«

»

Problemet med tidsreising

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

På tide med litt kvasifysikk: Eg trur eg skjøner kvifor me ikkje har fleire tidsturistar i gatene våre.

Viss «life imitates art», så seier det seg sjølv at oppfinnaren av tidsmaskinen ikkje tok/tek/kjem til å ta omsyn til at jorda snurrar kring si eiga akse, og går i bane rundt sola. Sola, ja til og med heile galaksen rører på seg. Dersom tidsreising berre rører seg langs t-aksa, som så godt som all tidsreisefiksjon fortel, så vil den tidsreisande starta i koordinatet x,y,z,t0, og reisa til koordinatet x,y,z,t. Det er berre det at x,y,z i t0 er ikkje same staden som x,y,t i t!

I staden for å hamna i Hill Valley, ville det ha materialisert seg ein Delorean midt i ein stein på Europa i 1955. Eller kanskje ville bilen ha kollidert med sola. Mest sannsynleg hamna den Marty McFly i ingenting 1,9×1010 mil vekke frå jorda, og driftar ljodlaust rundt der oppe dei siste 57 åra.

Eit anna problem med tidsreising, er at koordinata ikkje stemmer. Staden 0,0,0,0 vil jo vera der Big Bang hendte. Men på tidspunktet for Big Bang var denne staden det einaste som fanst, altså var dette over heile universet. Dimed er det umogleg å finna 0,0,0,[sundag 24. juni 2012], sidan 0,0,0 jo er overalt! Ikkje berre det, men universet er potensielt uendeleg. Korleis kan noko uendeleg stort ha eit endeleg midtpunkt? Dette styrkjer tanken på at 0,0,0 er overalt. Det er jo like langt ut til kantane same kvar du står.

Det einaste viset eg kan tenkja meg at tidsreising kan fungera, er viss tråleik spelar inn. Akkurat no, nett no, reiser du jo ikkje gjennom kvart einaste punkt i universet. (Skulle du gjort det, måtte du ha vore på romskipet Heart of Gold.) Og hoppar du beint i vêret, flyg du ikkje til månen. Du er påverka av krefter som jobbar mot dette (t.d. tyngdekrafta, jordakselerasjonen, vekta av lufta over deg, osv). Du reiser i same fart og same retning som jorda, og skulle du finna på å endra fart og retning, lyt du akselerera i 11,2 km/s. Men du treng ikkje så stor akselerasjon for å reisa til jobben. Eg kan dimed tenkja meg at den same mekanikken som let deg mellombels endra fart og retning nok til å koma deg rundt på denne kloden utan å gå hypersonisk, også let deg reisa til ein bestemt stad på ei bestemt tid. Når bussen klarar å vite når den skal passera busstoppet utafor huset ditt, så kan kanskje også tidsreisande klara det.

Gje innspel