Kosmorama 2022

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Endeleg var vi tilbake i lag igjen! Festivalen vart ikkje den same i fjor då den gjekk digitalt.

Filmfestivalen gjekk frå måndag 7. mars til sundag 13. mars. Eg var der heile veka. Som før budde eg på Comfort Hotel Park, hotellet vegg i vegg med Prinsen kinosenter.

Café Ni Muser stod for festivalkafeen igjen i år. Eit kjempegodt tilbod, særleg for oss som bur på hotell utan å ha høve til å smøre oss matpakke. Eg nytta meg av tilbodet fleire av dagane.

Dette var min 12. festival. Eg rakk å sjå 26 filmar. Det var filmar frå El Salvador, Bangladesh, Libanon, Kosovo m.m. Eg styrte unna dei lengste filmane, med berre éin som klokka inn over to timar. I snitt var filmane eg såg 94 minutt lange, som etter mi meining er nær perfekt filmfestival-lengde.

Mine favorittar:

  • Den blinde mannen som ikke ville se Titanic
  • Boiling Point
  • The Braves
  • Playground
  • Memory Box

Twitter-tråd med dei fyrste reaksjonane til filmane eg såg: https://twitter.com/SimonBoba/status/1500831838616621061

NrTittelÅrTidIMDbSpråkNasjonalitet
1Tatt av tiden202185tt13269580franskFrankrike
2Memory Box2021102tt7265490arabisk, franskLibanon, Canada
3The Medium2021131tt13446168thaiThailand
4El Planeta202179tt12788368spanskSpania
5Cinema Sabaya202191tt6443330hebraisk, arabiskIsrael
6Aloners202191tt14598598koreanskSør-Korea
7Leonor Will Never Die2022101tt16377714filippinskFilippinane
8Hive202184tt13648212albanskKosovo, Sveits, Albania, Nord-Makedonia
9Rehana2021107tt14775748bengaliBangladesh
10Evolution202197tt14776894ungarsk, tyskUngarn, Tyskland
11Boiling Point202192tt11127680engelskStorbritannia
12Den blinde mannen som ikke ville se Titanic202182tt13328824finskFinland
13You Resemble Me202190tt15131600arabisk, franskFrankrike, Egypt, USA
14Trond Giske Makta rår2022102tt16088562norskNoreg
15Poly Styrene202189tt7206446engelskStorbritannia
16The Pink Cloud2021103tt3548874portugisiskBrasil
17Happening2021100tt13880104franskFrankrike
18Playground202172tt11087960franskBelgia
19A Human Position202278tt16445764norskNoreg
20Costa Brava, Lebanon2021106tt9860858arabiskLibanon
21The Braves202199tt14064662franskFrankrike
22Veien videre202193tt14812782farsiIran
23Hellbender202186tt14905650engelskUSA
24Fly so far202189tt14303576spanskEl Salvador
25Uten skyld2020106tt11773484farsiIran
26Cryptozoo202190tt13622118engelskUSA

Permanent link to this article: https://boba.no/2022/03/kosmorama-2022/