«

»

Skrot frå arkivet: First Men in the Moon

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg har nyleg rydda litt i filer og mappar kring om på harddiskane mine. Her er noko av det eg fann:

Frå First Men in the Moon (1964)

Kva

Dette er eit bilete frå filmen First Men in the Moon frå 1964. Filmen handlar om den fyrste månelandinga. Nei, ikkje den frå 1969, men den frå 1899. Effektane står Ray Harryhausen bak. Filmen er basert på H.G. Wells-romanen med same namn, og det er ikkje ein skrivefeil at det står «in» i staden for «on».

Kvifor

Kva gjer eit bilete frå denne filmen i arkivet mitt? Hakkepeiling. Eg likte First Men in the Moon, men berre sånn passeleg. Eg anar ikkje kvifor eg har eit bilete frå den, og langt mindre kvifor biletfila er lagra som «brynjulf.jpg».

Gje innspel