Film- og serieåret 2024

Nytt år, nye filmar og seriar. Her kjem mi årlege oppsummering av filmåret og favorittane mine.



Filmåret

I 2024 gjekk eg glipp av mange av dei største snakkisane, som Dune part 2, Wicked og The Substance. Men det vart eit variert filmår likevel. Eg hadde attsyn med gamle filmar som Reisen til månen (1902) og Markens grøde (1921), og vart også kjent med moderne klassikarar som Booksmart (2019) og moderne makkverk som Holmes & Watson (2018).

På vårparten hadde eg eit attsyn med Predator-filmserien og vart imponert over kor god Prey (2022) var. På hausten tok eg også eit attsyn med Alien-filmane som oppvarming til den nyaste filmen i serien. Og når vi snakkar om filmseriar så var eg òg innom Jack Ryan-filmane (med unnatak av Jakten på Rød Oktober, som eg trudde eg nettopp hadde sett).

Men denne topplista handlar om dei nye filmane eg såg i 2024 – altså dei som vart tilgjengeleg for eit norsk publikum i 2024. Det betyr at f.eks. Gojira -1.0 (2023) diverre ikkje kjem med, sjølv om han var knallgod og garantert listeplassering viss eg hadde sett han i «rett» år.

Før vi kjem til favorittane, har eg laga ei oppsummering av alle filmane eg såg. I denne videoen tar eg med spelefilmar og kortfilmar, men ikkje seriar.

Filmåret 2024

Så til favorittane:

#10: Daaaaaalí!

Ein mann med ein vill bart og endå villare blikk ser rett mot kameraet. I handa har han ein stokk.
Daaaaaalí!

Ein fantastisk rar film.

Det er seks skodespelarar som speler tittelrolla – ein for kvar «a» i tittelen. Ein skulle tru at dei speler kunstnaren Salvador Dalí til ulike tider av livet, men då ville ein ta feil. Filmen leiker nemleg med tid og rom, fantasi og verkelegheit. Du er aldri heilt sikker på kva som er «ekte» eller når ting skjer kronologisk – som seg hør og bør i ein film om ein av verdas mest kjende surrealistiske kunstnarar.

Men dette er nok ikkje ein film for alle.

Trailer: youtu.be/ce_kgegjDPM

#9: Hundreds of Beavers

Ein mann med vaskebjørn-hatt og pelsklede spring for livet over eit islagt vatn. Hakk i hæl har han hundrevis av sinte beverar.
Hundreds of Beavers

Ein herleg farse som veit nøyaktig kor teit han sjølv er! Massevis av bløtkakehumor og latterbrøl.

Filmen blir ein smule repetativt mot slutten, men eg storkosa meg uansett.

(Teknisk sett er filmen frå 2022, men så vidt eg veit vart han ikkje vist her i Noreg før 2024.)

Trailer: youtu.be/5h4P-26kHAw

#8: Hjortestien

Ein mann går gjennom ein skog med ei jente på ryggen. Det er lett snø på bakken. Begge er kledd i vinterklede. Sola bryt gjennom tretoppane.
Aku wa sonzai shinai (Hjortestien / Evil Does Not Exist)

Med lange tagningar og eit jamnt og roleg tempo fortel regissør Hamaguchi Ryûsuke (Drive My Car) ei hypnotisk forteljing om natur i møte med kapitalisme – og glamping!

Her er det mykje vakkert foto, sjølv om eg tidvis vart litt uvel av byta mellom handheldt kamera og steadycam.

Eg var heller ikkje heilt med på slutten, som trekk filmen eit stykke ned på lista mi. Men fram til dei siste ti minutta er filmen ei lågmælt, vakker og vemodig historie som sit lengje i deg.

Trailer: youtu.be/iEr9IxJ7sQE

#7: Mirakelet i Gullspång

To eldre kvinner sit i ei vogn på ein berg-og-dal-bane.
Miraklet i Gullspång (Mirakelet i Gullspång)

Denne dokumentaren er litt av ein berg-og-dal-bane! Akkurat når du trur du har skjønt greia, så tek historia ei heilt anna vending.

Eg har fordøyd filmen i fleire månader, men veit enno ikkje kva eg skal tru. Eg veit berre at viss eg nokon gong er på spelkveld med Olaug, så håper eg verkeleg at vi hamnar på same lag!

Trailer: youtu.be/SDcu0mRJXeU

#6: Red Rooms

Eit nærbilete av ei ung kvinne. Ho sit i eit mørkt rom med øyretelefonar på, og fjeset hennar er opplyst av ein dataskjerm.
Les chambres rouges (Red Rooms)

Ein sjølvsikker og iskald thriller som kjem inn under huden på deg – heilt utan å vise noko skummelt eller grufullt.

Hovudpersonen er glimrande spelt av Juliette Gariépy, sjølv om eg ikkje forstod motivasjonen til rollefiguren i det heile tatt.

Trailer: youtu.be/hYb9CESlrKc

#5: Ibelin

To dataspel-figurar sit i graset og snakkar med kvarandre.
Ibelin

Ein varm og rørande dokumentar.

Den emosjonelle kjerna – kjend frå den virale NRK-artikkelen frå 2019 – vart fortald tidleg i filmen. Det var eit lurt grep. Riv av plasteret med ein gong, slik at historia ikkje handlar om døden men det levde livet til Mats Ibelin Steen.

Overgangane mellom intervjua, dei rekonstruerte dialogane i World of Warcraft og arkivopptaka er meisterleg utført.

Produsent Ingvil Giske introduserte filmen på visninga eg var på. Ho fortalde at dei vart overraska over kor mange foreldre og besteforeldre som kom for å sjå. For å forstå. Som gammal gamer som ikkje alltid vart forstått av dei eldre, rørte dette meg djupt. Eg trur vi er mange som føler det slik, og at det er difor akkurat denne historia treff så breitt.

Trailer: youtu.be/N4IjoXWByNc

#4: Munken og geværet

Ein ung munk står i ein blomeåker og skodar utover.
The Monk and the Gun (Munken og geværet)

Ei ordentleg perle av ein film! Med den fyrste folkerøysinga etter overgangen til demokrati i Bhutan som bakteppe, fortel filmen ei fascinerande historie om ein nasjon i endring.

Dei ulike plottlinene blir fletta saman på ein god og underhaldande måte, og det store mysteriet – kva ein munk skal med eit gevær – skapar mykje spenning, framdrift og humor. Eg var hekta frå start.

Og det skadar sjølvsagt heller ikkje at filmen har den heilt fantastiske bhutanske naturen som kulisse! Du skal leite lengje etter ei utandørsscene som ikkje er interessant å sjå på.

Trailer: youtu.be/zFI2_AOXUF8

Heiderleg omtale

Før eg røper topp tre vil eg gje heider og ære til ei handfull filmar som ikke nådde heilt opp til topp, men som eg likte:

#3: Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person

Ein gut og ei jente sit framfor ein haug med gamle LP-plater. Dei ser på kvarandre – kanskje litt nervøse men interesserte.
Vampire humaniste cherche suicidaire consentant (Humanist Vampire Seeking Consenting Suicidal Person)

Veldig søt og frykteleg sjarmerande vampyrkomedie.

Filmen bringer ingenting nytt til vampyrfilmsjangeren, men er likevel ei artig vri på oppvekstdramaet.

Sara Montpetit gir ein flott rolleprestasjon som den unge vampyrjenta. Ho var òg god i Falcon Lake, som fekk heiderleg omtale i topplista for 2023. Eg gler meg til å følgje karriera hennar vidare. Og medspelaren hennar, Félix-Antoine Bénard, har eit særs uttrykksfullt andlet som driv mykje av humoren og varmen i filmen.

Trailer: youtu.be/rclsb3y0guc

#2: Hit Man

Eit par kjem ut av ein nattklubb, arm i arm, smilande, like før eit kyss.
Hit Man

Underhaldande og lettbeint film, proppfull av Linklater-sjarmen.

Eg hadde eigentleg ganske låge forventingar då eg drog på denne. Eg hadde ikkje sett kven regissøren var, og forventa berre ein billeg og teit romantisk komedie. I staden fekk eg ein fornøyeleg, mørk komedie med to karismatiske hovudpersonar med ein kjemi som det ryk av!

Trailer: youtu.be/9a7C7Bxsm90

#1: Lærerværelset

Ei gruppe lærarar sit og drikk kaffi. Stemninga ser litt anspent ut.
Das Lehrerzimmer (Lærerværelset)

Ein herleg stressande politisk thriller. Ungdomsskulen er ein nådelaus stad. 4:3-formatet er med på å forsterke spenninga, og filmmusikken hamrar det heim.

Filmen er proppfull av politisk symbolisme. I overflata er dette ei engasjerande moralsk forteljing, men her er det òg massevis av allegoriar til krig, undertrykking, sensur, ryktespreiing, rasisme, polarisering og maktbalanse.

Og Leonie Benesch er knallbra i rolla som læraren Carla.

Trailer: youtu.be/6YgQBGqhTcM

Serieåret

I 2024 såg eg ein eller fleire episodar frå i alt 15 seriar. Det er rundt halvparten av året før.

Året starta med eit attsyn med Dexter (2006–2013) før eg såg miniserien Dexter: New Blood (2021) for fyrste gong. Miniserien var hakket betre enn forventa (men berre såvidt!), og han retta opp ei urett frå sesong 8, men kjendest til sist unødvendig ut.

Eg såg òg animasjonsserien Scott Pilgrim Takes Off. Dette var nok mest for fansen. Eg har ingen interesse av opphavsmaterialet, så det som tiltrakk meg var at skodespelarane frå spelefilmen var tilbake.

Over nyttår fekk vi siste del av Makta. Desse episodane var like gode som i fyrste del, om ikkje betre. Fantastisk serie!

Star Wars: The Acolyte var underhaldande. Eg merka at eg ikkje var heilt i målgruppa, men skulle likevel gjerne sett ein sesong 2. Inspirert av Manny Jacinto i den serien tok eg eit attsyn med The Good Place over sommaren (ja, berre to år sidan sist).

Mot slutten av året kom det endå ein Star Wars-serie i form av Skeleton Crew. Her er eg definitivt ikkje i målgruppa, og serien treff ikkje meg i det heile tatt. Men eg sett stor pris på at Star Wars ikkje berre er for meg.

Serien eg koste meg mest med i 2024 var Agatha All Along. Ein god spinoff frå WandaVision. Kathryn Hahn var utruleg morosam! Eg har ingen toppliste over seriar denne gongen, så dette får vere favoritten for året.


Statistikk

Film

I 2024 rakk eg å sjå 111 filmar.

Flest såg eg som vanleg i mars. Då vart det 38 filmar.

Det vart berre 8 kinoturar gjennom året, men ei kraftig auke i filmar på strøymetenester. Eg såg 65 filmar over nett.

I snitt såg eg 9 filmar per månad.

Serie

Eg såg 258 episodar i 15 seriar gjennom 2024. Det er rundt halvparten av året før.

Det er stadig vinteren kor eg ser mest seriar. I 2024 såg eg 71 serieepisodar i februar.

I snitt såg eg 22 episodar frå 1.25 serie per månad.

Video

Videosamlinga skaut fart med heile 139 nye titlar i 2024. Ein god del av dette var prosjektet Norske filmklassikere av Platekompaniet og Christer Falck. No er det totalt 1708 titlar på videoveggen min – eg måtte faktisk utvide med ein ny reol.

Men det er ikkje billeg å samle videofilm no. Eg brukte 28.112 kroner i året som gjekk – ikkje medrekna nyreolen.

Videoane var på ulike format også dette året. 18 av titlane var på DVD og 19 av dei var på 4K UHD. Men mesteparten, 102, var på blu-ray.

Den dyraste tittelen var Star Wars: The Mandalorian – The Complete Second Season, som kosta 909 kroner.

YouTube og Twitch

Tala for YouTube og Twitch vart henta ut den 25. desember 2024.

Eg bruker mykje tid på Twitch. Også i år har eg sett fast på den offisielle Blood on the Clocktower-straumen kvar torsdag.

Det har ført til 183 timar brukt på plattformen i 2024.

Som vanleg tar YouTube mest tid. Eg har ingen data på kor mange timar eg bruker der, men talet på videoar var 3860.

Det er ikkje så langt unna same mengd som i 2023. Videoane var fordelt på 1184 kanalar, altså 149 fleire kanalar enn året før.

Dei kanalane eg såg mest på gjennom året:

  1. Star Wars Explained – 157 videoar (Kanal om Star Wars)
  2. No Rolls Barred – 106 videoar (Brettspelkanal)
  3. Cinefix – 74 videoar (Kanal om film)

Permanent link to this article: https://boba.no/2025/01/film-og-seriearet-2024/