TK: Armstroppar

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Armstroppane er på plass! Litt utfordrande å finna fram til knappar og band brukt originalt, men eg har brukt tilnærma likt i utsjånad og storleik.

Til biceps-kroken brukte eg to ABS-plaststriper, 100 mm lang, 22 mm brei og 1,5 mm tjukk. For å bøya dei til ein krok, brukte eg ein lighter, samt ein flat snekkerblyant, 15 mm brei og 7 mm tjukk. Eg varma opp plasten med lighteren, og bretta stripa over blyanten. Resultatet vart eg veldig nøgd med:

Biceps-krokar

Biceps-krokar

Til slutt brukte eg sandpapir (fyrst 100, så 600) til å avrunda og glatta ut kantane.

Eg har ein aktiv byggetråd på forumet til First Imperial Stormtrooper Detachment, dersom du vil halda deg oppdatert: Simon’s ANH Stund Build [TM].

Permanent link to this article: https://boba.no/2015/08/tk-armstroppar/