«

»

Handleliste for ein Stormtrooper

Stormtrooper-drakta mi er har vore ein lang prosess, men no er den snart klar. Undervegs i prosjektet har eg notert ned ei innkjøps- og utstyrsliste. Den vart lengre enn eg hadde forventa!

Eg tenkte eg skulle dela lista med dokker. Eg har forsøkt å få med originale mål og materiale i notatkolonna viss eg veit dette. Når det gjeld kolonna Kjøpsstad, har eg markert netthandel med lenkje, og privatpersonar i kursiv.

Draktdelar

Det fyrste ein Stormtrooper-drakt treng, er kvit plastikk. Eg gjekk som tidlegare nemnt for stuntdrakta i filmen A New Hope. Gleda var stor då eska med kvit plastikk dukka opp, men kvit plastikk aleine gjer ingen drakt. Her følgjer alle obligatoriske delane til drakta:

Produkt Mål Del Kjøpsstad Notat
Kvit ABS-plast: TM ANH Stunt 1,5 mm tjukk armar, bein, hjelm, kropp TM Utrimma, umontert
Kvit ABS-plast: Droppboksar Våpenbeltet Trooperbay
Kvit ABS-plast: Ekstra remser min. 5×40 cm Trooperbay Du bør ha ekstra i byggeprosessen.
Kvit ABS-plast: kontrollpanel og endestykke Granat/»Thermal Detonator» TM
Flat metallstang (2) 28 × 200 mm Granat/»Thermal Detonator» TM
Grått plastrør Granat/»Thermal Detonator» TM
Perlator/»Hovi Mix PA2″ (2) Hjelm TM
Grønt acetatark 6,5×40 cm Hjelm, auga TM Til linsene. Originalt: green acetate sheet, 6,5×40 cm
Mørkegrønt sveisemaskeplast 6,5×40 cm Hjelm, auga Trooperbay Ekstra linser, litt tjukkare og mørkare, til utandørsbruk. Ikkje påkravd.
Svart gummilist, U-form Hjelm, panne TM
Svart gummilist, S-form Hjelm, nakke TM
Svart netting Hjelm, munn Trooperbay Til maskering av fjes, ikkje påkravd.
Gul skumgummi ca 45×25×2 cm, klippa til kløverform Hjelm, topp TM Til innlegg i hjelm, den originale kløverforma fungerer særs bra.
Skumgummi Biltema Ved behov, til eventuelle innlegg i armar og bein.
Svarte gummihansker L Hansker Sonnenschein
Kvitmalte handstykker i lateks Hansker Sonnenschein Limast på gummihanskene
Svart underdrakt, kompressjon Trøye og bukse Eastbay og eBay Slett tekstur, utan synlege logoar, sømmar eller andre detaljar.
Kvite støvlettar, TKBoots Sko TKBoots Originalt: Svarte Chelsea-boots produsert av Stuarts, lakkert kvit
Krage/smekke Vakuumforsegling, nakke Trooperbay
Våpenhylse Våpenbeltet Trooperbay

Festemiddel

Når du har skaffa det overnemnte, så kan du byrja å tenkja på korleis du skal setja alt saman. Her skal det band, skruvar, mutter og mykje, mykje lim til.

Produkt Mål Del Kjøpsstad Notat
Lim: E6000 min. 100 ml eBay Brukast mykje.
Originalt: Stelmax 1985.
Superlim/CA: Loctite Power Flex 3-6 g Clas Ohlson Brukast svært sparsommeleg. 1 liten tube er nok.
Sugru 2-3 pk Hjelm Clas Ohlson Ikkje påkravd. Til forsterking av innsida av hjelmen på veike punkt (Hovi Mix-holene). Farge avhenger av kva farge du skal ha innvendig.
Svart elastisk band 25 mm Innside av torso, til knappar og splittnaglar Garn og Tekstil Originalt: black elastics 25 mm 14 cord
Svart elastisk band 25 mm Skulder, stropp over biceps Garn og Tekstil Originalt: black elastics 25 mm 14 cord
Hjelmstropp Stropp: 12,7 mm, trykknapp (to par): 12,5 mm Hjelm, stropp Trooperbay Originalt, stropp: black elastics 25 mm 14 cord.
Originalt, trykknapp: Newey size 5 tops size 4 studs. One female, two male.
Svart elastisk band 50 mm Armstropp, underarm til overarm Garn og Tekstil Originalt: black elastics 50 mm 38 cord
Lårband-system m. svart borrelås og trykknappar Lårband og livbeltet Pencap510 Originalt, lårband: black elastics 75 mm 46 cord.
Originalt, livbelte: black canvas 50 mm.
Kvit kanvas med kvit borrelås 75 mm, L: 130 cm Våpenbeltet Trooperbay
Kvit elastisk band 5 mm Skulderbru Garn og Tekstil Brukast til å halda den fritthengjande skulderbrua på plass på rygg.
Kvit elastisk band 25 mm Droppboks til våpenbeltet Garn og Tekstil Originalt: white elastics 25 mm 14 cord
Kvit elastisk band (6) 25 mm, L: 10 cm Legg Garn og Tekstil Originalt: white elastics 25 mm 14 cord, 100 mm length, 25 mm fold
Kvit elastisk band 50 mm Bryst til rygg Trooperbay Originalt: white elastics 45-47 mm, squared pattern
Kvit sytråd Rema 1000
Svart sytråd Rema 1000
Brakett-system Innside av torso Mr. No Stripes Brakett-system av pianowire, svart elastisk band, skruvar og mutter. Mange bruker trykknappar i staden for brakettar.
Originalt, pianowire: 1.25 mm, 38mm spacing between the holes.
Originalt, band: black elastics 25 mm 14 cord.
Originalt, skruvar og mutter (36): Flat head machine screws 5 mm, 7 mm length, nut 5.13 mm.
Kroker (6) 12 mm Legg Garn og Tekstil Originalt: Newey size 4
Flate skruvar + mutter + skiver (6) D: 6 mm, L: 78 mm Øyre til hjelm TM
Nagler + skiver (4) Hjelmtopp til hjelmfront TM Fulgte med hjelmen
Nagler + skiver (5) Våpenbeltet Jula
Hette-nagler (2), nikkel 7 mm Ammoboksar på lår Echo Originalt: cap rivet head 7.36 mm, 8.36 mm back
Chicago-skruar (3+2) 4,7 mm Ammobeltet eBay
Splittnagler (7), messing 8 mm Torso, høgre side (6), skritt (1) Echo Originalt: brass split rivet, head 8 mm, shank 3.9 mm, length 9.2 mm
Svartmåla skruvar med flatt spor, mutter, skiver (4) 6mm hovud Granat Jula Originalt: black slotted pan head screws
Trykknapp (min. 8 par) 12,5-13 mm Ammobeltet, skulder, torso eBay Viss du ikkje bruker brakettsystemet, treng du minimum 26 par trykknappar.
Originalt: Newey size 5 tops, size 4 studs
Trykknapp (2 par) sy 20 mm Skulderstropp Trooperbay Originalt: Newey size 10, 18 mm

Maling og maleverktøy

Hjelmen er jo som kjent kvit, men den har også detaljar i blå, grå og svart. Det er litt usemje om nøyaktig kva slags farge som vart brukt i filmane. Mange meiner at ein bør leggja seg så nært opp mot dei verkelege draktane som mogleg, andre meiner at det er fargen slik som dei framstod i filmen som er målet. Filmar blir jo som kjent fargekorrigert. Sjå t.d. på offiserdraktene. Dei ser jo ganske grå ut i filmane, ikkje sant? Men på ekte var dei faktisk olivenbrune, dei berre framstod som grå i filmen.

Tilbake til hjelmen. Den kvite fargen var faktisk påmalt. Innsida av hjelmen såg gulgrøn ut. Sidan vi i dag bruker andre materiale til å laga draktar, vil innsida ofte vera kvit. Skal du gå skikkeleg old-school, kan du velja å farga innsida i den klassiske grønfargen. Meir praktisk er det å farga innsida svart, då dette hjelper til med å skjula fjeset og dimed forsterkar illusjonen.

Tidlegare har det vore brukt ein djup og mørk blåfarge. Ny konsensus er at den er ein ljos, nesten turkis blåfarge. Eg tykkjer den ljosblå fargen ser feil ut, og har vald å gå for ein meir «screen accurate» blåfarge, altså slik fargen framstår på lerretet. Originalt brukte dei Humbrol-maling. Denne er framleis i produksjon, men er diverre ikkje lenger i sal i Noreg på grunn av strengare regulering kring innhaldet i malinga.

Produkt Mål Del Kjøpsstad Notat
White Gloss Synlege naglar og skruvar Hobbyhuset
Humbrol Black Gloss #21 Hjelm Trooperbay Alternativt: Testors # 1747 Gloss Black
Humbrol Dark Admiral Gray #5 Hjelm, knappar Trooperbay Alternativt: Testors # 1138 Gray
Humbrol French Blue #14 (screen accurate) Hjelm, knappar Trooperbay Dersom du vil ha ein idealisert farge, slik den framstår på lerretet.
Alternativt: Testors # 2715 French Blue
Humbrol Midnight Blue #15 (klassisk) Hjelm, knappar Dersom du vil ha fargen slik ein tidlegare trudde var brukt på drakta.
Alternativt: Testors # 1511 Blue Angel Blue
Humbrol Mediterranean Blue #48 (ny konsensus) Hjelm, knappar Dersom du vil ha fargen slik ein no trur var brukt på drakta.
Alternativt: Testors No. 2730 Chrysler Engine Blue
Svart matt spray Innside av hjelm Coop Extra Bygg Ikkje påkravd.
Alternativt: Svart Plasti-dip.
Malingsfortynnar Hobbyhuset
Telys Aluminiumsbehaldaren til telys er perfekt til ein skvett malingsfortynnar for reingjering av penslane. Alternativt: Dei små plastkoppane du får på hamburger-sjapper for å ha ketchup i. Obs: Ikkje bruk papp eller papir!
Malepensel 10 mm «flat shader» Hobbyhuset
Malepensel 6 mm «angle shader» Hobbyhuset
Malepensel 3 mm «round» Hobbyhuset Denne var eigentleg litt for stor, tilrår ein mindre.
ANH Stunt stensilar Hjelm Trooperbay Dersom du ikkje vågar frihand.
Bomullspinnar Til reingjering og korrigering, samt til rørepinne i malinga (klipp vekk bomullshovudet)
Tannpirker Til reingjering og korrigering
Kvit lateksmaling Ikkje påkravd. Eg droppa dette i mitt prosjekt. Brukast på fastlimte stropper for å simulera utsjånaden til originallimet.

Verktøy og ymse utstyr

Det er sjølvsagt ikkje mogleg å få gjort noko særleg utan godt verktøy. Kniv og sandpapir er mykje brukt i dette prosjektet, men det er mykje anna utstyr som også må til. Ikkje undervurder maskeringstape, og skaff deg _mange_ magnetar!

Produkt Mål Del Kjøpsstad Notat
Limklemmer (min. 4) Clas Ohlson/Jula Eg kjøpte 8
Neodym-magnetar D: 20 mm, B: 3 mm, styrke N35 eBay Di fleire di betre. Eg kjøpte 50.
Strips (10+) Magnet-posar Brukast til magnetposane. Ein til kvar pose.
Gamle t-skjorter (2) Magnet-posar I forskjellig farge, for å skilja mellom nordpol og sørpol.
Sandpapir 80 Clas Ohlson
Sandpapir 120 Clas Ohlson
Sandpapir 400 Clas Ohlson Di finare di betre. Gjerne 600.
Plastsaks eBay Lexan eller liknande, med bøygde sakseblad
Tøysaks
Filsett Jula Til å fila tennene i hjelmen
Hobbykniv Hobbyhuset
Eingangshansker Coop Extra Til arbeid med lim og maling
Vernehansker Clas Ohlson Til arbeid med kniv
Maskeringstape Clas Ohlson Brukast mykje! Eg brukte opp to rullar.
Synåler Rema 1000
Symaskin Brukast til å sy foldar på ymse band. Symaskinen eg brukte, var ein Singer Golden Panoramic 670G frå ca. 1967. Dette er ikkje vesentleg — berre trivia.
Metallbor 3 mm Jula
Metallbor 4 mm Jula
Bormaskin
Metall-linjal min. 30 cm XL-Bygg
Måleband Garn og Tekstil
Snekkerblyant XL-Bygg
Blyantpenn
Pinsett
Trepinner, spatel Sånne som er inni ispinner. Brukast under liming.
Lighter
Tørkepapir
Avispapir, papp eller liknande Underlag på arbeidsbordet
Holtang Biltema
Hammer
Nagletang Biltema
Trykknappverktøy
Liten meisel Til splittnaglene og hettenaglene.
Flatskrujern
Radiotang
Støvmaske XL-Bygg Til arbeid med sandpapir for å unngå innanding av plaststøv.
Novus 1-3 poleringsmiddel eBay Til polering og vedlikehald
Novus poleringsklut eBay Til polering og vedlikehald
Isopropanol Biltema Til rens før liming og maling
Aceton Til å laga ABS-pasta for reparasjonar
Kvit duct-tape Clas Ohlson Til eventuelle naudreparasjonar
Svart duct-tape Clas Ohlson Til eventuelle naudreparasjonar

Elektronikk

Litt elektronikk er prikken over i-en i ein trooperdrakt. Ingenting av dette er påkravd, men er veldig digg!

Produkt Mål Del Kjøpsstad Notat
Ljodsystem: IComm m. Aker-høgtalar og trådlaus mikrofon TK Products LCC Ljodsystem som simulerer Stormtrooper-røysta med statiske klikkeljodar og forstyrrringar.
Viftesystem Hjelm Echo Viftesystem med to vifter, skjulte batteri og leidninger, og av/på-knapp på kvar vifte.
Batteri 9V Ljodsystem Coop Extra
Batteri (10) AA Ljodsystem og viftesystem Coop Extra

Gje innspel