«

»

Kosmorama 2016

Eg har vore på Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival, som pågjekk frå tysdag 8. mars til sundag 13. mars i førre veke. I år som i fjor deltok eg på heile festivalveka, og reiste heim med nattoget natt til måndag.

Min fyrste Kosmorama-festival var i 2006, og dette var sjette gongen eg deltek.

Nytt av året var at festivalen hadde ein dag mindre. Tidlegare har Kosmorama pågått i ei heil veke, no gjekk den i seks dagar. Til gjengjeld var programmet tett og perfeksjonert, og du kunne rekkja opptil sju filmar kvar dag — om du droppa ting som f.eks. middag og lufteturar utanfor av bygget. Så hardfør er ikkje eg, men festivalløypa mi var likevel ikkje for nybyrjar. Eg endte opp med å sjå totalt 33 filmar på dei seks dagane.

Her er alle billettane mine

Her er alle billettane mine

I år var det endeleg matsal inne på festivalområdet. Dette var eit kjærkome påfunn — det finst grensar for kor mange «måltider» kjøpt på kinokiosken eit menneske kan tåla… Kvar gong eg er på Kosmorama, har eg sakna sal av mat, f.eks. påsmurte smørbrød eller bagettar. Eg bur til vanleg på hotell utan eige kjøkken eller kjøleskap på rommet, og det finst difor grenser til kva eg kan handla inn av daglegvarar for å smøra matpakke gjennom veka. Eg er heilt avhengig av å kunne kjøpa måltida mine kvar dag. Maten var det Jossa mat og drikke og Credo Restaurant som stod bak. Dei leverte ein japansk meny, med m.a. steambuns og sobanudlar.

Også nytt av året var kaffiavtalen. 100 kroner for eit Kosmorama-plastkrus, og fri påfyll med kaffi. Kruset betalte seg sjølv allereie på dag to. Eg har også lært meg å alltid ha ei flaske vatn på lur, då det raskt kan bli varmt når salen er full.

Eit artig påfunn i Kosmokids-programmet, var Kosmokids-skjermen i foajeen. På ein svær infoskjerm på veggen, var det ei teikning av ein liten bakke kor figurar frå Ghibli-universet vralta rundt, hoppa og vinka. Figurane var namngjeve og styrt av ungar frå små skjermar som stod plassert ut, eller frå ein app for Android eller iPhone.

Eg sneik inn ein Ivar Aasen-totoro på Kosmokids-skjermen

Eg sneik inn ein Ivar Aasen-totoro på Kosmokids-skjermen

Det største nyhende var likevel sjølve festivalområdet. Kosmorama haldast som kjent på Nova kinosenter, og Nova har nyleg blitt bygd om, og inngangen er (igjen) flytta til nedsida mot hovudvegen. Når du kjem inn, hamnar du i den splitter nye kiosken, som er større enn i dei tidlegare lokala på andre sida av bygget. Før var det to kassar. No er det seks eller åtte (såg aldri alle i bruk). Når kiosken er passert, kjem du inn i sjølve foajeen, med stort vrimleområde, to saler rett fram og symmetriske trapper som føyer seg oppover langs kantane. Det ser skikkeleg bra ut! Rett nok eksisterte alt dette i foajeen frå før, men du såg det aldri sidan du kom inn frå andre enden av bygget.

Sjølve salane er heller ikkje nye, men inngangane til sal 4 og 5 er flytta. Den største endringa er måten du kjem deg opp til sal 6-11 på. Tidlegare var det ei grufull lang trapp ved sidan av den gamle kiosken, før du kom inn i foajeen. Heile seksjonen med trappa er avstengt, men dei har laga ei rulletrapp midt i etasje to av foajeen. Tek du den, kjem du opp til ei litt mindre trapp, som tek deg opp rett ved sidan av inngangen til sal 6/7. Denne trappegangen gjer at sitjeområdet er blitt halvert, men har til gjengjeld fått nye fine møblar som går an å kvila litt i mellom visningane. Salane her oppe har ganske nye lerret og kinoseter. Nova gjev etter denne ombygginga endeleg ei heilskapleg kinokjensle kvar du enn går. Tommel opp.

Ulempa med nye Nova, er at bygget er meint som kino, ikkje som festival. Det vil seia at foajeen er designa for å leia folk inn til salen, og når filmen er ferdig, er det designa for å leia folk ut av bygget, ikkje tilbake til foajeen igjen. Det vart også mindre plass å vrimla på, og færre stader å treffa kjenningar for å drøfta filmane du hadde sett. Nede i foajeen tok sal av mat opp nesten all plass som tidlegare var sofagrupper, og veldig få fann vegen opp til sitjeområdet utanfor sal 6/7. Det var også eit problem å koma seg ned igjen til foajeen etter å ha vore oppe. Eg rota meg vekk fyrste gong eg var der, og endte opp med å missa ein film på grunn av dette. Eg lærte meg etterkvart trikset med heisen som eigentleg berre vil gå opp takk til tips på Twitter, men dette kunne med hell ha blitt formidla med f.eks. ein infoplakat når du fyrst kom opp rulletrappa.

Men tilbake til det ein filmfestival faktisk handlar om, nemleg filmane. Som nemnt såg eg 33 filmar på seks dagar. Det er tre filmar mindre enn i fjor, men også ein dag mindre. Meir tal:

  • Tre animasjonsfilmar, ein konsertfilm, fire dokumentarar og ein musikal.
  • Arabisk, engelsk, fransk og norsk var dei vanlegaste talespråka, men også spansk, rumensk og hebraisk gjekk igjen.
  • Eg opphalda meg mest i sal 5 og sal 3. Sal 7 var eg innom berre ein gong. Ingen av festivalvisningane eg såg var i sal 6, 8, 9, 10 eller 11, men eg såg The Big Short i sal 8 og Room i sal 11 i dagane før festivalen.
  • Den kortaste filmen eg såg var herlege 52 minutt, og den lengste var vonde 134 minutt. Gjennomsnittstida i år var 93,5 minutt, og både hovud, krossrygg og blære takkar meg for det. Totaltida var 3084 minutt, eller 2 døger, 3 timar og 24 minutt om du vil.

Filmane eg likte best:

  • Angry Indian Goddesses
  • Mammas drøm
  • Dégradé
  • London Road
  • Fatima
  • La dame dans l’auto avec des lunettes et un fusil

Filmane eg likte minst:

  • Det vita folket
  • Comoara
  • Southbound
Alle filmane starta med Kosmorama-logoen

Alle filmane starta med Kosmorama-logoen

Her er filmane eg såg:

Nr Tittel År Speletid i minutt IMDb Type Språk Kinosal Dag
1 Box 2015 93 tt3510112 spelefilm rumensk, ungarsk Nova 4 tysdag
2 Experimenter 2015 98 tt3726704 spelefilm engelsk Nova 5 tysdag
3 Angry Indian Goddesses 2015 115 tt3368222 spelefilm hindi, engelsk Nova 3 tysdag
4 Carol 2015 118 tt2402927 spelefilm engelsk Nova 1 tysdag
5 Spotlight 2015 128 tt1895587 spelefilm engelsk Nova 5 tysdag
6 Ya Tayr El Tayer
Idol
2015 100 tt4912068 spelefilm arabisk Nova 1 onsdag
7 Alias María 2015 91 tt3685554 spelefilm spansk Nova 4 onsdag
8 Truman 2015 108 tt3754940 spelefilm spansk, engelsk Nova 5 onsdag
9 Comoara
The Treasure
2015 89 tt4515684 spelefilm rumensk Nova 5 onsdag
10 An
Under kirsebærtrærne
2015 113 tt4298958 spelefilm japansk Nova 7 onsdag
11 Ziggy Stardust and the Spiders from Mars 1973 90 tt0086643 konsertfilm engelsk Nova 2 onsdag
12 Fatima 2015 79 tt4466544 spelefilm fransk, arabisk Nova 5 torsdag
13 Une histoire de fou
Don’t Tell Me the Boy Was Mad
2015 134 tt4062208 spelefilm fransk, armensk, tysk Nova 1 torsdag
14 Heart of a Dog 2015 75 tt4935446 dokumentar engelsk Nova 3 torsdag
15 Baba Joon 2015 91 tt3757218 spelefilm hebraisk, persisk Nova 3 torsdag
16 Det som en gang var 2016 80 tt5009730 spelefilm norsk Nova 3 torsdag
17 Southbound 2015 89 tt4935334 spelefilm engelsk Nova 3 torsdag
18 Maintenant ils peuvent venir
Let Them Come
2015 95 tt4520338 spelefilm fransk, arabisk Nova 4 fredag
19 Ixcanul 2015 93 tt4135844 spelefilm spansk Nova 3 fredag
20 Mammas drøm 2016 52 tt5547712 dokumentar norsk Nova 4 fredag
21 Det vita folket 2015 79 tt2172095 spelefilm svensk Nova 2 fredag
22 Dreams Rewired 2015 88 tt4414694 dokumentar engelsk Nova 5 fredag
23 Paridan az ertefa kam
A Minor Leap Down
2015 88 tt4471280 spelefilm persisk Nova 3 laurdag
24 Tonari no Totoro
Min nabo Totoro
1988 86 tt0096283 animasjonsfilm norsk Nova 2 laurdag
25 Omoide no Mânî
Marnie – min hemmelige venninne
2014 103 tt3398268 animasjonsfilm norsk Nova 1 laurdag
26 Kari-gurashi no Arietti
Arriettas hemmelige verden
2010 94 tt1568921 animasjonsfilm norsk Nova 2 laurdag
27 London Road 2015 91 tt3573598 musikal engelsk Nova 5 laurdag
28 Ha’har
Mountain
2015 83 tt4917622 spelefilm hebraisk Nova 5 laurdag
29 Dégradé 2015 85 tt4429074 spelefilm arabisk Nova 2 sundag
30 La dame dans l’auto avec des lunettes et un fusil
The Lady in the Car with Glasses and a Gun
2015 93 tt4159182 spelefilm fransk Nova 5 sundag
31 Schneider vs. Bax 2015 96 tt3430416 spelefilm nederlandsk Nova 3 sundag
32 Enklava
Enclave
2015 92 tt2886632 spelefilm serbisk, tysk, albansk, italiensk Nova 3 sundag
33 Say Something 2015 75 tt5136186 dokumentar svensk Nova 5 sundag

Gje innspel