«

»

The Amazing Transparent Man

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Joey Faust, ein bankrøvar og generelt skurkeaktig type, vert brote ut av fengselet. Gjerningsmannen for utbrytingsnummeret er major Paul Krenner, ein annan generelt skurkeaktig type. Faust er jamvel ikkje fri, av di Krenner har planar for honom. Han har nemleg utvikla ei slags stråle som gjer biologisk materiell usynleg. Vel, det er sjølvsagt ikkje Krenner sjølv som har utvikla denne stråla, men eit anna gissel han held. Geniet bak oppfinninga er doktor Peter Ulof. Den slemme Krenner held dottera til doktor Ulof innelåst, og trugar med å taka livet hennar om doktoren ikkje er lydig. Kenner trugar det nye gisselet, Faust, om å senda honom attende til politiet – i ei kiste.

Krenner har planar om å nytta stråla til Ulof til å byggja ein usynleg hær for å taka over verda. Ja, tenk, heile verda! Prinsippet bak stråla er at ho er forsterka røntgen. Vanleg røntgenstråler går ikkje gjennom bein, men det gjer denne, og resultatet er at du vert heilt usynleg (ikkje det at eg har høyrt om at røntgen gjer skinn og kjøt usynleg, då, men greit nok). Faust vert tvinga under strålen, og må utføra ymse oppdrag for Krenner.

Filmen har elendig skodespel, ei tåpeleg «galen vitskapsmann»-historie blanda med samfunnskritikk og ein heilt idiotisk kvasivitskap. Kan du få det betre?

Gje innspel