Broken Flowers

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Eg har lyst til å sjå meir av Jim Jarmusch. Coffee and Cigarettes var ein fabelaktig film (det vil seia, ei fabelaktig novellefilmsamling), men eg trur ikkje eg har sett meir av honom. No har ikkje Jarmusch laga så veldig mykje meir, heller. I alle fall, i Broken Flowers har han med seg Bill Murray, som berre vert betre med åra, på ein underleg «road movie».

Don Johnston, ein mann oppe i femtiåra, lever godt. Han har tent mykje pengar på datateknologi, og går under namnet Don Juan blant vener. Den noverande kjærasten hans går plutseleg honom, av di ho er lei av å venta. Samstundes mottek Johnston ein rosa konvolutt med eit rosa brevark og raudt penneblekk. Ikkje signert, inkje namn, ingen avsendaradresse. Brevet fortel at Don fekk ein son for nitten år sidan, og at mora no trur han er på leiting etter faren. Men Don veit ikkje kven mora er, så han må leggja ut på ei reise for å finna ut kven avsendaren er, og om det verkeleg er sant at han har ein son. Med eliminasjonsmetoden kjem han fram til at det er fem kvinner som potensielt kan vera mora, og Don må vitja alle. Men kva skal han eigentleg seia når han bankar på døra til dei?

Bill Murray passar perfekt i rolla. Ikkje av di han liknar på nokon Don Juan (snarare tvert om), men av di han er så utruleg god til å spela… i mangelen på eit betre ord må eg vel seia utbrent. I denne filmen underspel han så vanvittig. Det er ikkje eit einaste trekk i fjeset hans som seier om han er glad eller trist når kjærasten går frå ham. Han leer ikkje på augebrynet når han får brevet. Ingenting. I enkelte tilfeller vil dette vera skikkeleg dårleg skodespel (steinfjeset Nic Cage, t.d.), men her er rolla sånn. Bill Murray har dessutan noko spesielt over seg, som gjer at dette underspelet vert så fantastisk. Når Murray fyrst lyftar på augebrynet, får dette ein fantastisk effekt.

Broken Flowers er ein komisk film. Inkje «gags» eller slagreplikkar og prompevitsar, men ei jamnt over komisk stemning. Det komiske er kanskje litt vanskeleg å få auge på om du bere er vant med bløtkakehumor, men då har du i det minste naboen Winston til å mora deg. Det verkeleg komiske er jamvel skodespelet til Murray. Ta til dømes ei scene nær byrjinga av filmen, der han sit på sofaen sin og høyrer på musikk. Kameraet heng i lufta på akkurat dette biletet. Ikkje noko hender, og Murray rører nesten ikkje seg. Likevel heng kameraet på dette biletet lengje, så lengje at ein ser det komiske. Eg storflira i THX-salen på Prinsen då eg såg filmen, og ei kjerring som sat på setet til venstre mumla med seg sjølv: «herregud». Men det tok ikkje lang tid før ho òg tok humoren, og då sat me båe å flira av dei mange liknande scenene (dama bydde òg på kjeks). Det er forresten ikkje så at ein for vondt i magen av latter, slik som med til dømes Wallace og Gromit, men meir ei jam humring over heile filmen. Då rulleteksten kom, braut heile salen ut i buldrande latter då.

Om du har sett Lost in Translation, og tok humoren der, så er du på god veg. Dette er ein grei peikepinn på kven du vil sjå Broken Flowers med. Ein som ikkje likte LiT/som ikkje såg noko humoristisk i LiT, er ikkje ein god med-tittar.

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/03/broken-flowers/