Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Eg har vore på Kosmorama Trondheim internasjonale filmfestival, som pågjekk frå tysdag 8. mars til sundag 13. mars i førre veke. I år som i fjor deltok eg på heile festivalveka, og reiste heim med nattoget natt til måndag.
Min fyrste Kosmorama-festival var i 2006, og dette var sjette gongen eg deltek.
Nytt av året var at festivalen hadde ein dag mindre. Tidlegare har Kosmorama pågått i ei heil veke, no gjekk den i seks dagar. Til gjengjeld var programmet tett og perfeksjonert, og du kunne rekkja opptil sju filmar kvar dag — om du droppa ting som f.eks. middag og lufteturar utanfor av bygget. Så hardfør er ikkje eg, men festivalløypa mi var likevel ikkje for nybyrjar. Eg endte opp med å sjå totalt 33 filmar på dei seks dagane.
I år var det endeleg matsal inne på festivalområdet. Dette var eit kjærkome påfunn — det finst grensar for kor mange «måltider» kjøpt på kinokiosken eit menneske kan tåla… Kvar gong eg er på Kosmorama, har eg sakna sal av mat, f.eks. påsmurte smørbrød eller bagettar. Eg bur til vanleg på hotell utan eige kjøkken eller kjøleskap på rommet, og det finst difor grenser til kva eg kan handla inn av daglegvarar for å smøra matpakke gjennom veka. Eg er heilt avhengig av å kunne kjøpa måltida mine kvar dag. Maten var det Jossa mat og drikke og Credo Restaurant som stod bak. Dei leverte ein japansk meny, med m.a. steambuns og sobanudlar.
Også nytt av året var kaffiavtalen. 100 kroner for eit Kosmorama-plastkrus, og fri påfyll med kaffi. Kruset betalte seg sjølv allereie på dag to. Eg har også lært meg å alltid ha ei flaske vatn på lur, då det raskt kan bli varmt når salen er full.
Eit artig påfunn i Kosmokids-programmet, var Kosmokids-skjermen i foajeen. På ein svær infoskjerm på veggen, var det ei teikning av ein liten bakke kor figurar frå Ghibli-universet vralta rundt, hoppa og vinka. Figurane var namngjeve og styrt av ungar frå små skjermar som stod plassert ut, eller frå ein app for Android eller iPhone.
Det største nyhende var likevel sjølve festivalområdet. Kosmorama haldast som kjent på Nova kinosenter, og Nova har nyleg blitt bygd om, og inngangen er (igjen) flytta til nedsida mot hovudvegen. Når du kjem inn, hamnar du i den splitter nye kiosken, som er større enn i dei tidlegare lokala på andre sida av bygget. Før var det to kassar. No er det seks eller åtte (såg aldri alle i bruk). Når kiosken er passert, kjem du inn i sjølve foajeen, med stort vrimleområde, to saler rett fram og symmetriske trapper som føyer seg oppover langs kantane. Det ser skikkeleg bra ut! Rett nok eksisterte alt dette i foajeen frå før, men du såg det aldri sidan du kom inn frå andre enden av bygget.
Sjølve salane er heller ikkje nye, men inngangane til sal 4 og 5 er flytta. Den største endringa er måten du kjem deg opp til sal 6-11 på. Tidlegare var det ei grufull lang trapp ved sidan av den gamle kiosken, før du kom inn i foajeen. Heile seksjonen med trappa er avstengt, men dei har laga ei rulletrapp midt i etasje to av foajeen. Tek du den, kjem du opp til ei litt mindre trapp, som tek deg opp rett ved sidan av inngangen til sal 6/7. Denne trappegangen gjer at sitjeområdet er blitt halvert, men har til gjengjeld fått nye fine møblar som går an å kvila litt i mellom visningane. Salane her oppe har ganske nye lerret og kinoseter. Nova gjev etter denne ombygginga endeleg ei heilskapleg kinokjensle kvar du enn går. Tommel opp.
Ulempa med nye Nova, er at bygget er meint som kino, ikkje som festival. Det vil seia at foajeen er designa for å leia folk inn til salen, og når filmen er ferdig, er det designa for å leia folk ut av bygget, ikkje tilbake til foajeen igjen. Det vart også mindre plass å vrimla på, og færre stader å treffa kjenningar for å drøfta filmane du hadde sett. Nede i foajeen tok sal av mat opp nesten all plass som tidlegare var sofagrupper, og veldig få fann vegen opp til sitjeområdet utanfor sal 6/7. Det var også eit problem å koma seg ned igjen til foajeen etter å ha vore oppe. Eg rota meg vekk fyrste gong eg var der, og endte opp med å missa ein film på grunn av dette. Eg lærte meg etterkvart trikset med heisen som eigentleg berre vil gå opp takk til tips på Twitter, men dette kunne med hell ha blitt formidla med f.eks. ein infoplakat når du fyrst kom opp rulletrappa.
Men tilbake til det ein filmfestival faktisk handlar om, nemleg filmane. Som nemnt såg eg 33 filmar på seks dagar. Det er tre filmar mindre enn i fjor, men også ein dag mindre. Meir tal:
- Tre animasjonsfilmar, ein konsertfilm, fire dokumentarar og ein musikal.
- Arabisk, engelsk, fransk og norsk var dei vanlegaste talespråka, men også spansk, rumensk og hebraisk gjekk igjen.
- Eg opphalda meg mest i sal 5 og sal 3. Sal 7 var eg innom berre ein gong. Ingen av festivalvisningane eg såg var i sal 6, 8, 9, 10 eller 11, men eg såg The Big Short i sal 8 og Room i sal 11 i dagane før festivalen.
- Den kortaste filmen eg såg var herlege 52 minutt, og den lengste var vonde 134 minutt. Gjennomsnittstida i år var 93,5 minutt, og både hovud, krossrygg og blære takkar meg for det. Totaltida var 3084 minutt, eller 2 døger, 3 timar og 24 minutt om du vil.
Filmane eg likte best:
- Angry Indian Goddesses
- Mammas drøm
- Dégradé
- London Road
- Fatima
- La dame dans l’auto avec des lunettes et un fusil
Filmane eg likte minst:
- Det vita folket
- Comoara
- Southbound
Her er filmane eg såg:
Nr | Tittel | År | Speletid i minutt | IMDb | Type | Språk | Kinosal | Dag |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Box | 2015 | 93 | tt3510112 | spelefilm | rumensk, ungarsk | Nova 4 | tysdag |
2 | Experimenter | 2015 | 98 | tt3726704 | spelefilm | engelsk | Nova 5 | tysdag |
3 | Angry Indian Goddesses | 2015 | 115 | tt3368222 | spelefilm | hindi, engelsk | Nova 3 | tysdag |
4 | Carol | 2015 | 118 | tt2402927 | spelefilm | engelsk | Nova 1 | tysdag |
5 | Spotlight | 2015 | 128 | tt1895587 | spelefilm | engelsk | Nova 5 | tysdag |
6 | Ya Tayr El Tayer Idol |
2015 | 100 | tt4912068 | spelefilm | arabisk | Nova 1 | onsdag |
7 | Alias María | 2015 | 91 | tt3685554 | spelefilm | spansk | Nova 4 | onsdag |
8 | Truman | 2015 | 108 | tt3754940 | spelefilm | spansk, engelsk | Nova 5 | onsdag |
9 | Comoara The Treasure |
2015 | 89 | tt4515684 | spelefilm | rumensk | Nova 5 | onsdag |
10 | An Under kirsebærtrærne |
2015 | 113 | tt4298958 | spelefilm | japansk | Nova 7 | onsdag |
11 | Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | 1973 | 90 | tt0086643 | konsertfilm | engelsk | Nova 2 | onsdag |
12 | Fatima | 2015 | 79 | tt4466544 | spelefilm | fransk, arabisk | Nova 5 | torsdag |
13 | Une histoire de fou Don’t Tell Me the Boy Was Mad |
2015 | 134 | tt4062208 | spelefilm | fransk, armensk, tysk | Nova 1 | torsdag |
14 | Heart of a Dog | 2015 | 75 | tt4935446 | dokumentar | engelsk | Nova 3 | torsdag |
15 | Baba Joon | 2015 | 91 | tt3757218 | spelefilm | hebraisk, persisk | Nova 3 | torsdag |
16 | Det som en gang var | 2016 | 80 | tt5009730 | spelefilm | norsk | Nova 3 | torsdag |
17 | Southbound | 2015 | 89 | tt4935334 | spelefilm | engelsk | Nova 3 | torsdag |
18 | Maintenant ils peuvent venir Let Them Come |
2015 | 95 | tt4520338 | spelefilm | fransk, arabisk | Nova 4 | fredag |
19 | Ixcanul | 2015 | 93 | tt4135844 | spelefilm | spansk | Nova 3 | fredag |
20 | Mammas drøm | 2016 | 52 | tt5547712 | dokumentar | norsk | Nova 4 | fredag |
21 | Det vita folket | 2015 | 79 | tt2172095 | spelefilm | svensk | Nova 2 | fredag |
22 | Dreams Rewired | 2015 | 88 | tt4414694 | dokumentar | engelsk | Nova 5 | fredag |
23 | Paridan az ertefa kam A Minor Leap Down |
2015 | 88 | tt4471280 | spelefilm | persisk | Nova 3 | laurdag |
24 | Tonari no Totoro Min nabo Totoro |
1988 | 86 | tt0096283 | animasjonsfilm | norsk | Nova 2 | laurdag |
25 | Omoide no Mânî Marnie – min hemmelige venninne |
2014 | 103 | tt3398268 | animasjonsfilm | norsk | Nova 1 | laurdag |
26 | Kari-gurashi no Arietti Arriettas hemmelige verden |
2010 | 94 | tt1568921 | animasjonsfilm | norsk | Nova 2 | laurdag |
27 | London Road | 2015 | 91 | tt3573598 | musikal | engelsk | Nova 5 | laurdag |
28 | Ha’har Mountain |
2015 | 83 | tt4917622 | spelefilm | hebraisk | Nova 5 | laurdag |
29 | Dégradé | 2015 | 85 | tt4429074 | spelefilm | arabisk | Nova 2 | sundag |
30 | La dame dans l’auto avec des lunettes et un fusil The Lady in the Car with Glasses and a Gun |
2015 | 93 | tt4159182 | spelefilm | fransk | Nova 5 | sundag |
31 | Schneider vs. Bax | 2015 | 96 | tt3430416 | spelefilm | nederlandsk | Nova 3 | sundag |
32 | Enklava Enclave |
2015 | 92 | tt2886632 | spelefilm | serbisk, tysk, albansk, italiensk | Nova 3 | sundag |
33 | Say Something | 2015 | 75 | tt5136186 | dokumentar | svensk | Nova 5 | sundag |