Plotthol i Green Lantern

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

Då eg skreiv om filmåret 2011, kom eg inn på temaet plotthol i Green Lantern. Eg skreiv mykje som eg etterpå måtte fjerna for å ikkje spora heilt av. Men eg vil jo ikkje la tekst gå til spille, så her – med åtvaring om avsløring av eventuelle plottpoeng – er somme av plotthola i Green Lantern, den verste filmen eg såg i 2011.

Inhabil testflyging

Tidleg i filmen, før Green Lantern-greiene startar, skal arbeidsgjevaren til Ryan Reynolds selja dronar til militæret. Dei arrangerer difor ei testflyging for å overtyda militæret om at dronane er uovervinnelege. Og for å overtyda om dette, nyttar firmaet sine eigne pilotar.

Hømmh… Så, militæret tek det for god fisk at firmaet ikkje kjem til å juksa ved å, tja eg veit ikkje, tapa med vilje? Greit nok, no skjedde jo ikkje dette, men hadde eg vore innkjøpsandsvarleg for militæret, ville eg same kva kravd å få bruka militære pilotar mot dronane.

Ja, no var jo testflyginga heilteit. Kvifor i svarte skaut Reynolds ned kollegaen sin? Det gav honom absolutt INGEN føremonn i det heile! Og etterpå juksa han for å overvinna dronane. Og til slutt kræsja sitt eige fly. Han klarte altså eigenhendig å demonstrera for militæret at dronane IKKJE er gode nok, og dimed sørga for at firmaet sitt mista kontrakten og må seia opp folk, og øydeleggja testdronane samt TO jagerfly! Ikkje ein god dag for rekneskapsførar, vil eg tru!

Attendelevering ved oppseiing

Alle som har slutta i ein jobb, veit at noko med det fyrste som skjer, er at du må levera attende uniformer, nyklar og liknande. I filmen nektar Ryan Reynolds å vera ein Green Lantern. Faktisk oppmodar Green Lantern-fyren Sinestro honom om å slutta av di han er udugeleg. Reynolds fer difor heim frå Oa, Green Lantern-planeten. Men kraftringen gjev han ikkje attende? Øh?

Heilt plutseleg på rett stad til rett tid…

Store deler av filmen går ut på at Reynolds sutrar og klagar. Men no og då fer han rundt og dæljer til folk. Og det er jo greit nok, men eg skulle ynskja at me fekk litt mindre sutring og litt meir eksposisjon på korleis han får vita kvar han lyt vera. Reynolds dukkar nemleg berre plutseleg og heilt vilkårleg opp når Peter Sarsgaard held på med sine vondskapsfulle planar.

… men fullstendig udugeleg lell

Fyrste gong Reynolds dukkar opp heilt plutseleg utan noka som helst forklaring, så er det heilt fåfengt. Reynolds og Sarsgaard slår litt på kvarandre, og så drep Sarsgaard ein annan fyr. Kva gjer Reynolds? Ingenting. Kva gjer Sarsgaard? Ruslar vekk…

I neste scene er Sarsgaard i SI EIGA LEILEGHEIT! Kva faen?! Fyren myrda jo nettopp ein kar! Er ikkje drap viktig nok for Reynolds? Her har du superkreftar, men gidd ikkje å finna drapsmannen til mordet du nett var vitne til? Eller i det minste tipsa politiet? Eg meiner, Sarsgaard er jo openbert ikkje veldig smart, sidan han gjekk heim.

Gul ring

Sarsgaard er ikkje den einaste antagonisten i filmen. Det eksisterer eit stort øydeleggjande fenomen som syg livet ut av folk, og som livnærer seg på frykt. Dette fenomenet heiter Parallax. Det viste seg at dei gamle Vaktarane på Green Lantern-planeten hadde prøvd å bruka den gule krafta i frykt i tillegg til den grøne krafta i vilje for å verna om Universet. Men den gule fryktkrafta var alt for ukontrollerbar og dominerte alle som prøvde å bruka den.

Parallax var i si tid ein av Vaktarane. Det var Vaktarane si skuld heile tida! Og no har Parallax kurs rett mot Oa, Green Lantern-planeten. Og kva er det beste framlegget for å berga Universet og sitt eiga skinn? Jo, Å LAGA EIN NY GUL RING OG DIMED GJERA DEN SAME FAENS FEILEN PÅ NYTT!

Umotivert oppfølgjar-teasing

Plottpoenget med den gule ringen vart derimot ikkje utnytta i filmen. Dei laga den gule ringen for å overvinna Parallax, men Sinestro tok den aldri på seg. Gjennom heile filmen framstod Sinestro som tvers gjennom god (trass i namnet og den vondskapsfulle barten). Han var aldri ute etter makt, og var den moralske kjerna blant alle 3600 Green Lantern.

Trusselen var over og alt var bra igjen, og då TOK HAN HEILT PLUTSELEG PÅ SEG DEN GULE RINGEN! I faen?! Jada, dette vart gjort for å leggja grunnen for ein oppfølgjar, men det var å spotta heile karakterskildringa og ikkje minst tilskodarane å la Sinestro ta på seg ringen på det viset. Faren var over, og han hadde INGEN motivasjon for å ta på seg ringen! Hadde han gjort det to tredelar uti filmen, då faren var størst, så hadde det vore dramatisk og spennande, og, ikkje minst, motivert av plottet – ikkje av framtidig billettsal! Fy og spy!

For veik? For sterk? For dum?

Parallax var som nemnt på eit punkt i filmen på veg mot Oa. Men så skifter han (det? den?) kurs, og fer mot jorda. Tydelegvis av di han vil hemna seg på beraren av den grøne ringen som fekk honom fengsla, og det er nemleg Reynolds. Og sidan Parallax likevel har teke turen innom jorda, kan han jo samstundes øydeleggja alt liv der. Når Parallax har konsumert jorda, er han endeleg sterk nok til å knusa Green Lantern på Oa.

Okei, stopp, stopp! Var ikkje Parallax NETTOPP på veg mot Oa?! Var ikkje han for to minutt sidan sterk nok? Eller var han på dåverande tidspunkt – som det heiter på godt bokmål – berre fuckings stupid?

Ja, for dum!

Det viser seg i slutten at Parallax var fuckings stupid. Måten Reynolds sigra på? Idiotisk. Han lokka Parallax nær sola, og vips tok tyngdekrafta honom og poff borte. Yeah… Eg har sett nok Tom & Jerry til å skjøna kvar manusforfattarane fekk den ideen.

Dette får me til å lura litt. Det finst 3600 Green Lantern. 3600 sterke, smarte, fryktlause, intelligente vesen frå heile galaksen. Og så var det INGEN av dei som hadde same idé?

Eventuelt, kvifor gjekk berre ikkje alle 3600 mot Parallax samstundes? Eller endå enklare, øydeleggja honom medan han enno var fengsla? Er det verkeleg 3600 idiotar som vaktar galaksen? Eller er det berre eit idiotisk manus?

Kvifor undervurderer Hollywood-filmar tilskodarane sine? Slike filmar er eit hån mot alle som ser dei.

Permanent link to this article: https://boba.no/2012/01/plotthol-i-green-lantern/