«

»

Så var det eksamen att

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I dag går startskotet for ei særs lang eksamensveke. Fyrste eksamen har eg om ein times tid, den neste i morgon og den tredje (og heldigvis siste) er ein sju dagar lang heimeeksamen som eg får utlevert i morgon når eg er ferdig med nummer to.

Viss du er ein av dei mange studentane som skal avleggja ein av desse fæle prøvene, så hugs: du har rett til å få oppgåva på nynorsk. Somme slibrige førelesarar prøver å snika seg unna ved å gjeva oppgåveteksten som vedlegg, men Språkrådet er heilt klår på regelverket: oppgåva skal vera på nynorsk, same om ho er vedlegg, skrive på tavla, tagga i taket, utdelt via morsekode eller kva det måtte vera.

Det hender seg diverre at oppgåveteksten er så dårleg omsat frå bokmål, at det er til å riva av seg alt håret på hovudet, festa det med superlim og riva det av ein gong til. Sjølv om du tilsynelatande ikkje har klagerett her, så meiner Studentmållaget at du har det. Etter kongeleg resolusjon skal alle tilsette i stat og kommune følgja læreboknormalen, både på bokmål og nynorsk, og det er heilt klårt ein formell feil ved eksamen om oppgåveteksten inneheld 80 % skrivefeil (som var tilfellet med ex.phil.-oppgåva mi).

Kontakt oss i Studentmållaget om du har vorte råka for anten manglande eller mangelfull nynorsk oppgåvesett under eksamen: smin-styret@list.stud.ntnu.no. Og lukke til.

No må eg nesten laupa…

Gje innspel