«

»

Film tjuetolv

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Då var tida kome til det blogginnlegget eg kosar meg mest med. Dette er eit attendeblikk på filmane eg såg i året som gjekk. Diverre halda tendensen med lite tid til filmtitting fram, men eg seier som i fjor: Trass i utilstrekkeleg med data, lyt eg gjera det beste ut av det.

(Sjå også tidlegare innlegg: filmåret 2011, filmåret 2010 og filmtiåret 2000-2009)

I 2012 såg eg om lag like mange filmar som året før. Eg var 21 gonger på kino, men ynskjer å gå oftare no i 2013! Av dei 21 kinoturane, var ti av dei i digital 3D. Videosamlinga mi var veldig stusseleg i fjor. Det kom berre 16 nye filmar dit i løpet av året. Og film på fjernsyn? Eg såg heile ein! Resten av filmforbruket mitt gjekk føre seg på video og over nett.

Februar, april og august var dei månadane med minst filmaktivitet – eg såg film berre fire gonger per månad. I desember såg eg mest, 27 gonger, med juli på andreplass med 16 gonger. Kring halvparten av filmane eg såg i året som gjekk, var gjensyn med filmar eg har sett før.

Den eldste filmen eg såg i fjor, var Vampyr – Der Traum des Allan Grey frå 1932. Med unnatak av 1950-talet (*gisp*, ingen femtitals scififilm i fjor?!) såg eg filmar frå alle tiåra. Eit utval av filmane eg såg:

  • The Maltese Falcon
  • Exit Through the Gift Shop
  • 2001: A Space Odyssey
  • (500) Days of Summer
  • Mallrats
  • Donnie Darko
  • 10 Things I Hate About You
  • Robin Hood: Men in Tights
  • Shaun of the Dead
  • Gake no ue no Ponyo

Vonbrotta

Eg tykkjer ikkje det var mange dårlege filmar i fjor – i alle fall ingen som var så dårlege at eg heller vil stikka ut auga enn å sjå dei på nytt. Det tyder ikkje at dei ikkje fanst, men at eg berre tilfeldigvis (heldigvis) unngjekk dei. Så det var ikkje like lett å finna filmar til denne overskrifta. Ingen The Sorcerer’s Apprentice som i 2010, eller Green Lantern som i 2011, i alle fall. Men det var eit par filmar i fjor som slett ikkje levde opp til forventingane. Her kunne eg kanskje ha hatt Amazing Spider-Man, Dark Knight Rises eller The Hobbit, som alle skuffa meg, men sidan eg gjekk inn i kinosalen med låge forventingar til desse, vart eg spara for vonbrott. Verre var det med dei følgjande titlane:

Prometheus

Prometheus er ein film som eg hadde veldig lyst til å lika, og eg har framleis veldig lyst at den skal vera ein annan film enn den var. For den var veldig flott. Eg naut dei visuelle inntrykka. Eg likte ideen den prøvde å planta. Og karakteren David var fantastisk! Men det var berre alt for mykje rot i den til å kunne omtalast som ein god film. Med unnatak av David – roboten – var ingen av karakterane truverdige. Biologen som lauper sin veg av skrekk når han ser eit forsteina skjelett, men som vil kosa og klappa eit heilt klårt vondsinna slangeliknande romvesen når det står og freser rett opp i fjeset hans? Geologen som har hovudandsvaret for kartleggjinga av hula, men som klarar å rota seg vekk? Arkeologen som finn definitivt prov på at alle teoriane hans er korrekte, men sit vonbroten og sorgtung over spritflaska og sutrar? Motivasjonane og handlingane til karakterane i filmen var fullstendig meiningslause. Ja, og så var det heile greia med at dette ikkje er ein Alien-film, men likevel har så mange nestenreferansar at ein får blåballar!

Prometheus

Prometheus

Flukt

Endeleg ein god, norsk actionfilm set til i vikingtida. Ingen vikingar seier du? Vel, rollefigurane er ekte nordmenn frå ei historisk tid, i alle fall. Kva, pratar dei moderne dialektar – bokmålsnært attpåtil? Vel, det er i alle fall ein god actionfilm trass i at den ikkje er så veldig historisk korrekt. Kva, er actionscenene langt mellom, påfallande koreograferte og lite truverdige? Snøft. Okei då. Endeleg ein middelmåls norsk historisk ukorrekt usjangerfilm med lite truverdig action – vent, nei, det var jo ikkje noko å seia «endeleg» for. Faen!

Flukt

Flukt

Abraham Lincoln: Vampire Hunter

Den tullute tittelen er kanskje nok til å skru ned forventingane hjå folk – men ikkje til meg. Boka er KNALL! Og Timur Bekmambetov har regien! Og Alan Tudyk er med! Eg spratt inn i kinosalen som ein liten unge på julaftan. Fallhøgda var difor stor. Actionscenene er knalltøffe og det visuelle uttrykket me er vant med frå Bekmambetov-filmar som Night Watch eller Wanted er sjølvsagt med. Men det stoppar der. Med unnatak av Dominic Cooper som Henry Sturges, er det ingen av skodespelarane som imponerer. Handlinga (utanom actionsekvensane) er tam og keisam. YouTube-videoen 8-Bitham Lincoln: Vampire Hunter er ein betre versjon av boka enn denne filmen var…

Abraham Lincoln: Vampire Hunter

Abraham Lincoln: Vampire Hunter

Bonus: Dunderland

Eg lyt kanskje skriva litt om Dunderland også, sjølv om eg eigentleg hadde låge forventingar før eg såg den. Dunderland er den fyrste storfilmen laga her i kommunen, og freista med å laga ein klassisk skrekkfilm med utgangspunkt i hekseprosessar, skumle hendingar, lokal overtru og segn. Diverre prøvde manuset å bita over for mykje. Dette kunne vore ein knallgod film om hekseprosessane. Eller ein knallgod film om naziforbanning. Eller ein knallgod film om ein heimsøka gard. Men filmen prøvde å vera alt på ein gong, og vert i staden ingenting anna enn ein uferdig film med mange lause trådar. Ta heile sideeventyret til karakteren Paul, til dømes. Kvifor er han, den mest umotiverte karakteren, den einaste som ynskjer å finna ut av det skumle plutseleg heilt utan vidare? Kvifor finn han eit avisutklipp om at teatertroppen er sakna – eit plottpoeng som aldri vert vitja igjen og berre vert gløymt? Kvifor er han plutseleg på nazifest på hotellet i ein draumeaktig sekvens som over hovudet ikkje har noko som helst med korkje karakterutvikling eller plottet å gjera? Makes no sense! Filmmanus 101: Alt du skriv, skal ha tyding. Dette var er ein kladd med alt for mange idear, og ikkje klar til å spelast inn. Det straffa seg for filmskaparane. Filmen fekk ikkje kinodistribusjon i Noreg. Men lokal interesse gjorde at Rana Kino fekk til ei avtale med distributøren, og filmen vart sett opp for to visningar. Billettane vart rive vekk på under tre timar. Ekstravisningar vart sett opp. Dei forsvann også. Kinoen rydda plass i programmet, med visningar heile desember. Så mange ranværingar drog på kino, at Dunderland hamna blant dei topp ti mest sette filmane i Noreg i veke 49. Eg trur filmen kan få kultstatus her i Rana. Om ikkje anna enn for råkøyringa med snøscooter midt i sentrum, utafor Mo-kyrkja og blant dei verna bygga i gammalbyen på Moholmen… Eller var det bakaren som vann sjåarane?

Dunderland

Dunderland

Favorittane

Eg tykkjer ikkje år 2012 kom med topptitlar, og det var vanskeleg å koma på ti filmar som utmerkte seg. American Reunion overraska positivt, til å vera ein American Pie-film, men det står dårleg til med filminteressa mi viss ein American Pie-film er blant mine ti favorittar. Andre filmar eg såg, men som ikkje nådde heilt opp:

  • Men in Black 3
  • Dredd
  • Ted
  • Skyfall
  • The Hunger Games
  • Mission: Impossible – Ghost Protocol
  • Your Sister’s Sister

Etter å ha vridd hjernen litt, kom eg fram til dei ti filmane eg såg som eg likte best frå året som gjekk. Som alltid er det mi personlege meining ikkje min faglege kompetanse som ligg bak utkåringa.

#10: Kon-Tiki

Besøkstala for norsk film var i fjor 24 % lågare enn året før, og var eit av dei dårlegaste åra på lengje. Berre tre filmar trakk folk: Reisen til Julestjernen, Tina og Bettina og Kon-Tiki. Utan sistnemnte, som aleine stod for nærmare 41 % av det totale besøkstalet for norsk film i 2012, ville kinobesøket for dei norske filmane dette året vore det lågaste sidan 2002. Eg ville nok ikkje hatt filmen på topplista om eg hadde sett fleire filmar i år, men det er ein underhaldande film. Ingen Max Manus, men større enn Bandidas. Tett opp mot premiera, skapte filmen eit ordskifte om kor grensa gjekk for kor kreativ ein kan vera når eg skildrar historiske hendingar. Meir spesifikt var filmkarakteren Herman Watzinger fullstendig annleis enn den historiske Herman Watzinger. Dette er gjort for å skapa konfliktsituasjonar i ein elles samstemt båt. Viss folk vil ha meir historisk korrekt film om Kon-Tiki-ekspedisjonen, ja, då kan dei sjå ein ypparleg dokumentarfilm som vann oscar i 1951. Kva var det den heita? Hmm. Å, KON-TIKI, var det ja!

Kon-Tiki

Kon-Tiki

#9: Hugo

Martin Scorsese kjem med ei familievenleg forteljing om Hugo Cabret, den foreldrelause gutungen som oppdagar løyndommen til den gretne gamle leiketøysbutikkeigaren, og samanhengen mellom ein øydelagt automat (sjå innlegget Robotar! for forklaring på dette omgrepet) og den store filmregissøren Georges Méliès. Det er nok godt kjent at eg liker science fiction-filmar, og utan Georges Méliès ville me kanskje aldri fått dette. Lumière-brørne – som er kreditert som oppfinnarane av kinomatografen og dimed film som me kjenner det i dag – såg på filmmediet som ein artig kuriositet til å fanga augneblikkshendingar (folk som forlet fabrikken etter endt arbeidsdag, toget som kjem til stasjonen, båten som legg ut frå kaia), men trudde ikkje det var nokon framtid i mediet når nyheitsinteressa svinna. Méliès, derimot, meinte filmen kunne brukast til historieforteljing, å visa fram draumar. Kva hadde vel filmforteljing i dag vore utan ei ferd til månen i 1902? Filmen Hugo romantiserer filmmediet, men også det mekaniske og presise med desse tidlege filmane – som maskineriet i eit urverk… Eller ein automat.

Hugo

Hugo

#8: Thale

Vefsn har dei siste par månadene hatt så mange negative og ekstremt sutrute avisoppslag, at det er lett å gløyma at dei tok innersvingen på oss på kino. Rana-produksjonen Dunderland feila, men det gjorde ikkje Thale, som kom frå vefsningane. Thale er ein film om huldra, og kunne lett ha vorte veldig effektdrive, storslagen og uinteressant. Det er det ikkje. Dette er ein liten film med atterhaldsam handling. Den tronge, klaustrofobiske hytta som er hovudåstaden for filmen, er mest ein eigen karakter i filmen, som gjer at me kjapt får ei kjensle av uro. Eg hadde ein av veslebrørne mine med på denne, og det fyrste han sa då me kom ut frå kinosalen var «OK, eg skal aldri meir på hytta!»

Thale

Thale

#7: The Adventures of Tintin: The Secret of the Unicorn

(Eg fekk ikkje sett filmen då den gjekk på kino i 2011. Den hadde videopremiere utpå våren 2012)
Eg har ikkje noko stort forhold til Tintin. Nokre vage minne av at teikneserien rulla på fjernsynet i bakgrunnen, og at eg hadde ein Tintin-VHS med bilete av ei gigantisk flugesopp på omslaget. Difor hadde eg ingen forventingar då eg såg filmen. Eg kjente att figurane og temaa, men nostalgien gjekk meg nok over hovudet. Eg var derimot veldig skeptisk til datagrafikken. Slike motion capture-filmar (Final Fantasy, Beowulf, A Christmas Carol) har ofte synt seg å vera heller dårlege. Men eg tykte Tintin for det meste klarte å styra unna uncanny valley ved å halda attende fotorealismen til fordel for meir likskap til dei teikna figurane.

The Adventures of Tintin: The Secret of the Unicorn

The Adventures of Tintin: The Secret of the Unicorn

#6: Oslo, 31. august

(Eg fekk ikkje sett denne filmen då den gjekk på kino i 2011. Den hadde videopremiere utpå våren 2012)
På veggane i leilegheita mi har eg to plakatar i stort format (70×100 cm). Den eine er Star Wars (sjølvsagt!) og den andre er Reprise, spelefilmdebuten til Joachim Trier. Etter ein så utruleg god debut, er det vanskeleg å leva opp til forventingane med andrefilmen. Men Trier viser i Oslo, 31. august at Reprise ikkje var eit tilfeldig lukketreff. Ikkje misforstå, denne filmen er kjenslemessig langt vekk frå det me fekk sjå i den fyrste filmen hans, men du kjenner likevel att Trier i den. Oslo, 31. august er ein trist film, ikkje nødvendigvis fullt ut tristesse, men heilt klårt ein film med mykje tungsinn. Me følgjer Anders, ein eksnarkoman etter eit års tid utan rusmiddel. Han skal på jobbintervju, treffa vener, og ha ein dag ute i byen vekk frå avrusingssenteret – men han føler at livet hans har stått stille medan resten av verda har reist vekk. Alle kring honom prøver å fortelja at dette kjem til å gå fint, no som han er rusfri, men dei ender opp med å framstå som usympatiske og betrevitande, og det er ingen som verkeleg lyttar. Melankoli er ikkje det fyrste eg vel når eg vil sjå film, men denne får likevel tommelen opp.

Oslo, 31. august

Oslo, 31. august

#5: The Artist

Etter eit par år her på Mo, utan filmklubb eller cinematek, hadde eg nesten gløymt bort kor fantastisk det er å sjå ein stumfilm i svartkvit 4:3-format på stort lerret. The Artist var ei fin påminning. Filmen handlar om inntoget av ljodfilmen i Hollywood og fallet til stumfilmstjernene. Rollefigurane George Valentin og Peppy Miller ER ekte! Eg TRUR PÅ at dei eksisterte i gamle Hollywood. Denne viljuge «suspension of disbelief», som det heiter på fagspråket, er godt hjelpt av flott kinematografi, tidsriktige kostyme og ein treffande musikkbruk.

The Artist

The Artist

#4: Life of Pi

Ein varm og vakker fabel. Eg hadde ingen forventingar då eg såg filmen. Alt eg visste om den, var det eg såg på plakaten: hav, båt, tiger. Dette kunne lett ha vorte keisamt. Heldigvis har filmen ei råmeforteljing som strukturerer forteljinga og gjev meirsmak. Filmen handlar om at ein forfattar intervjuer Piscine Molitor Patel, som skal fortelja om då han som ung mann overlevde 227 dagar i ein livbåt saman med ein tiger. I staden for å ta oss direkte med til det søkkande skipet, fortel Piscine – eller Pi, som han føretrekk – fyrst om livet sitt fram til det punktet. Det heile forteljast lettsindig med glimt i auge. Filmen er varm og munter, men det er sjølvsagt havet, båten og tigeren som er kjernepunktet. Og når me fyrst kjem dit, skuffar det ikkje. Stormen som sokk skipet var utruleg. Vatn, vind, kaos. Dette var ei frygd å sjå!

Life of Pi

Life of Pi

#3: Looper

Jippi! Science fiction som ikkje undervurderer sjåarane! Tidsreiser er alltid litt rotute og kompliserte, men har presise reglar som må følgjast for å fungera. Looper er komplisert og simpel på ein gong, og sjølv om eg såg ting som skurra litt, så var filmen veldig fornøyeleg. Det var tidsreising som lokka meg til kinosalen, men det var Joseph Gordon-Levitt eg hugsa då eg gjekk ut. Mannen storspeler. Det var augeblikk der han var så lik Bruce Willis at eg nesten trudde det var han. Willis sjølv var heller ikkje ille, men dette er Gordon-Levitt sin film.

Looper

Looper

#2: The Cabin in the Woods

Ah, eg trudde ikkje denne skulle koma så høgt på lista, men di meir eg tenkte på den, di meir skjønte eg at den høyrte heime her på andreplassen. Whedon og Goddard leverer ein film som set skrekkfilmkonvensjonar under lupa og skakar på dei. I overflata er dette ein heilt tradisjonell film i slektskap med filmar som Friday the 13th eller Fritt Vilt. Du har studentinna som dansar i trusa og som har hatt ein heit romanse med professoren sin. Du har den uskuldige veninna i blomstrut kjole. Du har kjærasten til veninna, ein skulesmart og godhjarta ven. Du har kompisen hans, fotballspelaren. Og ikkje minst, for comic relief, dophovudet. Men noko skurrar under overflata. Dei fem venene reiser på hyttetur, og utan at me heilt er sikker på når det skjedde, vert rollane byta om. (Vel, for det meste. Dophovudet er framleis dophovudet.) Filmen held så fram i vant ungdomsskrekkstil, komplett med fakeout-scena, makeout-scena, nakenscena og så vidare. Kvifor er slike filmar så oppskriftsmessige? Det er dette The Cabin in the Woods tek for seg.

The Cabin in the Woods

The Cabin in the Woods

#1: The Avengers

Ein popkornfilm på topp? Simon sells out… Men dette var altså filmen eg kosa meg mest med i året som gjekk. For ein artig film! I overflata rein underhaldning. Rein underhaldning også under overflata. Men det er meisterleg utført underhaldning med eit perfekt manus og knall rolleprestasjonar – til og med frå Hulken som i tidlegare filmar ikkje imponerte veldig. Men kven vann eigentleg? Dette drøfta eg i innlegget Skriveklåen om Marvel og Avengers, viss du vil lesa. Viktig film? Neppe. Djup film? Ikkje veldig. God film? Ja!

The Avengers

The Avengers

Gje innspel