Eg har nyleg rydda litt i filer og mappar kring om på harddiskane mine. Her er noko av det eg fann:
Framlegg til bumerke:
Blå boble
Bok
Svart sirkel
Gult kvadrat
Rektangel
Ordbokoppslag
Løkkeskrift
Våpenskjold
Dinosaur
Lik DVD-logoen
Skilt på flyplass
Klatt
Kopp
Soloppgang
Pengeglis
Inspirert av DVD Profiler
Snakkeboble inspirert av Smala Sussie
Kva
Dette er framlegg til korleis eit bumerke til det nystarta firmaet Paradigma Rådgiving DA kunne sjå ut.
Kvifor
Ein kompis og meg dreiv Paradigma Rådgiving for nokre år sidan. Då det var på tide å laga logo, sat me der og klødde oss i hovudet ei stund. Sidan me enno ikkje genererte innkomer, hadde me ikkje råd til å hyra inn designbyrå, og måtte gjera grafikkjobben sjølv. Me laga mange slike «mockups», altså idear om korleis bumerket kunne sjå ut, inspirert av/basert på andre ting, t.d. logoen til DVD-formatet. Etter mykje prøving og feiling, fekk me ein idé me likte og kunne jobba vidare med. Det endelege bumerket såg slik ut:

Det endelege bumerket til Paradigma Rådgiving


















Ting innlegg som RSS