Timecop: The Berlin Decision

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Året er 1940, og me er i Berlin. Ei gruppe tidsfararar, leia av Brandon Miller og kona hans, veit at Adolf Hitler er der, og dei har planar om å drepa honom. Alt er planlagt ned til den minste detaljen, men dei har gløymt bort tidspolitiet. Ryan Chan, ein av tidsagentane, må gjera eit val: skyta kona til Brandon Miller eller lata henne skyta Hitler. Chan tek eit val; han redder livet til Hitler. Dette valet forfølgjer honom. Kvifor måtte kona til ein tidlegare ven døy for at ein diktator skulle få leva og taka livet av millionar? Attende i notida, år 2022, vert Miller arrestert.

To år seinare skjer det ei ulykke med ein av tidsagentane. Denne agenten har vitja seg sjølv i fortida, og «same masse kan ikkje okkupera same rom samstundes»-prinsippet gjer at både den yngre og eldre versjonen av honom døyr. Såleis har han ikkje eksistert, og alle han har arrestert for tidshopp har dimed aldri vorte arrestert, og tidslovbrota deira vil difor ha vorte gjennomført uforstyrra. Det er opp til Chan å reisa attende og stogga alle desse. Diverre viser det seg plutseleg at Miller òg er laus på grunn av dette uhellet, og han vil hemna seg ved å drepa foreldra til tidsagentane før dei vert fødde. Ein etter ein opphører dei med å eksistera. Chan er den einaste som kan gjera noko, så han hiver seg etter Miller i tid og rom.

Endeleg fekk me litt av det (kvasi-)filosofiske aspektet eg sakna i den fyrste Timecop-filmen. Ville du ha stogga Hitler? Men så mistar filmen tråden, og går over til å vera ein reinspikka fresfilm. Hovudrolla denne gongen er Jason Scott Lee, og godt er det. Jean-Claude Van Damme er ein stut. Eg vil ikkje påstå at Timecop 2 er ein god film, så langt i frå, men gje han ein sjanse. Det kan henda at han i det minste er underhaldande. Det er dessutan ikkje naudsynt å sjå fyrstefilmen fyrst, så du slepp unna det marerittet.

Permanent link to this article: https://boba.no/2008/01/timecop-the-berlin-decision/