Phone Booth

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Ideen om å avgrensa filmen til èin stad var noko Hitchcock var glad i. Rear Window er berre på èin stad, utan at det vert keisamt. Rope er stort sett på same stad. Dial M for Murder var stort sett på same stad. Å vera på èin stad gjennom ein heil film er å leggja hinder for regissøren. Om regissøren er veldig flink, som Hitchcock, så vil styrken til regissøren skinna gjennom og ein vil ikkje leggja merke til kor trongt det eigentleg vert. I Phone Booth er me stort sett i og utafor ein telefonkiosk. Det er nok regissørar som ville klart å gjera det spennande og interessant, men diverre er dette Joel «The Incredible Shrinking Woman» Schumacher me talar om no. Eg tykkjer ikkje han er flink til spenningsoppbygnad.

Schumacher er veldig ujamn som regissør. Han har både gode filmar (Phantom of the Opera) og dårlege filmar (Batman & Robin) på merittlista. Phone Booth speglar regissøren, og er veldig ujamn. Filmen har sine gode element og sine dårlege. For å starta på det dårlege: svært tynn handling, ganske keisam og langdryg. Filmen er ikje bygd opp etter den vanlege og gode oppbygginga av tre akter, men er stort sett èi akt. Grunnen til at dette er negativt, er at tre-aktsoppbygginga fungerer fint. Om ein lagar film etter den oppskrifta, så kan dei mest keisame manusa verta veldig interessante, av di interessenivået til tilskuaren alltid haldast ved like. I denne filmen opplever i alle fall eg at spenningsnivået på filmen og interessenivået mitt er omvendt proposjonale storleiker.

Phone Booth handlar om Stu, ein PR-guru i mediebransjen (det vil sjølvsagt seia løgnar på ryktebørsen), som kvar dag går til ein telefonkiosk for å ringa. Ikkje treng han det, han har jo fleire mobiltelefonar enn ein gjennomsnittleg tenåring. Då han var ferdig med dagens telefonkiosksamtale, ringte plutseleg telefonen. Av rein refleks tok Stu telefonen, og fekk høyra ei røyst som sa at om Stu la på, så ville han verta skote. Så står Stu der, då, og pratar med ein gal fyr resten av filmen. For å gjera det endå meir spennande, skyt skurken ein annan fyr, og eit par protistuerte i gata trur at det var Stu som gjorde det. Difor vert telefonkiosken plutseleg omringa av politi, fjernsynskamera og nyfikne New York-arar, som alle trur at det er Stu som er galningen.

Filmen er keisam. Når vendepunktet kjem, er ein så lei at ein ikkje bryr seg om det, og klimakset vert totalt uinteressant.

Så var det dei positive sidene ved filmen, då. Tja, kva var no det igjen? Skodespelet? Kiefer Sutherland høyrer i alle fall ut til å storspele, sjølv om me ikkje ser honom.

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/phone-booth/