Ed Wood

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Tim Burton er ein regissør som liker å nytta skodespelarar om att. Ein skodespelar han ofte har nytta, er Johnny Depp. Depp har i etterkant av denne filmen arbeidd for Burton i Charlie og sjokoladefabrikken, Corpse Bride og Sleepy Hollow. Før denne filmen, hadde Depp rolla som Edward i Edward Saksehånd. I Ed Wood har Depp rolla Edward. Ikkje den same Edward, sjølvsagt. Her er det den historiske Edward D. Wood Jr. som Depp speler. Ed Wood er inspirert av filmane og livet til Edward D. Wood Jr, men er ikkje ei historisk korrekt framstilling. Historia ligg ganske tett opp mot røynda, og det meste vi får sjå har faktisk hendt. Plottet er derimot litt forvridd, slik at det vart ein betre dramaturgi. Skodespelet er òg ganske fjernt frå røynda. Trur eg. No har eg aldri har møtt den ordentlege Ed Wood, så det kan henda rolletolkninga til Depp er korrekt.

Ed Wood, ein entusiastisk og naiv filmregissør sliter med å få oppdrag. Han har energien og pågongsmotet, men manglar talentet. Ein dag treff han på hans store helt, Bela Lugosi, og dei vert venar. Wood får sjansen til å gjera sitt store gjennombrot då han vert hyra til å laga filmen I Changed My Sex, men det feilar. Moglegvis av di filmen handlar om tabuemnet kjønnskifte, men meir sannsynleg av di Wood ikkje eig talent for filmskaping. Wood har vore transvestitt sidan han var liten gut, og spelte i sjølv hovudrolla i filmen. Han prøver å få fleire oppdrag, men filmstudiosjefane seier at filmen, Glen or Glenda (Wood byta ut tittelen «I Changed my Sex» før filmen vart lanser), var den verste filmen dei hadde sett. Wood tek ikkje det så hard: «Worst film you ever saw? Well, my next one will be better», er det optimistiske svaret han gjev slike negative omtalar. Etter kvart får han med seg ein gjeng, og prøver å få finansiert Bride of the Atom (seinare kalt Bride of the Monster). Me får sjå korleis han treff på alle desse underlege folka, og får dei med på filmane sine.

Eg tykkjer ikkje Ed Wood var ikkje ein dårleg filmskapar. Talentlaus, kan henda, men ikkje dårleg. Ein dårleg filmskapar er ein som lagar filmar berre av di han vil ha pengar, men ikkje har lidenskap for faget. Wood hadde både lidenskap, optimisme og pågongsmot, og dette gjer at i alle fall eg ikkje tykkjer at han kunne kallast dårleg. Om ein ser på filmane hans, ser ein òg at dei hadde eit bodskap. I Glen or Glenda, hans mest personlege film, står Wood fram som transvestitt, og prøver å fortelja at det er greitt, at det er lov å vera det. I Bride of the Monster og Plan 9 From Outer Space går han til åtak på teknologien. Dette kjem kanskje best fram i Plan 9, men Bride inneheld òg mykje kritikk. Truleg ville Wood med desse filmane fortelja at ein må ikkje gløyma menneskelege verdiar i mellom all teknologi. Bride sluttar med at den galne doktoren vert slukt av sitt eiga genmanipulerte monster. I Plan 9 har romvesena kome til jorda av di dei vil åtvara jordbuarane mot å laga større og meir øydeleggjande våpen.

Filmen Ed Wood tek ikkje for seg bodskapet i filmane, men entusiasmen til Wood, og venskapet mellom Lugosi og honom. Wood er som eg skreiv tidlegare spelt av Johnny Depp, og han gjer ei interessant rolletolking. Litt «larger than life», men det passar godt her. Elles har me Patricia Arquette som den elskverdige Kathy O’Hara, Bill Murray som Bunny Breckinridge, Lisa Marie (kjærasten til Burton på denne tida) som Vampira, George Steele som Tor Johnson, Rance Howard som McCoy, Juliet Landau som Lorretta King, Jeffrey Jones som Criswell og Sarah Jessica Parker som Dolores Fuller. Ei knallsterk rolleliste berre dei, men det er Martin Landau som verkeleg stel «showet» i rolla som Bela Lugosi. Dette er noko med det beste framstillinga av ein historisk person eg har sett på film. Fantastisk godt spelt. Landau liknar jo ikkje Lugosi for fem flate øre, men det er jamvel ingen tvil om at det er Lugosi me ser på skjermen. Aksenten, gestane, kroppshaldninga; jau, alt er Lugosi.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/ed-wood/