Final Destination 3

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Den fyrste Final Destination var eit friskt pust i ein filmkonvensjon som skreik etter å verta omdefinert. Roger Ebert kallar denne sjangeren «dead teenager movie», noko eg plar å omsetja til «Drep tenåringane!». «Drep tenåringane!»-slekta handlar stort sett om å at flest mogleg tenåringar vert drepne på grueleg vis – ofte med eit simpelt handvåpen som øks, slakterkniv eller liknande. Diverre har denne filmslekta mista gløden etter den n-te Fredag den trettende-oppfølgjaren, dei ørten Halloween-oppfølgjarane og ikkje minst dei skrekkeleg tåpelege Fryktens sommer-filmane. Så plutseleg kom Final Destination, som eigentleg var meint å vera ein X-files-episode. Her var det ikkje lenger ein mordar med traumatisk oppvekst (eller, i dei tilfella det var ei kvinne, ein mordar som ein dag heilt utan vidare vart galen og mordlysten av di ho hadde mens-smertar eller av di sonen/ektemannen/broren/naboen/kjenningen hennar mista livet i den førre filmen), men snarare eit universelt vesen som finst over alt til ei kvar tid. Og i staden for å la dette vesenet vera eit monster av typen Freddy Krueger og liknande, så er vesenet ein abstrakt og formlaus skapnad. Her var mordaren sjølvaste Dauden! Ideen var frisk, og filmen var underhaldande. Det var ikkje mogleg å unngå ein oppfølgjar. Oppfølgjaren mangla sjølvsagt mykje av magien frå den fyrste, men hadde det essensielle: grueleg grafiske drap. Så kom film nummer tre. Denne var påtenkt Imax-kinoar og 3D-visningar, og eg er brennsikker på at opningssekvensen hadde vore skikkeleg tøff å sjå i 3D. Diverre, som med så alt for mange andre såkalla 3D-filmar (der 3D-effekta vert eit mål, ikkje eit middel), fungerer han ikkje i det store og heile på min vesle 21″ på hybelen.

Tenåringar, avgangselevar på vidaregåande, feirer at dei snart går ut av skulen. Og dette feirast på eit tivoli. Ein av desse ungdommene, den søte og simple Wendy, får eit slags syn om at berg- og dalbanen vil kollapsa og drepa alle passasjerane. Hysterisk lauper ho ut, og eit par av venene hennar følgjer etter henne. Akkurat då høyrer dei ein eksplosjon bak seg, og heile berg- og dalbanen kollapsar. Dei overlevde på grunn av eit syn Wendy fekk, men det skal snart visa seg at terroren ikkje er over for korkje henne eller venene hennar. Dauden hadde nemleg planlagt at dei skulle døy i kollapset, og Wendy øydela planen. No er Dauden etter dei, og drep ein etter ein på dei mest gruelege og innfløkte måtane ein kan tenkja seg. Men Wendy oppdagar noko som kanskje kan redda dei: fotografiane ho tok av venene sine gjev hint om korleis dei kjem til å omkomma. Kan ho redda dei? Kan ho redda seg sjølv?

Oppskrifta på ein «Drep tenåringane!»-film er enkel. Den simplaste og mest moralske av dei alle er den som får leva lengst. Den som er mest umoralsk, er den som døyr fyrst. Og den mest umoralske handlinga av alle er sex. Dei blonde blondine-bertene som berre er opptekne av å sjå bra ut (og som underforstått då har frykteleg mykje sex), døyr plutseleg i eit solarium. Ganske festleg sekvens, der huden flerrast av kjøttet, og du høyrer at dei vert grilla der dei liggjer hjelpelause (og – og dette er viktig – nakne. Sex = daud i ein «Drep tenåringane!»-film) i solsengane. Om ikkje det var nok, så byrjar glaset under dei å knusast, så dei får i tillegg ein god og døydeleg dose straum i seg. Hehehe.

Frå dette punktet av stoppa filmen opp. Resten av dødsfalla er store nedturar. Berre litt blodsprut, og så er det over. Regissøren har tydelegvis ikkje forstått at magien til den fyrste filmen aldri kan nås, og at folk no berre vil sjå grafiske dødsfall. Ideen om magiske fotografi er, vel, teit. Det er yttarst få, om nokon, som kjøper dette. Og i ein allereie sprø film der Dauden sjølv er etter ungdom, vil noko sånt verta litt for mykje. Me kjøpte at hovudfigurane frå dei førre filmane hadde synske evner (utan dette, hadde dei ikkje klart å unngå Dauden til å byrja med). Dimed var det – innafor fiksjonsuniverset som filmane opererte i – truverdig at dei kunne sjå teikn som avsløyrte neste dødsfall. Dette ville ha fungert i Final Destination 3 òg, men i staden tok James Wong det i heilt feil retning.

Blæh!

Permanent link to this article: https://boba.no/2007/05/final-destination-3/