Film- og serieåret 2020

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Vi kan vel alle skrive under på at 2020 vart eit unormalt år – også filmmessig. Eg trur ikkje eg har vore så få kinoturar på eit år sidan eg gjekk i barneskulen! Men eg rakk likevel å sjå eit og anna i løpet av året. La oss ta ein titt!

Statistikk

Film:

I 2020 såg eg 153 filmar. Dette er meir enn vanlegvis, men framleis eit stykke under filmåret 2017. Flest filmar såg eg som vanleg i mars. Då såg eg 44 filmar. 34 av desse var på filmfestivalen veka før nedstenginga av landet. På grunn av pandemien vart det som nemnt få kinoturar. Faktisk berre 4 kinoturar!

I snitt såg eg 13 filmar per månad.

Serie:

Eg har ikkje loggført serietitting like lenge som filmane, men eg vil gisse at dette året var unormalt. Eg såg heile 1091 episodar fordelt på 36 seriar. I oktober hadde eg det kjempetravelt. Då såg eg 184 episodar.

I snitt såg eg 91 serieepisodar per månad.

Video:

Videosamlinga vaks også i 2020. I løpet av året fann 72 nye titlar vegen til videohyllene mine, som no held på 1396 titlar. Faktisk måtte eg kjøpe ein ny reol for å få plass!

DVD-mediet held framleis koken. Eg kjøpte 19 titlar av den gode, gamle DVD-varianten, medan Bluray-samlinga auka med 49.

I 2020 oppgraderte eg også til ein ny videospelar og nytt fjernsyn. Årsaka* til oppgraderinga var samleboksen Star Wars: The Skywalker Saga i 4K Ultra HD, og denne kosta meg 3078.48 kroner — ikkje medrekna prisen for videospelaren og fjernsynet.

Eg tykkjer 4K-titlane framleis er ganske stive i pris (med nyheiter prisa til 299 kroner), men eg har så langt skaffa meg 11 titlar i dette formatet.

*) OK, ikkje berre difor. Fjernsynet var frå 2008 og videospelaren frå 2009, og begge var ganske velbrukt.


Serieåret

I 2020 hadde eg eit gjensyn med Community, Star Wars: Rebels, Brødrene Dal og spektralsteinene, og Mythbusters.

Eg såg også nokre sesongar av Agents of S.H.I.E.L.D., Daredevil, MacGyver (originalserien) og Brooklyn Nine-Nine.

Eg såg den nye og siste sesongen av Star Wars: The Clone Wars, kosa meg med Zoey’s Extraordinary Playlist og slukte bakeshowet Sugar Rush Christmas rått.

Seriefavorittane i 2020 var:

  1. Maskorama
  2. Prop Culture
  3. Encore!
  4. The Queen’s Gambit
  5. The Mandalorian

Filmåret

Eg besøkte sjølvsagt fleire kjente og kjære filmar gjennom året. Eg såg bl.a. Die Hard-filmane (alle fem – ugh), Inception, Super Mario Bros og Final Destination på nytt. I haust var eg på Jack Ryan-køyret, og som forlenging av det såg eg også Air Force One og The Fugitive.

Det vart sjølvsagt ein del Disney-filmar etter at strøymetenesta Disney Plus kom til Noreg. National Treasure, Aladdin, Honey I Shrunk the Kids-filmane, The Parent Trap, That Darn Cat, Freaky Friday mfl.

A propos Disney Plus, så jobba eg meg gjennom heile katalogen av dei klassiske Disney-kortfilmane frå 1920-1960. Vel, heile den tilgjengelege katalogen i alle fall. For det som ligg ute er mangelfullt, så det er ikkje så mange som ein skulle tru. Berre kring 70-80 kortfilmar er publisert, av over 500. Langt i frå heile arkivet, med andre ord. Men eg såg dei alle!

Av eldre filmar eg såg for fyrste gong i 2020, er det verdt å nemne:

  • Hotel Transylvania-filmane
  • Bumblebee (ein god Transformers-film, faktisk!)
  • Ready or Not
  • The Adventures of Priscilla Queen of the Desert
  • Paddington 2

Nokre av favorittane frå året som gjekk, men som ikkje kom heilt på topp i favorittlista mi:

  • Extro
  • The Peanut Butter Falcon
  • Dead Dicks
  • Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga
  • Mank

Favorittfilmane mine frå året som gjekk følgjer her:

#10: The Gangster, The Cop, The Devil

Herleg sør-koreansk gangster-action. Ein beintøff etterforskar og ein steinhard gangsterboss slår seg på lag for å finne ein seriemordar. Og det er akkurat like underhaldande som det høyrest ut som!

Akinjeon

#9: Fuglane

Svart-kvit lågbudsjettsfilmatisering av Tarjei Vesaas-romanen med same namn. Romanspråket er teke vare på, og den veldig poetiske dialogen gir filmen eit teatralsk preg. Men sidan handlinga (for det meste) er sett frå perspektivet til den psykisk utviklingshemma Mattis, gir det meining at verda og menneska i ho er litt annleis. Filmen er spelt inn i nydelege naturomgjevnader som får deg til å tenkje på Kittelsen. For trass i at det ikkje er noko overnaturleg i filmen, så tar dei nesten trolske naturkulissane ei eiga rolle. Og som ein ekstra bonus: Rulleteksten var på nynorsk!

Fuglane

#8: Birds of Prey

Ja, eg er like overraska som dykk over at ein DCEU-/Snyderverse-film er på favorittlista mi. Men her er vi altså. Ein ny-singel og bakfull Harley Quinn er ute etter frukost – verdas deiligaste eggesandwich – då ho uforvarande blir blanda inn i eit krimplott. Langt frå ein perfekt film, men han gjer opp for sin dårlege handsaming av denne spennande rollefiguren i Suicide Squad.

Birds of Prey: And the Fantabulous Emancipation of One Harley Quinn

#7: The Invisible Man

Endå ei overraskande topplassering. Dark Universe-filmserien har ikkje akkurat imponert så langt. Eg veit ikkje kor mykje som vart omskriven etter fiaskoen med The Mummy, men dette framstår som ein frittståande film – nett slik dei originale filmane var. Og ein mykje betre film på grunn av det. Ta lærdom av historia dykkar, Universal! Filmen er ein spennande psykologisk thriller som tematiserer narsisisme, usunne forhold og mentalt og fysisk misbruk i nære relasjonar. Filmen bringer ikkje så mykje nytt på bordet, men Elisabeth Moss gjer ei formidabel rolle som Cecilia, som er overtydd om at ho blir heimsøkt av den ekstremt kontrollerande og valdelege ekskjærasten sin.

The Invisible Man

#6: Jallikattu

Herleg kaotisk film. Då ein okse slit seg laus og rømmer, blir heile landsbyen set på hovudet. Menneska og jakta etter rømlingen blir til noko abstrakt, som virrande eldfluger i skogen eller som panikkslagne gnuar på flukt. Lydsporet er rytmisk, pulserande, trommande, trampande. Dette er ein film kor handlinga kjem i andre rekke. Her er det lyden og bileta som rår. Set deg godt til rette og nyt galenskapen!

Jallikattu

#5: 13 måneder

Sterk og tidvis brutal film basert på opplevingane til fotojournalist Daniel Rye, som vart kidnappa og torturert av terrorgruppa IS i Syria i 2013.

Ser du månen, Daniel?

#4: Tenet

God orkestrert action og eit spennande science fiction-konsept. Filmen er litt tregstarta, og du får aldri heilt taket i rollefigurane (hovudpersonen får ikkje ein gong eit namn!), og dimed heller ikkje den personlege konflikten. Men konseptet er grisekult og siste halvdel er underhaldande som fy. Og musikken til Ludwig Göransson fortener ståande applaus! Etter å ha sett filmen drog eg rett heim og blåste støv av kopien min av videospelet Braid.

Tenet

#3: Vær her

Norsk dokumentar om demens. Vi følgjer tre personar med demens, og ser fortviling, sinne og forvirring, men også augeblikk av glede og klårheit. Vi treff også pårørande, men perspektivet flyttar seg aldri vekk frå dei tre. Nært og varmt og trist.

Vær her

#2: The Farewell

Fin og humørfylt komidrama basert på ei sann historie. Ei gammal bestemor får kreft, men familien vel å halde sjukdommen hemmeleg for ho. Dei bestemmer seg for å halde eit fiktivt bryllup for å samle familien ein siste gong for å ta farvel med den uvitande gamle matriarken. Varmt og komisk om familie, kulturforskjellar og sorg. At ikkje Awkwafina fekk oscarnominasjon er meg heilt uforståeleg. Pass på å få med deg rulleteksten 😉

The Farewell

#1: Parasitt

Eit elegant manus, nydeleg fotografi og ei historie som tar oss med på ei klassereise utan like. Bong Joon-Ho fleksar musklar som ein filmskapar med eit trygt grep om filmmediet, og fortel oss ein filmfabel som freister å lære oss om klasseskiljet i Sør-Korea samstundes som han overraskar og fryder.

Gisaengchung

Permanent link to this article: https://boba.no/2021/01/film-og-seriearet-2020/