«

»

Gratis sofa

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Eg er på flyttefot, og har tenkt å fornya møblementet mitt litt samstundes. Eg vil difor kvitta meg med den blå hjørnesofaen min. Eg gjev den vekk, heilt gratis, dersom du kjem og henter den på Ytteren. Den er ikkje så veldig tung, og går an å dela i tre delar. Her er melding lagt ut på Kjøp/sal/byte:

Gratis mot henting

Gammal blå hjørnesofa i skinn skal vekk etter lang og tru teneste i ungkarsheim på Ytteren. Seta er litt slitne, og kortsida har vore knekt, men sofaen duger til normalt bruk. Må hentast innan fyrstkomande torsdag.

Ta kontakt med Simon: xxxxxxxx

Gratis sofa 1

Gratis sofa 2

Gratis sofa 3

Dei same bileta la eg på Twitter med meldinga:

Gratis blå hjørnesofa mot henting på Ytteren. Seta er litt slitne, ei side har vore knekt, men OK til normalt bruk.

Merkeleg nok var det ingen respons å få, så eg la ut litt fleire bilete med emneknaggen #gratissofa:

Pizzaparty med #gratissofa

Det er alltid artig på pizzaparty med #gratissofa

Her kastar #gratissofa og eg frisbee

Her kastar #gratissofa og eg frisbee. Me måtte vera varsame, sidan me var innandørs…

Hugs hjelm og vatn før du skal sykla

Det er viktig å tenkja både tryggleik og hugsa å drikka vatn når du skal ut å sykla, ikkje sant #gratissofa?

Varme klede på kalde dagar

På kalde dagar er #gratissofa flink. Heller varme klede enn å liggja sjuk neste dag!

#gratissofa og Java

Folk flest liker kanskje ikkje Java, men #gratissofa tykkjer det er artig å læra lell

#gratissofa med Macintosh SE

Eg bruker PC med Linux sjølv, men #gratissofa held seg til Macintosh SE. Dei er om lag like gamle…

#gratissofa og #rosafotskammel

Kva i?! #gratissofa! Kva er det du og #rosafotskammel held på med?!

Seks photoshopklonar på #gratissofa

Det går seks photoshopklonar på #gratissofa. Viss klonane berre pressar seg litt saman, er det plass til endå fleire.

#gratissofa vitsar

#gratissofa fortalde nettopp ein vits. Den var veldig artig.

Sofa på tilhengar

No skal #gratissofa og #rosalenestol ha ei romantisk natt under open himmel. Dei skal få sova på tilhengaren… Har sendt #gammalkommode med dei for å passa på at ikkje skjer noko usømmeleg i natt…

Gje innspel