«

»

Deep throat

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Kva i alle dagar var det som hendte i 1972? Pornografi vart plutseleg stuereint då Deep Throat fekk kinopremiere (i USA). Tidlegare hadde det berre vore pornokinoar som viste porno, men her kom det altså ein pornografisk film inn blant kunstfilmar og underhaldningsfilmar i kinoar rundt i heile USA. Og no var plutseleg ikkje einsame mørkemenn med lange frakker og papirlommetørkle i lommene som såg desse filmane. Kjendisar, husmødre og til og med høgrevendte økonomar gjekk for å sjå porno på kino. Eg tykkjer det heile er svært merkeleg.

Linda Lovelace kjem heim ein ettermiddag, der ho finner romveninna Helen naken saman med ein frammand mann. Linda ristar på hovudet, og går ut. Ho tykkjer ikkje sex er noko serleg artig. Ho har nemleg aldri hatt orgasme. Og ho har forsøkt, skal du vita, men der er ingen ho har vore saman med som har greidd å laga bjelleklang og fyrverkeri. Etter ei grundig undersøking hjå lækjaren, slår han fast at ho klitoris sit på feil stad: den sit i botn av halsen hennar. For å kunne få orgasme, må ho ha ein mann som har lang nok penis til å nå heilt nedi botn av halsen hennar. Linda må ut på jakt etter denne mannen.

Ei frykteleg teit historie. Og dei la aldri skjul på at ideen var litt snodig. Då Linda fekk vita resultatet etter undersøkjinga, vart ho litt lei seg. «How would you like it if you had balls in your ears?» spør ho lækjaren, heilt gråtkvalt. «I guess I could hear myself coming!» utbryt han etter ein tenkjepause. Filmen er proppfull av slik dum humor. Det som var det sjukaste med Deep Throat, var ljodsporet. Kvar seksuelle akt hadde nemleg ein svært upassande ljodeffekt: bobleljodar! Som om nokon bles ned i eit glas Cola med eit sugerør. Dette vert heilt feil! Og tittelsongen er psykedelisk: «Deep throat, deeper than deep your throat. Deep throat, don’t row your boat, don’t get your goat, that’s all she wrote, Deep throat». Sprøtt!

Her heime i Noreg har filmen vorte vist på kino i Noreg to gongar. Fyrste gong var i Bergen i 1999, og då stilte kvinnegruppa Ottar opp saman med Linda Lovelace sjølv for å protestera. Dei truga visstnok med å brenna kopien. Den andre gong filmen vart vist i Noreg, var på filmklubben i Nidaros hausten 2006. Det gjekk heller fredeleg for seg, sjølv om salen var stappfull av kvinnesakskvinner og SU-arar. Eit par veker etter slapp filmen gjennom videosensuren, og det er dimed lov å selja DVD-en her til lands.

Gje innspel