart
Humbrol-måling i blå, grå og svart
Kroppen før måling
Kroppen før måling
Her sat eg og måla kroppen
Her sat eg og måla kroppen
Korrekte messing-splittnaglar i sida
Korrekte messing-splittnaglar i sida
Korrekte messing-splittnaglar i sida
Korrekte messing-splittnaglar i sida
Knappar til beltet, til å dekkja over naglane.
Knappar til beltet, til å dekkja over naglane.
Oppmerking av stroppefeste på innsida av kroppen.
Oppmerking av stroppefeste på innsida av kroppen.
Stroppefeste på innsida av kroppen
Stroppefeste på innsida av kroppen
Stroppefeste på innsida av kroppen
Stroppefeste på innsida av kroppen
Belteknapp med korrekt avstand
Belteknapp med korrekt avstand
Eg slo inn trykknappane med ein søt liten hammar.
Eg slo inn trykknappane med ein søt liten hammar.
Hjelm
Hjelm
Vakuumforsegling
Vakuumforsegling
Måling av hjelmstriper
Måling av hjelmstriper
Måling av hjelmstriper. Fyrste forsøk vart for langt ut på tuben. Korrekt avstand er "one pencil width", eller ca 6 mm frå kinnet. Her er dei ca 12 mm.
Måling av hjelmstriper. Fyrste forsøk vart for langt ut på tuben. Korrekt avstand er «one pencil width», eller ca 6 mm frå kinnet. Her er dei ca 12 mm.
Måling av hjelmstriper. Neste forsøk var nærmast katastrofe. Her etter litt opprydding.
Måling av hjelmstriper. Neste forsøk var nærmast katastrofe. Her etter litt opprydding.
Måling av hjelmstriper. Tannpirker, løysemiddel og mykje tolmod, så vart stripene til slutt OK.
Måling av hjelmstriper. Tannpirker, løysemiddel og mykje tolmod, så vart stripene til slutt OK.
vart gummihanske med kvitmalt latekshandplate.
vart gummihanske med kvitmalt latekshandplate.
TK 32700 til teneste!
TK 32700 til teneste!

TK: Korleis ta på drakta

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Søknaden til 501st Legion Nordic Garrison er sendt inn, og TK ANH Stunt-drakta mi er til vurdering. Eg vonar på snarleg, positivt svar.

Slik såg det ut då eg kledde på meg heile drakta for fyrste gong:

Merknader eg gjorde meg etter fyrste påkledning:

– Skulderstroppene over biceps er litt for slakk. Når eg held armane høgt, glir stroppa ned. Bør strammast opp litt.

– Det var vanskeleg å få på knappen i skrittet. Det må finnast ein betre måte å ta den på. Eller kan eg kanskje få til å tre på meg drakta viss knappen allereie er festa?

– Venstreleggen har ein tendens til å vri på seg. Kan enkelt løysast med å lima litt skumgummi på innsida.

– Låra har ein tendens til å gli ned. Livbeltet må strammast betre. Eventuelt festa beltet med svarte bukseselar?

– Hanskane må på etter hjelmen, elles får eg ikkje til å ta på stroppa til hjelmen.

– Det er varmt og lite luftsirkulasjon inni hjelmen. Løys litt på kragen for ikkje å kvelast heilt, og få på plass viftesystemet.

TK: Hjelmen

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Montering av hjelmen.

Hjelmen er kanskje det mest ikoniske med drakta. Viss eg viser fram ei arm, så vil folk berre sjå noko plastikkrør. Men viss eg viser fram hjelmen, så ser folk ein Stormtrooper-hjelm. Dette er difor den viktigaste delen å få korrekt. Dette er samstundes den vanskelegaste delen å montera.

Trimminga av domen/hetta gjekk ganske greitt, men fjesplata var litt verre. Her måtte eg kutta hol for tenner og auga, og det var nervepirrande. Men det verste trimmejobben var øyra. Eg er ikkje nøgd med korleis dei ser ut, sjølv om det er ein «korrekt feil». I eit slikt bygg, må du alltid velja mellom idealisert (slik folk trur dei såg ut) og korrekt (slik dei faktisk såg ut). Eg har for det meste gått for korrekt utsjånad, men når det kjem til øyra, skulle eg gjerne fått til den idealiserte utsjånaden. Slik det er no, er det ei gigantsprekk på fleire millimeter mellom øyre og hjelm på høgresida.

Ting eg gjerne skulle gjort annleis:
– Øyra, som nemnt.
– Den svarte spraylakken på innsida skulle eg gjerne ha droppa, og brukt PlastiDip i staden. Spraylakken fargar litt av, og er vrient å få bort. PlastiDip legg seg som ei hinne, og kan rivast av om ein skulle ha behov for det.
– Eg ville ha montert hjelmen med skruvar, ikkje naglar. Dette for å kunne ta den frå kvarandre etterkvart, slik at det hadde blitt lettare å f.eks. montere linser, stropper osv, samt få på gummilista i toppen etter måling.
– Nye stensilar til tubestripene. Dei ser OK ut frå avstand, men på nært hald ser du at dei er fiksa med tannpirker.

Krav til å få godkjenning, jf. CRL-dokumentet:

  • Traps (trapezoids on dome of helmet) and tears (area beneath the corners of eye lenses) are gray.
  • Rear traps and tears have vertical black lines.
  • Lenses are flat material, green in color, sufficiently dark enough to obscure the costumer’s eyes.
  • The “ear” bars have three or four bumps and are gray or painted gray, with a black outline. Painting the bumps with rank stripes (highlighted) in black is optional.
  • Frown is painted gray and does not leave the teeth area. Eight total teeth on the frown are cut out.
  • Tube stripes are medium blue, numbering between 9 and 16 per side with the curve bends extending backwards.
  • Vocoder (vertically ribbed chin detail) is painted black.
  • Aerators/Hovi mix tips (cylinders on either side of the vocoder) are black or painted black.
  • Tears, traps, and tube stripes may be hand painted, decals, or decals that replicate hand painted.
  • Mesh may be used behind the frown to obscure the face of the wearer.
  • Note: The helmet is accurate in detail and proportion to official references.
    • Many commercially available helmets or those considered disproportionate in size or shape are ineligible.

For nivå to-godkjenning (Expert Infantryman):

  • Ears shall have three screws per side, one above and one below the ear bar and one at the base of the helmet.
  • Ear bars have four bumps only.
    • Not three.
  • Traps/tears and tube stripes shall have the correct ANH TK details.
  • Correct «Hovi mic» aerator tips.

For nivå tre-godkjenning (Centurion):

  • Ear bars shall have only one bump painted in black (rank stripes).
  • Neck trim shall be of an s-type profile rather than a u-type profile.
  • Tears/traps shall be hand painted or use decals that emulate hand painted (with correct ANH TK details).

TK: Thermal Detonator

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Montering av granaten.

Som denne videoen viser, er det lurt å dobbeltsjekka ting før du gjer noko dumt. Heldigvis var båe tabbane enkle å fiksa.

Den fyrste tabben var at eg drilla hol til skruven på toppen, ikkje i botn. Det løyste seg ved å ta av frontplata og lima den på den andre vegen. Heldigvis hadde eg brukt E6000, elles hadde det aldri gått. E6000 er eit kraftig lim, men det er mogleg å få det laust igjen. Ved å hiva det i frysaren 20-30 minutt, slapp limet endå lettare.

Den andre tabben var at eg hadde bøygd metallstripene for lite, slik at frontplata peika framover. Eg liker utsjånaden når den peiker framover, men for å få godkjenning, må plata peika oppover. Dette fiksa eg ved å (forsiktig) bøya stripene ut igjen, og deretter laga ny bøy lenger opp på dei. Den flate sida av dei er no 7,5 cm, mot 11,5 cm tidlegare. Så lengje du er varsam, er det mogleg å retta opp utan at stengene knekker.

Så lærdommen her er som vanleg «measure twice, cut once», samt å alltid lesa CRL-dokumentet undervegs!

Handleliste for ein Stormtrooper

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Stormtrooper-drakta mi er har vore ein lang prosess, men no er den snart klar. Undervegs i prosjektet har eg notert ned ei innkjøps- og utstyrsliste. Den vart lengre enn eg hadde forventa!

Eg tenkte eg skulle dela lista med dokker. Eg har forsøkt å få med originale mål og materiale i notatkolonna viss eg veit dette. Når det gjeld kolonna Kjøpsstad, har eg markert netthandel med lenkje, og privatpersonar i kursiv.

Hald fram med å lese «Handleliste for ein Stormtrooper»