Boba.no

Binærklokke frå ThinkGeek

Laurdag 07. februar 2009, klokka 16:55

Binærklokka

Denne klokka kjøpte eg frå ThinkGeek.com. Fantastisk nettbutikk med mykje artig og totalt unyttige ting. Kva med ei t-skjorte med høgtalar? Eller ein minnepinne som valdtek USB-porten? Kanskje treng du eit terningssett for gullfisken din? Skaff deg ein grøn laserpeikar før dei vert forbode i Noreg, og pynt dusjen din med eit smart føreheng. Dei har alt mogleg av det du ikkje treng men vil ha lell.

Eg tykte butikken var særs rask. Eg tinga binærklokka på sundag, på måndag fekk eg melding om at ho var pakka og sendt, og på torsdag føremiddag fekk eg telefon i frå DHL om dei kunne koma med pakka til meg. Det var ingen heime då, men det var ikkje noko problem, sa dei, dei kunne koma med pakken til meg på høgskulen. Frå East Windsor, New Jersey, USA til Mo i Rana, Nordland, Noreg på fire dagar, levert rett i handa! Flott!

Ah, og korleis les du binærklokka? Enkelt. Dei to fyrste kolonnene er timar, dei to neste minutt og dei to siste er sekund, med andre ord synast tida som hh:mm:ss. Den nedste rada er 1, den neste er 2, neste 4 og den øvste 8. Me ser på timane på biletet fyrst. Det er ljos i den nedste rada i den fyrste kolonna. Det tyder at det fyrste sifferet er 1. Det er ingen ljos i den neste kolonna, altså 0. Timen er 10. I den neste kolonna lyser den tredje rada oppover, altså 4. I fjerde kolonna er det ljos i den fjerde rada oppover, altså 8. Minutta er 48. Det er ljos i to rader i femte kolonna, rad ein og to oppover, altså 1+2=3. I den siste kolonna er det ljos i andre og tredje rad oppover, altså 2+4=6. Sekunda er 36. Klokka er 10:48:36.

Dette moduset kallast «binary-coded decimal», av di det er eit desimaltalsystem (det «vanlege» titalsystemet som går frå 0 til 9, og neste tal er 1 tiar og 0 einarar: 10) der kvart siffert vert representert binært (totalsystem som går frå 0 til 1, og neste tal er 1 toar og 0 einarar: 10). Lat oss sjå på klokka att. Ljos tyder 1, og ikkje ljos tyder 0. Om du les nedover, får du binærtal (men du tek sjølvsagt ikkje med nullar viss dei kjem før fyrste einar. 0010 er sjølvsagt det same som 10). 110 (tital)=12 (binærtal). 010=02. 410=1002. 810=10002. 310=112. 610=1102.
Klokka har eit anna modus som kallast «true binary», og då vert timar, minutt og sekund tal representert fullt ut binært. Kvar kolonne representerer eit tal (1, 2,4, 8, 16 og 32), og i radene finn du klokkeslettet (time, minutt og sekund). Den øvste rada vert ikkje nytta i dette moduset. I dette moduset ville klokka synt fram 1010:110000:100100 (igjen, me tek ikkje med nullar som kjem før fyrste einar).
Jukselappar for båe modusa:
Jukselapp for BCD-modus Jukselapp for TB-modus

Innspel

  1. Eg hev lengje hatt lyst på den der. Heilt sidan ungdomsskulen. Kule greidor.

    Menneh, eg må nok hava i fyrste modusen. Greitt nok at eg skriv asm, men eg treng nok litt meir trening for å kunna sjå klokka i den andre modusen snøgt.

    Forresten visar dei Med Grimm og Gru på Cinema Neuf tysdag 10. mars.

Gje innspel

Lyst på eit anna brukarbilete? Registrer e-postadressa di hjå Gravatar.com og last opp.

Viss dette er fyrste gongen du gjev meg innspel, kan det ta litt tid før innspelet dukkar opp.

Opphavsrett © 2001 – 2010 Simon Hansen. Ettertrykk forbode utan løyve frå opphavsmannen.