«

»

American Graffiti

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

George Lucas har ikkje regissert mange filmar, men er likevel eit veldig kjent namn. Han har hatt regien på THX 1138, Star Wars (episode IV, I, II og III) og American Graffiti. Svært ulike filmar, men òg svært like på mange vis. Dei handlar i utgongspunktet om det same: Ein ung gut som må snu ryggen til gamle tidar og leggja ut på ei reise for å verta vaksen. THX endra livet sitt drastisk ved å rømma. Luke Skywalker endra livet sitt ved å verta med Obi-Wan Kenobi. I American Graffiti tek Lucas for seg akkurat avgjeringsfasen av denne endringa. Me treff ein ungdomsgjeng på seinsommaren 1962. Dei har vakse opp saman i denne vesle byen, gått på skule saman, og er godt samansveisa. Dette er siste natt med gjengen for to av dei, som skal byrja på høgskule. Curt, glimrande spelt av ein ung Richard Dreyfuss, er ikkje så sikker på om han har lyst å reisa, medan Steve, spelt av Ron Howard, er heilt i hundre. Laurie (spelt av Cindy Williams), kjærasten til Steve, har naturlegvis ikkje noko lyst at Steve skal dra. Me treff òg Terry «The Toad» og John Milner, og me får vera med desse karakterane denne siste natta.

I følge Lucas var ikkje filmen eit forsøk på å fortelja om det bittersøte med å reisa frå heimen, men ei skildring av miljøet han vaks opp i. Han ville dokumentera kva ungdom på sekstitalet gjorde. Det var rock’n’roll, det var bilar, det var å køyra rundt i gatene i timesvis. Det liknar litt på det som vi i dag kallar «råning», men her var det ikkje avgrensa til ei lita gruppe rånaridiotar, men snarare eit sosialt fenomen som alle visste om og var med på. Lucas ville rett og slett fortelja korleis det var å vera ung i 1962. Størsteparten av filmen er difor bilkøyring.

Filmen har ei vedunderleg stemning, er varm og lystig samtidig som alvoret i dette med å reisa bort ligg i bakgrunnen. Dei som seier at George Lucas ikkje har talent, har tydelegvis berre sett Star Wars: Episode I, og ikkje ikkje American Graffiti. Denne filmen viser heilt tydeleg at dette er ein visjonær regissør.

Filmen har ei morosam bakhistorie. George Lucas hadde hatt ei veldig tøff tid med produksjonen og lanseringa av THX 1138, og var veldig skeptisk til å gå til eit nytt studio for å spørja om pengar. Likevel, han trengte pengane, så han gjekk rundt i Hollywood (men ikkje til Warner Brothers, som regelrett hadde skamklipt THX 1138 og såleis mørbanka Lucas). Ingen hadde lyst å laga filmen. Kommentarane var: «filmen er for smal», «ingen vil sjå ein sånn film» og «me vil ikkje investera i deg etter THX 1138». Universal sa til slutt at dei ville gjera det, mot at det vart knytta eit kjent namn opp mot filmen. Lucas sa at det ikkje ville gå, av di filmen skulle handla om ungdom. Alle skodespelarane skulle vera ungdom og skulle sjå ut som om dei faktisk var ungdom. Tendensen då (som no) var at ungdom vart spelt av vaksne, og dei få ungdommane som var skodespelarar, såg eldre ut enn dei var. Universal, framleis litt skeptisk til om dei ville kasta bort pengar på denne fyren, sa at det var ikkje var nøye kva personen var – skodespelarar, produsent, manusforfattar, kva som helst – berre dei hadde eit kjent namn til å ha på filmplakaten. Lucas gjekk til sin gode ven Francis Ford Coppola, og Coppola sa seg med ein gong villig til å verta produsent for filmen.

Då Universal høyrte at dei fekk Coppola, som nyleg hadde gjort stor suksess med The Godfather som produsent til American Graffiti, så la dei pengane på bordet tvert. Det var jamvel ikkje så veldig mykje pengar det var snakk om, og Universal hadde råd til flopp. Budsjettet var rundt 800 000 dollar, og dei fekk 1-2 månadar på seg å gjera filmen ferdig. Av eigen erfaring veit eg at det kan taka to døgn å gjera ferdig fire minutt, så det må ha vore eit sinnsjukt arbeid. Filmen vart jamvel ferdig i tide, og overskreid ikkje budsjettet ein cent. Då filmen var ferdig redigert, samla Coppola saman ein gjeng med ungdom, pressefolk og Universal-sjefane til ei førvisning. Responsen var enorm. Det var latter, applaus og publikum var kjempefornøgd med filmen. På veg ut, kom Universal bort til Coppola og sa at filmen var «ikkje utgjevbar». Dei meinte filmen var forferdeleg. Lucas, sliten etter å ha laga ein film på umenneskeleg kort tid, stod berre å måpa. Coppola vart rasande. «Kva svarte meiner du med ikkje utgjevbar?!» Universal-folka sa at dei absolutt ikkje kom til å sleppa ut filmen. Sjølv om dei hadde råd til ein flopp, så var det meir økonomisk å ikkje slippa filmar som kom til å floppa. Coppola vart heilt raud av sinne, og Lucas krympa berre meir og meir saman. Det var THX 1138 om att. Då tok Coppola opp sjekkheftet sitt, og sa at om ikkje Universal ville ha filmen, så skulle han kjøpa han der og då. Universal ville sjølvsagt ikkje selja filmen, men gjekk med på å taka filmen med på klipperommet ein tur. Lucas likte ikkje dette, Coppola likte heller ikkje dette, men sa at dei skulle nok få filmen ut på marknaden.

Universal fjerna fem minutt av filmen. I mellomtida hadde Coppola og Lucas fleire slike visningar for Universal. Anten det var pressesekretæren for selskapet, eller det var eigarane eller marknadsansvarleg, så inviterte Coppola til fullsatt sal. Var det to-tre Universalfolk der, så var det òg 100 uavhengige folk der saman med dei. Publikum likte jo filmen, så Universal tok endeleg til vettet og slepte filmen til kino. Filmen vart ein braksuksess, og var ein valdsam pengegjevande film på alle vis – serskilt sidan han var så billig i produksjon. I mellomtida hadde Lucas gått til Fox med ein annan film, «From the Journal of the Whills: The Adventures of Luke Starkiller», og var gått i gong med forhandlingane. Då Fox høyrte om suksessen med American Graffiti, vart dei på eit vis letta. No kunne dei jo nytta George «American Graffiti» Lucas sitt namn i marknadsføringa av denne teite, rare filmen han kom med til dei. På ei anna side, vart dei svært redde. No ville løna til Lucas verta mykje høgare, og det ville ikkje løna seg å satsa på George Lucas med utvida regissørløn. Lucas fekk til slutt laga filmen sin, Fox slapp å betala utvida regissørløn mot at Lucas fekk retten til filmen og alt som fulgte med, Universal hadde endå ein suksess i arkivet sitt og Warner Bros. sparka seg sjølv i ræva over mishandlinga av THX.

Legg forresten merke til at John Milner sin bil har nummeret «THX 138» på registreringskiltet. Motoren til denne bilen er ein «1966 Chevrolet 327 cubic inch engine».

Gje innspel