Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Eg har igjen vore ei veke i Trondheim på Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival, som gjekk frå måndag 6. mars til sundag 12. mars. Dette er mitt sjuande festivalår, og det fjerde samanhengjande året.
Det er alltid kjekt å kome tilbake til Trondheim, men i år var det uvanleg kaldt. Sola varma, men i skuggen var det enkelte dagar nede i -10°. Det er ganske uvanleg til å vere mars. Vêret er likevel ikkje så nøye — eg opphaldar meg for det meste innandørs på Nova kinosenter eller på hotellet, som for fjerde året på rad var Comfort Hotel Trondheim, som ligg vegg i vegg med kinoen.
På sju dagar såg eg 35 filmar. På ein internasjonal filmfestival er det mange språk, og eg såg mellom anna film på engelsk, finsk, koreansk og tagalog. Mesteparten var spelefilmar, men eg såg også fire dokumentarfilmar, ein animasjonsfilm og ein mockumentar. Den kortaste filmen eg såg var 73 minutt, den lengste var 144 minutt. Dei fleste visningane var i sal 2 og sal 3, med ni visningar kvar.
Mine favorittar:
- Free Fire
- Queen of Walking
- Halal Love
- Liberation Day
- El Revenge
- Little Wing
- The Hippopotamus
Alle filmane eg såg:
Nr | Tittel | År | Speletid i minutt | IMDb | Type | Språk | Kinosal | Dag |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Ah-ga-ssi Kammerpiken |
2016 | 144 | tt4016934 | spelefilm | koreansk, japansk | Nova 5 | måndag |
2 | La fille inconnue Kvinne, ukjent |
2016 | 113 | tt4630550 | spelefilm | fransk | Nova 2 | måndag |
3 | Tony The Chocolate Case |
2016 | 90 | tt5650482 | dokumentar | nederlandsk, engelsk, fransk, tysk | Nova 2 | måndag |
4 | Free Fire | 2016 | 91 | tt4158096 | spelefilm | engelsk | Nova 3 | måndag |
5 | Ma' Rosa | 2016 | 110 | tt5638094 | spelefilm | tagalog | Nova 5 | tysdag |
6 | Keodkiwang Queen of Walking |
2016 | 94 | tt6450044 | spelefilm | koreansk | Nova 4 | tysdag |
7 | Komisario Palmun erehdys Mysteriet Rygseck |
1960 | 109 | tt0054001 | spelefilm | finsk | Nova 5 | tysdag |
8 | Dangsinjasingwa dangsinui geot Yourself and Yours |
2016 | 86 | tt5907916 | spelefilm | koreansk | Nova 3 | tysdag |
9 | Noces A Wedding |
2016 | 97 | tt5771640 | spelefilm | fransk, urdu | Nova 3 | tysdag |
10 | Filip & Fredrik presenterar: Trevligt folk Nice People |
2015 | 92 | tt4365412 | dokumentar | svensk, somali, engelsk | Nova 2 | onsdag |
11 | Á peine j’ouvre les yeux As I Open My Eyes |
2015 | 102 | tt4400174 | spelefilm | arabisk, fransk | Nova 2 | onsdag |
12 | Calamari Union | 1985 | 84 | tt0087020 | spelefilm | finsk | Nova 5 | onsdag |
13 | Sameblod | 2017 | 108 | tt5287168 | spelefilm | sørsamisk, svensk | Nova 1 | onsdag |
14 | Halal Love | 2015 | 95 | tt5105218 | spelefilm | arabisk | Nova 1 | onsdag |
15 | Death by Design | 2016 | 73 | tt5693890 | dokumentar | engelsk | Nova 3 | torsdag |
16 | U-ri-deul The World of Us |
2015 | 95 | tt5502816 | spelefilm | koreansk | Nova 3 | torsdag |
17 | Kauas pilvet karkaavat Drivende skyer |
1996 | 96 | tt0116752 | spelefilm | finsk | Nova 2 | torsdag |
18 | Bar Bahr In Between |
2016 | 102 | tt5974388 | spelefilm | arabisk, hebraisk | Nova 2 | torsdag |
19 | Liberation Day | 2016 | 100 | tt5847760 | dokumentar | engelsk | Nova 11 | torsdag |
20 | Hoggeren | 2017 | 82 | tt6405484 | spelefilm | norsk | Nova 4 | fredag |
21 | Goran | 2016 | 86 | tt4757570 | spelefilm | kroatisk | Nova 4 | fredag |
22 | 24 Wochen 24 Uker |
2016 | 102 | tt5369484 | spelefilm | tysk | Nova 3 | fredag |
23 | La Vingança El Revenge |
2016 | 100 | tt2371365 | spelefilm | spansk, portugisisk | Nova 11 | fredag |
24 | Armoton maa Lovløst land |
2016 | 90 | tt5543604 | spelefilm | finsk, svensk | Nova 5 | fredag |
25 | Tyttö nimeltä Varpu Little Wing |
2016 | 101 | tt4636254 | spelefilm | finsk | Nova 4 | laurdag |
26 | Les premiers les derniers De første skal bli de siste |
2016 | 98 | tt5072542 | spelefilm | fransk | Nova 1 | laurdag |
27 | Iron Giant Gutten og jernkjempen |
1999 | 86 | tt0129167 | animasjonsfilm | norsk (dubbing) | Nova 2 | laurdag |
28 | Jäniksen vuosi Harens år |
1977 | 129 | tt0076252 | spelefilm | finsk | Nova 2 | laurdag |
29 | As You Are | 2017 | 105 | tt4444438 | spelefilm | engelsk | Nova 3 | laurdag |
30 | Operation Avalanche | 2016 | 93 | tt3776826 | mockumentar | engelsk | Nova 3 | laurdag |
31 | Jätten Kjempen |
2016 | 90 | tt4135076 | spelefilm | svensk | Nova 1 | sundag |
32 | The Hippopotamus | 2015 | 86 | tt3758708 | spelefilm | engelsk | Nova 1 | sundag |
33 | Slavia Glory |
2016 | 101 | tt5937296 | spelefilm | bulgarsk | Nova 3 | sundag |
34 | Good Luck Algeria Good Luck Sam |
2015 | 91 | tt4250606 | spelefilm | fransk | Nova 2 | sundag |
35 | Denial | 2016 | 109 | tt4645330 | spelefilm | engelsk | Nova 1 | sundag |
2 comments
Eg la ikkje det minste merke til at det var kaldt! Men er nok miljøskadd til dei grader 😛
Author
Vanlegvis er det berrmark langs promenaden frå Samfundet til Gamle bybro, men no var det is og kaldt. Men det er vanlegvis også sludd og regn — og då blir det klamt i kinosalane — så det gjorde kanskje ikkje noko med litt minusgrader?