Spaceballs

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Omtalar om Mel Brooks-filmar nyttar ofte adjektiv som «sprø», «galen» og «vanvettig». Filmane hans er nemleg det – sprøe, galne og vanvettige. Og fulle av blautkakehumor og prompevitsar. Spaceballs er ikkje noko unnatak.

President Skroob av planeten Spaceballs har slemme planar om å stela all lufta frå den fredelege planeten Druidia. Spaceballs har nemleg øydelagt si eiga atmosfære. Skroob har satt Dark Helmet på denne vanskelege oppgåva. Problemet er nemleg at Druidia har eit svært skjold rundt planeten, slik at ingen kan stela lufta deira, og Dark Helmet kidnappar difor Prinsesse Vespa for å få Kong Roland av Druidia til å fortelja koden til skjoldet. Kong Roland hyrer kaptein Lone Starr og andrestyrmann Barf til å redda prinsessa.

Filmen er stappfull av referansar til Star Wars, Alien, Robin Hood, Planet of the Apes, Indiana Jones og meir. Som vanleg i ein Brooks-film, finner me småfrekke replikkar og hendingar på rekkje og rad, og haugesvis med blautkake. Dette er slitsamt i lengda, og ein vil helst la det gå ei tid mellom kvar gong ein ser ein Brooks-film av den grunnen. Mot slutten var eg dritt-lei, og det er ikkje positivt for heilskapsinntrykket. Men i små dosar fungerte filmen godt.

DVD-en inneheld eit av dei beste kommentarspora eg har høyrt. Dinkane, som har eit ordtilfang på eitt ord, har spelt det inn: «Dink dinkdink, dink? Dink. Dink dink dink. Dink-dink dink. Dink dink dink, dink, dink-dinkdink dink dink. Dink dink. Dink! Dinkdinkdink dink.»

Permanent link to this article: https://boba.no/2006/11/spaceballs/