Film- og serieåret 2023

Nytt år, nye filmar og seriar. Dokker veit greia. Her kjem ei oppsummering av året og ei liste over favorittane mine.



Filmåret

Eg må diverre innrømme at eg var dårleg på å utforske gamle filmskattar. Den eldste filmen eg såg var To Catch a Thief frå 1955, men det var eit attsyn. Den eldste filmen som eg såg for fyrste gong var The Christmas Star frå 1984.

Eg hadde ein liten runde med dei tre fyrste Rosa Panteren-filmane på starten av året, men mista raskt interessa. Så hadde eg eit attsyn med Indiana Jones– og Mission: Impossible-filmane som førebuing til kinofilmsommaren.

Men utover dette var det meste eg såg relativt nytt.

Ein film som eg stifta kjennskap til i 2023 var den flotte skrekkfilmen X (2022) med Mia Goth. Eg kan allereie røpe at oppfølgjaren fann vegen til favorittlista mi for i år.

Ein annan film eg såg for fyrste gong i året som gjekk, var RRR (2022). Han er tilgjengeleg for norske sjåarar på Netflix, men av ein eller annan grunn må du byte menyspråk til engelsk i profilen din for å finne han. Det oppdaga eg ikkje før kalenderen bikka 2023. Han hadde nok fått plass på fjorårets liste viss eg hadde sett han i «rett» år. Utruleg underhaldande og fantastisk film!

Året vart som vanleg avslutta med julefilmar. Nokre var gjensyn, som Anna and the Apocalypse (2017), andre såg eg for fyrste og truleg einaste gong, som Richie Rich’s Christmas Wish (1998).

Favorittfilmane mine frå 2023 følgjer her. Og som alltid er dette filmar som eg såg i 2023 og som hadde norsk premiere i 2023. Så diverre ingen RRR.

#10: Renfield

Vampyren Dracula (Nicolas Cage) gliser breidt bak ryggen til ein brydd Renfield (Nicholas Hoult).
Renfield

Jaggu klarte ikkje Nicolas Cage å klatre opp på lista mi i år òg. Og det med ein skikkeleg gøy film! Cage storkoser seg, og det skin gjennom.

Vampyrfilm­­entusiastar vil finne mykje snadder i prydnad, kostyme og lydsporet. Og det gjeld ikkje berre attskapinga av scena frå Dracula (1931). Ja, og så er filmen proppfull av overdriven hypervald for dei som liker sånt.

Det som trekk litt ned er eit keisamt mafia-b-plott.

Trailer: youtu.be/ICydLkeXq3w

#9: Love Life

Den unge kvinna Taeko (Kimura Fumino) og svigermor Myoe (Kanno Misuzu) drikk kaffi i ei lita, lys leilegheit. Det står fire kaffikoppar og eit glas med saft på bordet. Svigerfar Makoto (Taguchi Tomorowo) sit med ryggen vendt mot dei. Mannen Jirô (Nagayama Kento) står anspent ved bordet. Det heng papirvifter og annan bursdagspynt i taket.
Love Life

Ein vaksen, trist og vakker film om liv, død, kjærleik og familie.

Det er vanskeleg å snakke om filmen utan å røpe for mykje. Men vit at filmen har ein stillferdig regi og eit godt skodespel som lar deg reflektere over filmen både under og etter visninga.

Og kinematografien er heilt nydeleg.

Trailer: youtu.be/v3XQ2rKXVf0

#8: The Five Devils

Joanne (Adèle Exarchopoulos) og Jimmy (Moustapha Mbengue) vinkar farvel. Han med eit breidt smil, ho med ei alvorleg mine.
Les cinq diables
(The Five Devils)

Spennande magisk realisme om ei jente som har ein… tja… spesiell luktesans. Ikkje heng deg så mykje opp i akkurat dét. Berre aksepter premisset, så oppdagar du at dette er ei engasjerande historie om biseksualitet og rasisme.

Ikkje alle har like god kjemi, men den alltid strålande Adèle Exarchopoulos er knallbra som mora av ungen med… eh… nasen. (Okei, så kjøpte eg ikkje denne macguffinen, men resten av filmen er god!)

Trailer: youtu.be/kCfNj9v-qt0

#7: Lullaby

Begoña (Susi Sánchez) og Amaia (Laia Costa) et sorbet ved sjøkanten.
Cinco lobitos
(Lullaby)

Ein nydeleg film om familieforhold og å ha barn. Flotte rolleprestasjonar over heile lina, med vakkert fotografi og eit treffsikkert manus. Varm anbefaling frå meg.

Det var fyrst under rulleteksten, då eg såg namnet til hovudrolleinnehavar Laia Costa der, at eg skjønte kven ho var. Ho spelte nemleg hovudrolla i En natt i Berlintopplista for 2015.

Trailer: youtu.be/h13LZ-4OLRY

#6: Soft & Quiet

Emily (Stefanie Estes), ei blond kvinne med kvit bluse og lys frakk, ruslar nedover ein veg med ein pai. Ho har eit strengt blikk.
Soft & Quiet

A propos En natt i Berlin, her har vi eit anna døme på god bruk av langtagningsformatet!

Filmen startar nokså normalt, men det tar ikkje lang tid før mangelen på klipp og den lange steadycam-tagninga startar å gje ei engsteleg kjensle. Og spenninga held fram med å byggje seg opp. Og opp. Og opp! Dette er nemleg ein intens film som ikkje gir slepp før rulleteksten er over!

Filmen blir marknadsført som skrekk, men her finn du ingen blodtørstige demonar, galne mordarar eller skumle skrømt. Nei, her er skurkane heilt vanlege, kvite husmødre, som vi følgjer ubønnhøyrleg i 90 uavbrotne minutt.

Og det er skremmande!

Trailer: youtu.be/9caXYrlADa0

#5: Ola – en helt vanlig uvanlig fyr

Ola smiler varmt til kameraet når han viser fram det vesle rommet sitt i Vidaråsen bufellesskap. Bak han heng ei korktavle med mange teikningar og fotografiar. Ola er kledd i ei rutete skjorte, dongeribukse og raude bukseseler.
Ola – en helt vanlig uvanlig fyr

Ein skikkeleg gladfilm som løftar humøret ditt.

Dokumentaren handlar om Ola, ein mann med ei utviklingshemming. Han bur på bu- og arbeidsfellesskapet Vidaråsen.

Filmen har fleire komiske augeblikk på grunn av at Ola ikkje er heilt som oss «vanlege», men filmskapar Ragnhild Nøst Bergem gjer aldri narr av han eller dei andre buarane.

Snarare tvert om, Bergem prøver å vise at Ola er ein velartikulert, reflektert og vis mann som ofte tenkjer på det at han er annleis.

Trailer: youtu.be/mjaZP5cpuYw

#4: Ellos eatnu – La elva leve

Ester (Ella Marie Hætta Isaksen) sit ved ein lavvo ved Stortinget. Ho er kledd i samisk kofte og sjal. Rundt halsen heng ein plakat som det står "Sultestreiker på 5. døgnet" på.
Ellos eatnu – La elva leve

Ein høgst aktuell film – diverre – om samisk kultur, identitet, urfolksrettar og rasisme. Ella Marie Hætta Isaksen debutterer som spelefilm-skodespelar, og det er ingen dårleg debutt.

Filmen handlar om Alta-saka på 70- og 80-talet. Ho har sterke parallellar til Fosen-saka som utspeler seg i desse dagar, og det er ikkje mogleg å sjå filmen utan å trekkje linene mellom sakene.

Det er lov å føle seg oppgitt, sint og lei seg etter å ha sett denne filmen.

Trailer: youtu.be/UNjMCiamt6w

Heiderleg omtale

Før eg røper topp tre vil eg gje heider og ære til ei handfull filmar som ikke nådde heilt opp til topp, men som eg likte godt:

#3: Spider-Man: Across the Spider-Verse

Tre utgåver av Spider-Man frå ulike generasjonar og medium peikar på kvarandre. Den same scena er òg synleg overalt i bakgrunnen så langt auget kan sjå. Referanse til og humoristisk attskaping av «Spider-Man Pointing at Spider-Man»-memet (frå Spider-Man-teikneserien frå 60-talet).
Spider-Man: Across the Spider-Verse

Eg digga kvart minutt!

Førre film er min desidert favoritt-film om Spider-man. Fallhøgda var difor stor. Heldigvis vart eg ikkje skuffa. (Men den fyrste framleis er favoritten.)

Dei ulike animasjonsstilane og teknikkane var saumlaust sett saman, og musikken var treffsikker. Ei imponerande kinooppleving.

Eg likte spesielt godt måten filmskaparane bruke multivers-konseptet til å gje oss ein metakommentar om måten teikneseriane gjentek seg sjølv over tid.

Trailer: youtu.be/cqGjhVJWtEg

#2: Pearl

Pearl (Mia Goth) hysjar lurt.
Pearl

Oppfølgjar til X (2022), og for ein oppfølgjar!

Vi vitjar den same garden som i den fyrste filmen, men har hoppa bak i tid frå slutten av 1970-talet til rundt 1920. Og i staden for ein brun, nedsliten og skitten Motorsagmassakren-aktig stad får vi sjå farmen i glitrande Technicolor-prakt à la Trollmannen fra Oz. Flott, fargerik, fantastisk! Eg gliste som ein idiot gjennom heile filmen.

Mia Goth er ein skikkeleg tour de force! Eg vil ikkje røpe for mykje, men den scena – du veit, den, ja – var heilt utruleg.

Filmen fungerer greitt for seg sjølv. Saman med fyrstefilmen får du fyrverkeri! Eg elska kvart eit augeblikk!

Trailer: youtu.be/L5PW5r3pEOg

#1: Barbie

Allan (Michael Cera) ventar på sin ven Ken på Barbie-stranda.
Barbie

For ein herleg film!

Filmen er nøyaktig så teit, så gøy og så rosa som du trur. Med fantastiske rolleinnehavarar – frå Barbie-perfeksjon av Margot Robbie og urkomisk Ken-ergi av Ryan Gosling, til varmen åt America Ferrera og dei tørrvittige kommentarane til Helen Mirren – var dette ei sann glede å sjå.

Nyskapande film? På inga måte. Djup film? Ikkje veldig. Morosam film? Så definitivt! Og sjølv om bodskapen er i overkant forenkla, så fungerer det som fy her.

Greta Gerwig og Noah Baumbach bruker STORE, blinkande, knallrosa bokstavar og slår deg gjentekne gonger i fjeset med bodskapen, men får det likevel til å fungere. Det i seg sjølv er ein meisterleg prestasjon. Blir det oscar? Eg har mine tvil. Men det kan nok vanke ein nominasjon eller fire.

Eg såg filmen på premiera. Det var ein stappfull sal – noko som er uhyre sjeldan – og mest alle var kledd i rosa. Det er mange år sidan eg har kosa meg så mykje på kino.

Trailer: youtu.be/pBk4NYhWNMM

Serieåret

I 2023 såg eg ein eller fleire episodar av 25 seriar. Noko av dette var attsyn med seriar eg har sett før, som Riget, Clone Wars, Rebels og Community. Eg skunda meg òg å sjå Willow før Disney Plus sletta serien (og folk spør kvifor eg meiner fysisk format er best!).

Eg var ganske lunken til den nye sesongen av Only Murders in the Building. Dei skulle ha stoppa etter fyrste sesong, tykkjer eg.

Litt av det same tenkte eg om Loki. Eg kosa meg med scenene der O.B. var med, men klarte aldri heilt å engasjere meg i forteljinga. Slutten var stilig – på papiret.

Inn mot hausten kom Ahsoka. Eg kosa meg med serien og likte han når han var på sitt raraste. Natasha Liu Bordizzo fann røysta til Sabine heilt perfekt, og Mary Elizabeth Winstead hadde det lure glimtet til Hera Syndulla vi kjenner så godt frå Rebels. Og det var gøy å sjå Lars Mikkelsen tre inn i rolla som Thrawn igjen. Dette kunne blitt ein knallgod spelefilm. Diverre merkast det at Filoni ikkje er vant med å fortelje historiar i dette mediet, så serien landa ikkje heilt for meg.

Men uansett er eg glad for at vi fekk fekk figurane Shin Hati (Ivanna Sakhno) og Baylan Skoll (Ray Stevenson). Dei er oppkalla etter dei norrøne ulvane som jagar Sol og Måne, så det er nok ikkje tilfeldig at rollefigurane oppfører seg som ulvar. Skoll er den eldre, vise leiaren med rak rygg, høgt hovud og eit strengt blikk som vitrar om eit levd liv og ei styrke du ikkje vil leggje deg ut mot. Hati er den unge, uvorne lærlingen som alltid jaktar med høge skuldre og eit svoltent blikk.

Stevenson var på Star Wars Celebration i London i påskeferien, og han såg genuint stolt ut av serien. Det er trist at han aldri fekk oppleve kor godt likt figuren hans kom til å bli blant fansen, men han fekk i alle fall oppleve energien og spenninga på messa.

Miniserien Bodies på Netflix fascinerte. Han hadde eit spennande scifi-premiss og var proppfull av «kor har eg h*n frå?»-augeblikk. Eg er framleis litt i stuss over at ikkje dei norske avisene pumpa ut saker om at «norskætta Synnøve Karlsen» spelte i han.

Secret Invasion var skuffande dårleg, men Star Wars: Visions var fin og Schmigadoon var gøy. Dette var favorittseriane gjennom året:

#3: Chimp Empire

Chimp Empire er ein fenomenal naturserie på Netflix. Dette er Game of Thrones, men på ekte, og med sjimpansar. Eg er til vanleg ikkje så interessert i naturdokumentarar, men denne var uhyre spennande. Og det er aldri feil med Mahershala Ali som forteljar!

Trailer: youtu.be/NjgL7Pumb4Q

#2: How To With John Wilson

How To With John Wilson er ein snodig, underfundig, artig og veldig newyorkisk slice-of-life-dokuserie med tre sesongar på HBO Max. Eg kom seint til festen, men oppdaga han utpå hausten. Eg skulle berre sjå éin episode for å ha noko å gjere i ein halvtimes tid, men plutseleg var klokka midt på natta og eg hadde sett alt – så god var han.

Trailer sesong 3: youtu.be/1XDwwlahdkM

#1: Makta

Makta er utan tvil årets beste.

Overraskande morosam satire om politikk og maktspel i Arbeidarpartiet på 70-talet og 80-talet, proppfull av gøyale forteljarteknikkar og metakommentarar. Dei seks fyrste episodane kom ut i NRK TV før jul. Eg gler meg til resten!

Kathrine Thorborg Johansen er heilt fenomenal som Gro Harlem Brundtland, Anders Baasmo strålar som Odvar Nordli og Nader Khademi er ein kjempegøy Einar Førde. Jan Gunnar Røise (Reidulf Steen), Øyvind Brandtzæg (Bjartmar Gjerde), Manish Sharma (Ivar Leveraas), Olav Waastad (Ronald Bye), Andrea Rudland Haave (Sissel Rønbeck)… Det er så mange flotte prestasjonar!

Men det er nok Trond Espen Seim som møbelhandlaren Arvid Engen som verkeleg stel showet! For ein figur! For ei rolletolking! For ein serie!

Trailer: tv.nrk.no/se?v=KMNO10012323

Statistikk

Film

I 2023 rakk eg å sjå 123 filmar.

Flest såg eg i mars. Då såg eg 32 filmar. Men i august såg eg berre 1 film.

Det vart 15 kinoturar gjennom året, og av desse var 1 film i 3D. Eg såg 31 filmar på filmfestival, 1 film på filmklubb og 43 filmar på strøymetenester.

I snitt såg eg 10 filmar per månad.

Serie

Eg såg 456 episodar i 25 seriar gjennom 2023.

Flest episodar såg eg i januar. Då vart det heile 129 episodar.

I snitt såg eg 38 episodar frå 2.08 seriar per månad.

Video

Videosamlinga auka med 88 nye titlar i 2023 – over dobbelt så mange som i 2022 – så no står det totalt 1568 titlar på videoveggen min.

Dei nye videoane kosta svimlande 13.901 kroner. Av dei 88 eg kjøpte, var 11 av videoane på DVD, 61 på blu-ray og 16 på 4K.

Den dyraste tittelen var Star Wars: The Mandalorian – The Complete First Season, som kosta 899 kroner.

YouTube og Twitch

Tala for YouTube og Twitch vart henta ut den 20. desember 2023.

Eg bruker mykje tid på Twitch. Også i år har eg sett fast på den offisielle Blood on the Clocktower-straumen kvar torsdag.

Det har ført til 178 timar brukt på plattformen i 2023.

Som vanleg tar YouTube mest tid. Eg har ingen data på kor mange timar eg brukte, men talet på videoar var 3782.

Altså ein nedgang på 726 videoar frå i 2022. Til gjengjeld var dei frå fleire kanalar. Dei er fordelt på 1035 kanalar, 151 fleire enn i 2022.

Dei kanalane eg såg mest på gjennom året:

  1. Star Wars Explained – 167 videoar (Kanal om alt mogleg Star Wars)
  2. BilliSpeaks – 102 videoar (Videoar om ei snakkande katt)
  3. No Rolls Barred – 100 videoar (Brettspelkanal)
  4. Adrian Bliss – 89 videoar (Humor)
  5. Blood on the Clocktower – 64 videoar (den offisielle kanalen til Blood on the Clocktower)

Permanent link to this article: https://boba.no/2023/12/film-og-seriearet-2023/