«

»

Treffsikker som ein stormtroppsoldat!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg las om noko som kallast stormtroppeffekta her om dagen. Dette er eit fenomen me kan sjå i Star Wars-filmane, som går ut på at stormtroppsoldatane aldri klarar å treffa protagonistane. Og det ser ut til at di fleire stormtroppsoldatar til stades, di verre skyttarar er kvar enkelt av dei. Eller, for å seia det litt meir matematisk, stormtroppsoldaten er omvendt proporsjonalt treffsikker til talet på stormtroppsoldatar til stades. Det ser òg ut til at det har mykje å seia kor mange av «dei gode» som er til stades, og då særskilt jediriddarar (eller snille kraftsensitive, om du vil – jediorganisasjonen har jo vore daud i tjue år i Episode IV). Nokon har utvikla ein matematisk formel for å visa kor sannsynt det er at ein enkel soldat klarar å treffa målet sitt:

Sannsynet for at ein stormtroppsoldat treff

Her er n nummeret på stormtroppsoldatar («dei slemme»), x er nummeret på opprørarar («dei snille») og J er nummeret på jediriddarar («snille kraftsensitive»). Viss 100 stormtroppsoldatar møter på Wedge Antilles aleine, så vil berre 9 % av dei klara å treffa, i følgje denne formelen. Viss Wedge har med seg sin gode ven Luke, vil det vera katastrofalt for dei 100 soldatane. Berre 0,9 % av dei klara å treffa. Sjølv om denne formelen har nokre gode poeng, så er han slettes ikkje perfekt. Viss til dømes ein einsleg stormtroppsoldatar berre fyrar av eit skot når han er heilt aleine (altså ingen opprørarar, ingen jediriddarar og ein stormtroppsoldat), så vil han ha ein tredjedels sjanse til å treffa ingen opprørarar. Viss me snur dette resultatet på hovudet, så bommar han på ingen opprørarar to av tre gonger, som språkleg sett tyder at han faktisk klarar å treffa! Dette er ein interessant filosofisk konsekvens. Vil det dukka opp ein opprørar på magisk vis ein av tre gongar denne einslege stormtroppsoldaten fyrer av eit skot? Eller vil opprørarar berre falla daud om i sine eigne heim fleire ljosår unna?

Stormtroppeffekta er ikkje ein matematisk sanning i filmuniverset, men snarare eit narrativt grep filmskaparen nyttar. Det er eit velkjent grep som både kveggutar, skitne politimenn, samurai-heltar og andre protagonistar har opplevd heilt frå då filmen vart fødd. Det hadde vore litt dumt for forteljinga i Star Wars om Luke og gjengen vart skote i hel i landingshamn 94. Då ville filmen vore over før han fekk tid til å starta, og me ville aldri ha fått episode V og VI. Slike grep finn me i dei fleste filmforteljingane. Utan dette, ville James Bond vore daud for lengst, og nazistane hadde fått kloa i Arken utan mykje bry frå Indiana Jones. Og «Kill Bill»? Heller «Bury the Bride!» Ho ville neppe klart meir enn ein av dei dei galne 88.

Det er heller ikkje ei fastsett sanning at stormtroppsoldatar er lite treffsikre. Eg vil faktisk seia at det er snarare tvert i mot. Ta til dømes Episode III. Her går stormtroppsoldatane til åtak på jediriddarar. I ei scene var det sju stormtroppsoldatar mot ein jediriddar, og kvart einaste avfyrte skot råka den stakkars jediriddaren. I same film går ein heil tropp inn i sjølvaste hjartet til jediorganisasjonen: jeditempelet på Coruscant. Der er litt tap blant troppen, men alle jediane i tempelet vert drepe i løpet av kort tid. Viss ikkje dette er treffsikkert, så veit ikkje eg. «Joda, men desse soldatane var kanskje betre trena enn dei i Episode IV», vil enkelte argumentera. Tja, det kan nok henda at dei hadde ein lengre treningsperiode enn soldatane i Episode IV, men dei var samstundes òg mykje yngre og meir ustabil. Eg vil tru at ein klone med akselerert vekst vil mangla vesentlege eigenskapar som menneske, og dimed gjera honom til ein dårlegare soldat. Soldatane i Episode IV er stort sett «vanlege folk» som har verva seg (og vorte hjernevaska, men det er ein anna sak). Det er dessutan nok av prov på at soldatane er treffsikre også i denne episoden:

Luke: It looks like sandpeople did this, all right. Look, here are gaffi sticks, bantha tracks. It’s just … I never heard of them hitting anything this big before.
Obi-Wan: They didn’t. But we are meant to think they did. These tracks are side by side. Sandpeople always ride single file to hide there numbers.
Luke: These are the same Jawas that sold us Artoo and Threepio.
Obi-Wan: And these blast points, too accurate for Sandpeople. Only Imperial stormtroopers are so precise.

Kva var det Obi-Wan sa sist? «[T]hese blast points, too accurate for sandpeople». Hmmm, me har då vittarleg sett at sandfolket er høveleg treffsikre. Tenk berre attende til Episode I. Ja, nemleg, dei skaut etter – og råka – tevlekapslane under Boontakveld-laupet. Tevlekapslane har ei gjennomsnittsfart på 500 kilometer per time (Anakin Skywalker hadde ei toppfart på 947 km/t), og det er svært vanskeleg å treffa noko som går så fort. Viss sandfolket klarar dette, og stormtroppsoldatane er meir treffsikre enn dei igjen, så er dette meir enn nok prov på at soldatane er svært godt trena som skyttarar. Me finn fleire prov i Episode IV. Merk kor snøgt dei tok over Tantive IV i starten av filmen. Etter at dei kom seg om bord, hadde dei så og seia ingen fråfall i rekkjene sine. Det einaste i denne filmen som seier at stormtroppsoldatane er lite treffsikre, er når heltane er på dødsstjerna. Her har soldatane mange høve til å drepa dei, men bommar kvar gong. Dårlege skyttarar? Tja, lat oss sjå på ei scene etter at heltane har rømt:

Tarkin: Are they away?
Vader: They have just made the jump into hyperspace.
Tarkin: You’re sure the homing beacon is secure aboard their ship? I’m taking an awful risk, Vader. This had better work.

Det er altså planlagt av imperiet at heltane skulle klara å rømma. Eg ser for meg at stormtroppsoldatane anten hadde fått ordren «shoot to scare, not to kill», eller at Keisaren (som kan noko som heiter «battle meditation») gjennom krafta manipulerte dei stakkars soldatane til å bomma. Det er i alle fall i Imperiets interesse at heltane kjem seg unna, slik at Imperiet kan spora opp den løynlege opprørarbasen.

Den einaste scena som står att då der stormtroppsoldatane tilsynelatande ein gjeng med klønar, er då dei var i landingshamn 94. Her var dei kan henda berre uheldig. Men dei klarte å gjera mykje skade på Tusenårsfalken, og det var berre Han som på dette tidspunktet var i skotsona til soldatane. Han stod på trappa til skipet, og kom seg unna på eit blunk. Og ein må ikkje gløyma at inne i skipet sat Obi-Wan Kenobi og mediterte, og du skal ikkje sjå bort ifrå at han hjelpte Han litt der.

Så, neste gong nokon seier at du er treffsikker som ein stormtroppsoldat, så lyt du føla deg smigra.

Gje innspel