«

»

Google Verda

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg lasta ned Google Earth her om dagen. Artig og spennande tidsfordriv. Denne programvaren er kart over heile verda, med detaljrike satelittbilete frå ganske mange stadar. Ein kan til dømes nesten sjå kva folk har i søppeldunkane sine i kjerneområda i New York by, USA.

Du kan finna mykje underfundig med Google Earth. For eit par veker sidan, var det ei dame som låg og solte seg topplaus på taket sitt. Akkurat då var det ein satelitt som flaug forbi, og knipsa eit bilete av denne dama. Og trur du fanden ikkje at ein Google Earth-skattejegar klarte å sjå det.

Her er eit par andre ting du kan sjå:

… og mykje, mykje anna. Med Google Earth får du mest heile verda på datamaskinen din.

Gje innspel