«

»

Minneord om Windows 98

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Av DOS er du kommet, i dass skal du bli…

I dag stansa Microsoft kundestøtta til Windows 98, Windows 98SE og Windows ME. Eg har hatt mange gode timar framfor Win98-bumerket, og ser på denne hendinga litt sorgmodig. La det vera sagt med ein gong: Windows 98 var aldri eit stabilt operativsystem. Men det var koseleg.

Eg kan Win98 til fingerspissane, og kjenner kvar ei programlus som var der. Eg sverga til 98SE lengje etter at XP kom på marknaden. Dette av di XP undervurderte (og undervurderer framleis) brukarane sine. 98SE gjorde aldri det. Hendte det ein feil, så måtte ein retta den sjølv. I XP vert feilen forkledd, gøymt bort og gløymt, men 98 gløymde aldri ein feil. Operativsystemet hugsa feilen så godt, at han dukka opp igjen kvar gong du slo på maskinen viss du ikkje fjerna honom.

Ahh, det var gode tider, det. Det eg likte best med 98, i alle fall dei siste fire-fem åra, var at det nesten ikkje vart laga virus til det operativsystemet meir. Medan XP-brukarane sleit med blaster-ormar og andre ekle ting, satt eg heilt utan antivirus og brannmur på mitt 98-system og kunne gå til dei mest lugubre vevsidene eg visste om utan å vera redd for systemsamanbrot. Vel, i alle fall ikkje samanbrot som virus var skuld i. Same kva, den virusfrie kvardagen i 98 er det eg saknar mest etter at eg uviljug måtte gå over til XP i august 2005.

Men no er det altså slutt. Win98 går i gløymeboka, og Microsoft vil ikkje ha noko meir å gjera med avkommet sitt. Les meir på BBC News.

Gje innspel