«

»

mai 19 2008

Muggsopp

På nasjonaldagskvelden, medan andre folk låg og kosa seg i sofakrokene sine etter ei lang feiring, måtte eg reingjera heile rommet mitt. Eg oppdaga nemleg ei fuktskade attom skåpet mitt, og det var byrja å spreia seg med muggsopp. No skal eg rett nok flytta her i frå om ikkje så alt for lengje, men eg vil jo ha eit godt inneklima den siste månaden, så eg måtte ta vaskebytta og eit provisorisk munnbind fatt.

I følgje den tidlegare religionen min (min og min, fru Blom. Var berre konfirmant av di alle andre i klassen var det. Men den tida er forbi, eg er no heidningen i familien – skriv nynorsk og høyrer ikkje til kyrkja), er det eit digert omstende å få vekk muggsopp frå hus. Fyrst må du rydda vekk alt i rommet, og så må du tilkalla ein prest. Viss presten tykkjer at skadane gjeng djupare enn overflata, må du halda huset stengd i ei veke (og du må ikkje finna på å gå inn i huset denne tida, for då vert du rekna som urein heilt til kvelden). Han kjem så attende, og viss soppen då har ete om seg, så må du riva ned dei skadde veggplatene, frakta dei til ein urein stad utafor byen, og setja opp nye. Viss dette ikkje hjelper, skal presten forkynna at heile huset er ureint. Du må då riva det, og alt må kastast på den ureine staden utafor byen. Om det derimot hjalp, så kan du ikkje flytta tingane inn att enno. Presten må nemleg koma attende endå ein gong og fortelja at huset er reint. Med seg har han to fuglar, og den eine drep han. Den andre dyppar han i blodet av den den drepne, og så skvetter han det på huset sju gonger før fuglen får sleppa laus. Eg er glad eg er heidning…

Eg gidda ikkje gjera det så vanskeleg. Ei bytte med kokvatn, litt klorin og ein skrubb, så fekk eg då bort overflatemuggen. Ingen prest, inkje fugleblod og ingen turar til ureine stader utafor byen (Heimdal? Lade?). Etterpå lufta eg skikkeleg ut for å verta kvitt alle sporane som spreidde seg då eg vaska. Dette var ikkje akkurat ein artig ende på dagen, men eg er glad eg slepp å taka rekninga. Rivinga av veggplatene let eg husverten min taka seg av når eg flyttar. No vonar eg berre at eg slepp problem med dette under alle heimeeksamenane mine.

Permanent link to this article: http://boba.no/2008/05/muggsopp/

1 ping

  1. Boba.no – Søkjeord i 2011

    [...] og “lando calrissian”, men elles er orda veldig lik fjoråret. Det imponerer meg at eit innlegg om muggsopp i 2008 stadig er det med mest treff på, trass i at eg slettast ikkje akkurat er ein blogg som skriv om [...]

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *