«

»

Fiks for nettbanken til Helgeland Sparebank

Eg held fram med å fiksa nettet slik eg vil ha det sjølv. Tidlegare har eg skrive om ein fiks for VG.no, og fiks for Amedia-aviser.

Mot slutten av mai kom Helgeland Sparebank ut med ny formgjeving på nettbanken. Det meste var til det betre, men av ein eller annan grunn har dei vald store bokstavar over alt. Då meiner eg over alt. STORE BOKSTAVAR. SLIK AT DET SER UT SOM OM NETTBANKEN ROPER OG SKRIKER. KVIFOR SKRIKER NETTBANKEN MIN TIL MEG?!

Det er slitsamt.

Etter å ha jobba med økonomien min eit par gonger i denne visuelt høglytte nettbanken, fekk eg nok. Det er på tide å bruka litt CSS til å gje nettbanken innerøyst:

.navbar .navbar-bottom-wrapper .navbar-bottom>li a, 
.component-header, 
.listexpandingModule .list-category, 
.myoverview-module .module-list-headings .balance, 
.myoverview-module .module-list-headings .available, 
.myoverview-module .asset-list .asset-line .account-name, 
.summary-module .category .title
	{text-transform:none!important}
#menuLink
	{text-transform: lowercase!important;}
#menuLink:first-letter
	{text-transform: uppercase!important;}

Dette fungerer utmerkt i til dømes nettlesartillegget Stylish til Chrome, Opera eller Firefox. Køyr som brukardefinert CSS på alle sider på URL bank.hsb.no, og du slepp å bli aggressiv av å jobba i den ropande nettbanken.

Gje innspel