«

»

Star Wars Celebration Europe 2016

Star Wars Celebration Europe var skipa i London den 15. til 17. juli, og eg var ein av dei titusenvis av Star Wars-fans som deltok. Endeleg! Dette hadde eg venta på i fjorten år, då eg fyrst høyrte om Celebration.

Star Wars Celebration er ei Star Wars-messe som vert skipa til nesten kvart år. Messa har ingen fast lokasjon. Den har vore sju gonger i USA, ein gong i Japan, og årets Celebration var tredje gong i Europa.

Messeområdet var ExCeL, eit så svært bygg at lettbane-toget har to stasjonar utanfor – ein stasjon i kvar ende. ExCeL er 100.000 kvadratmeter, kring 600 meter langt og nesten 2 kilometer rundt.

Torsdag: reisa til London

Reisa starta tidleg på morgonen. Eg reiste saman med to andre, veslebror Tobias og kollega Knut-Erik. Widerøe-flyet letta frå Røssvoll flyplass klokka 7, med nesa nordover. Godt flygevêr heile vegen til Bodø, så godt som ingen turbulens eller risting i den vesle Dash 8-maskinen.

I Bodø hadde vi litt tid før neste fly, så vi tok oss ein frukost med film-quiz.

Frå Bodø tok vi ein SAS-maskin direkte til Oslo. Igjen fantastisk flygevêr, veldig fin tur. Heilt til vi starta nedstiginga. Eg merka med ein gong at noko var gale. Eg hadde tydelegvis betennelse i biholene. Det var noko med det mest smertefulle eg har opplevd. Det kjentest ut som om nokon stakk eit par knivblad i panna, og at auga var i ferd med å sprette ut av hovudet. Eg har aldri opplevd dette før, så det var ganske skremmande. Eg minnast ikkje mykje av landinga, men plutseleg fann eg meg sjølv inne på Gardermoen med vatn, nasespray og smertestillande, og to småbekymra personar frå reisefølgjet mitt.

Eg var i ganske dårleg fatning då vi entra neste fly, men eg beit tennene saman og steig ombord. Vi letta utan problem, og vêret var igjen fantastisk å flyge i. Små skyar spegla seg i Nordsjøen, og vi såg svære container-skip som små prikkar på den blå flata. Men nedstiginga var like smertefull som tidlegare.

Problema endte ikkje der. Nede på Heathrow skulle vi hente koffertane våre. Diverre dukka ikkje kofferten til veslebror opp. Vi stod nesten i ein time og venta før vi fekk beskjed at kofferten mest truleg ikkje var med flyet. Bror fylte ut det naudsynte skjemaet for tapt koffert, og fekk lovnad om at dei ville refundere opptil 500 GBP viss han måtte handle noko før den eventuelt kom til rette. (Kofferten kom heldigvis fram med eit seinare fly om kvelden, og vart sendt med bod til hotellet vårt.)

Vi hoppa på ekspresstoget inn til byen. Det hadde 15 minutt reisetid, til forskjell frå mellom 50-90 minutt med andre alternativ. Framme ved Paddington, tok vi undergrunnstoget vidare til Tower Hill. Derifrå var det ein kort spasertur over til Tower Gateway, kor vi hoppa på lettbanetoget ut til Docklands.

Vi bestemte oss for å hoppe av toget ved ExCeL for å hente billettane våre. Det var på dette tidspunktet det gjekk opp for meg. Dette var augeblikket eg hadde venta på i fjorten år. Endeleg var eg på Star Wars Celebration!

007-excel_stasjon

Ein liten rusletur seinare var vi på hotellet vårt, Holiday Inn Express Excel. Her trefte vi på dei to andre frå Rana-delegasjonen, Stein-André og sambuaren Mari.

Etter middag på hotellet, drog tre av oss på eit 501st Legion-treff på ein pub i nærleiken. Den var stappfullt av medlem frå heile verda – eg fekk helse på mange folk eg gjenkjente frå både Nordic Garrison, 1st Imperial Stormtrooper Detachment og andre 501st-grupper.

Fredag: fyrste dag på Celebration

Dei beste panela skulle gå på hovudscena, og for å sleppe inn måtte du ha armband. Diverre er britar steingalen når det kjem til kø. Det stod folk i armband-kø allereie klokka 20 kvelden før, og dei starta å dele ut armband klokka 6 om morgonen. For å prøve å sikra oss armband på i alle fall eitt av hovudscene-panela, rusla vi bortover i halv sju-tida. Det starta å gå tomt, men vi fekk til alt hell armband til dei panela vi hadde mest lyst til å sjå.

Tilbake til hotellet for frukost, dusj og eit tappert forsøk på ein kjapp lur. Men så gira som eg var, kunne eg ikkje ha sovna om du så forsøkte å slå meg i svime! Så bar det attende til ExCeL litt før klokka 10.

Å! Fy! Te! Rakkern! Inngangskøen var no enorm! Den gjekk frå hovudhallane, ut gjennom heile billetthallen, på tvers av gangen, ut gjennom heile sikkerheitssjekk-hallen, ut i gangen igjen, ut inngangsdøra, nedover på utsida og langt bortover gata! Vi brukte nesten 40 minutt på å kome oss inn.

Endeleg inne bestemte vi oss for å gå direkte til hovudscena. Gjekk kva som møtte oss der? Ein ny, gigantisk kø!

Heile messa var sånn. Kø for å stå i kø for å stå i kø til [det du vil sjå/gjere]. Som sagt, steingalne, kø-glade britar… Men nok om køane. Det var panela, folka, stemninga og heile opplevinga eg vil minnast.

Fyrste panel var An Hour with Mark Hamill. Eg sat i same rom som sjølvaste Luke Skywalker! Sensory overload, processing error!

Etter panelet byrja vi å utforske hovudhallane. Fyrst prøvde vi oss på VR-utstillinga til ILMxLabs. Det var visst utseld for dagen, så vi bestemte oss for å sjå på kva som fanst av bodar og utstillingar. Etter fleire timar med vandring, hadde vi berre sett kring ein fjerdedel av alle utstillingane og bodane. Vi såg Hot Toys-utstillinga, kunst-gata, tatoveringslandsbyen, R2 Builders Club, ein TIE Fighter i full storleik og ein ⅓ stor ATAT. Båe var gigantiske. Det var folk overalt, og veldig mange i svært gode kostyme. Så utruleg mykje spennande å sjå på!

Plutseleg vandra eg inn på Tantive IV

Plutseleg vandra eg inn på Tantive IV

Klokka 16 var det tid for dagens mest ettertrakta panel: Rogue One: A Star Wars Story. Alt vi visste på førehand var at regissør Gareth Edwards skulle prata med Lucasfilm-president Kathleen Kennedy om den kommande filmen, men vi vona kanskje at det kom eit par overraskingar undervegs. Og overraskingar fekk vi – in buttloads!

Fyrste person ut på scena var nemleg Gwendoline Christie! Viss du nokon gong har lurt på korleis det høyrast ut når 4300 personar rundt deg roper «Captain Phasma!», så kan eg fortelje at det er ubeskriveleg kult!

Med seg på scena fekk ho som utlyst president Kennedy og regissør Edwards, samt produsent John Knoll og Kiri Hart frå Lucasfilm. Dei prata litt fram og tilbake om kvar ideen til filmen kom frå, og litt om prosessen bak.

Regissør Gareth Edwards offentlegggjorde plakaten, og alle i salen fekk kvar sin kopi. Spøkefullt lova han at Kennedy skulle signera kvar og ein av dei.

På scena stod det fleire tomme stolar, og det var på tide å fylle dei. Christie ropte opp i tur og orden, og ut kom dei — skodespelarane frå filmen.

Diego Luna!

Riz Ahmed!

Felicity Jones!

Donnie Yen!

Wen Jiang!

Alan Tudyk!

Mads Mikkelsen!

Forest Whitaker!

Hjernen min klarte ikkje heilt å forstå situasjonen. Sat eg verkeleg i same sal som Omar frå Four Lions? Som Jane frå The Theory of Everything? Som Ip Man? Eg meiner, korleis var det mogleg at både Forest Whitaker OG Mads Mikkelsen sat rett framfor meg?! For ikkje å snakka om Tudyk… Sonny, Tucker, Alpha, Wash…I’m a leaf on the wind… Eg grein ikkje, eg lovar, men viss det var ei tåre i augekroken sånn reint hypotetisk, så var det i så fall ei gledeståre.

Som om ikkje det var nok, kom det plutseleg marsjerande nokon nedover blant publikum. Det var Ben Mendelsohn, i fullt kostyme som Director Krennic, omringa av dei nye, svarte stormtrooparane.

Christie intervjua skodespelarane, og vi fekk sjå verdspremiere av ein såkalla sizzle-reel — ein slags bak kamera-trailer — som så vart vist på amerikansk fjernsyn og sloppe på Internett ein liten time etter panelet.

Til sist, når livestreamen vart slått av og vektarar med nattkikkert dukka opp kring oss, fekk vi sjå ein ny, eksklusiv trailer, som etter planen ikkje skal bli sloppe offentleg før til hausten. Eg er blant dei fyrste i verda å sjå ein Star Wars-trailer, kanskje fleire veker eller månader før resten av verda!

Her sit eg, veslebror Tobias og kollega Knut-Erik i salen til Rogue One. Foto av Collider

Her sit eg, veslebror Tobias og kollega Knut-Erik i salen til Rogue One. Foto av Collider

Etter dette hasta eg vidare til neste panel: Keeping Up With The Fetts. Verten for panelet var David Collins, som har vore røystskodespelar i mange Star Wars-produktar, sist som Stormtrooper i The Force Awakens. Boba Fett-skodespelarane Jeremy Bulloch (Empire Strikes Back, Return of the Jedi) og Daniel Logan (Attack of the Clones, Clone Wars) entra scena, og det var ein fornøyeleg time med spørsmål og svar, intervju og mange artige anekdotar. Eg storkosa meg.

Før vi gjekk heim, såg vi Pablo Hidalgo ute blant folk.

Laurdag: dag to

Eg vurderte eit lite augeblikk å ta ein sjukedag. Hovudet mitt kjentest ikkje bra ut. Det same vurderte veslebror, som hadde gått på seg svære gnagsår dagen før, og allergien hans hadde blussa opp. Ingen av oss gjorde alvor av det, men beit saman tennene og drog oss opp klokka sju for å skaffe panelpass. Det var fleire folk i dag, men vi fekk armband.

Same prosedyre som dagen før. Attende til hotellet. Frukost. Dusj. Fram med ryggsekk, vassflaske, antibakteriell handvask og inngangsbillett, og klar til ny dag klokka 10.

Etter at eg hadde vore gjennom sikkerheitskontrollen, stod eg eit par minutt og såg på alle folka som vandra inn. Mange stilige kostyme, mange kule klede, folk i alle aldre og frå mange deler av verda. Plutseleg vandra @norskus inn.

Fyrste stopp for dagen var ILMxLabs. Klokka var 10:10 då eg var framme ved boden. Allereie då var alle billettane borte. Det same skjedde også sundag, så eg fekk diverre ikkje oppleve VR-utstillinga.

Eg brukte eit par timar på å utforska meir, men klarte ikkje å konsentrere meg veldig. Eg hadde nemleg ein fotograf-time saman med Jeremy Bulloch og Daniel Logan utpå formiddagen! Det var så absurd. Eg gjekk inn i studioet. Bulloch og Logan helste og var veldig trivelege. Eg klarte knapt å gjere anna enn å nikke og smile. Logan instruerte meg til å stå i midten, og la arma på skuldra mi. Fotografen tok biletet, eg takka for at dei tok seg tida, og gjekk ut av studiet med eit ferdig prenta 23×15 cm stort fotografi. Eg trur eg gliste frå øyre til øyre då eg gjekk derifrå.

På veg til lønsj med resten av Rana-delegasjonen, traff eg på @GunnhildSkjold og broren hennar.

Plutseleg vandra eg inn på slagmarka på Scarif

Plutseleg vandra eg inn på slagmarka på Scarif

Seinare var det tid for Star Wars Rebels Season 3-panelet. Sjølvaste Warwick Davis var vert, og med seg på scena hadde han serieskapar Dave Filoni og røystskodespelarane Tiya Sircar (Sabine Wren) og Sam Witwer (Darth Maul).

Vi fekk sjå nærmare på det nye kostymedesignet til karakterane, og kva vi kan forvente til hausten. To ord: Fleire mandalorians!

Som seg hør og bør fekk vi verdspremiere av sesongtraileren før den debuterte på Internett eit par timar seinare. Og for ein trailer! Mot slutten ser vi silhuetten av ein imperisk offiser. Er det…? Nei, det kan ikkje vere.. Personen snur seg mot kameraet, og vi ser rakt inn dei knallraude auga i skjær kontrast til det blå andletet. GRAND ADMIRAL THRAWN! Salen eksploderte i gledesrop og applaus. Thrawn er utan tvil ein av dei beste karakterane i Expanded Universe-kanonen av Star Wars, berre slått av Kyle Katarn og Mara Jade. Grand Admiral Thrawn var ein legendarisk offiser frå Heir to the Empire-trilogien på tidleg nittitalet. Diverre kasta Disney ut alt av EU då dei tok over. Difor blir det enormt spennande å sjå kva Rebels gjer med karakteren no når han igjen blir kanon. Det er til og med ei ny bok på veg! Det er spennande å vere Star Wars-hugmann i desse dagar!

Då panelet var over, fekk vi sjå urpremiera av dei to fyrste episodane. Det såg… veldig lovande ut! Gler meg til hausten. A propos! Rett før panelet starta, var Disney Channel i salen og filma. Dei skal vise det før sesongpremiera i USA. Så då veit dokker det — dokker kan sjå meg på amerikansk fjernsyn til hausten!

Her står eg (og veslebror Tobias, ikkje synleg) i salen til Rebels. Skjermdump frå Starwars.com

Her står eg (og veslebror Tobias, ikkje synleg) i salen til Rebels. Skjermdump frå Starwars.com

Messa var over, men ikkje dagen vår. Som medlem av 501st Legion, hadde eg inngangsbillett til Londons heitaste fest den kvelden. Festen var på Madame Tussauds i Baker Street, som hadde stengt for publikum. Inne venta omvisning, Marvel Superheroes 4D Experience, Star Wars-utstillinga og heilt inne på verdsscena — blant voks-statuettar av Morgan Freeman, Marylin Monroe, Tom Hanks, Alfred Hitchcock, Miley Cyrus og mange andre — var det matservering og fleire bardiskar.

Under festen pågjekk ein auksjon, med sjølvaste Steve Sansweet som auksjonarius. Det var også ein konsert med Darth Elvis and the Imperials, og resten av musikken var det Dj Elliott som stod for.

Ikkje alle kjente fjes på festen var laga av voks. På veg inn hadde vi Nick Frost (kjent frå Shaun of the Dead) rett bak oss. Ved ein av barane møtte vi på Rey Park. Litt seinare støytte eg på ein annan kar – det var Sam Witwer! Eg har møtt begge Darth Maul på fest! Vi handhelste, og eg skraut av Rebels-panelet. Eg hadde også lyst til å skryte av Being Humans og Battlestar Galactica, men den folkeskye nordlendingen i meg fekk ikkje ut fleire ord. Seinare nikka eg til Dave Filoni med følge.

imag0350

Kvelden gjekk over til natt, vi fekk ein goodybag med diverse stæsj då vi drog. Klokka var kring 2 då vi var attende på hotellet.

Sundag: dag tre

Eg var ekstremt sliten etter den lange gårdagen, men stod pliktfullt opp før sola for å skaffe pass til dagens panel. Tre timar søvn skulle vise seg å vere i minste laget, men det fekk berre vere!

Hotel. Frukost. Dusj. Tilbake til ExCeL.

Det fyrste panelet i dag var Carrie Fisher: The Princess Diaries.

Oppvarminga før panelet var ved Dj Elliott og Mark Daniel, og dei gjorde noko veldig kult. Daniel gjekk rundt blant publikum og henta alle kostyme-kledde kvinner og jenter, og gjekk i parade blant radane. Dei marsjerte til slutt opp på scena — til stor panikk blant vaktene («Health and safety»-reglane tillet nemleg ingen frå publikum å gå opp trappa). For eit fantastisk gest for alle små Rey-ene, alle Leia-ene, alle Sabine-ene, Hera-ene og Mon Mothma-ene! Du såg kor stolte og glade jentungane var av å stå der på scena og tok imot applaus. Eit minne for livet.

Så starta panelet, og ut kom Warwick Davis, og Carrie Fisher og hunden Gary Fisher. Det var ein svært fornøyeleg time med anekdotar og historier, og ikkje minst hunden med tunga. Eg trudde eg skulle ramla av stolen av latter då Gary jaga Warwick rundt på scena!

panel5_carrie_fisher-2

Det siste panelet var Future Filmmaker Discussion & Closing Ceremony. Pablo Hidalgo tok scena saman med Kathleen Kennedy og Kiri Hart. Panelet var ei oppsummering av Celebration, samt eit framtidsblikk på Rogue One, Star Wars Episode VIII og Han Solo-filmen. Ut på scena kom filmskaparane Rian Johnson, Phil Lord og Chris Miller.

Dei avsløyrte for fyrste gong verdas mest publiserte hemmelegheit, at Alden Ehrenreich har fått rolla som Han Solo i den kommande Han Solo-filmen. Mark Hamill og Carrie Fisher tok også scena med hundane Millie og Gary.

Og John Boyega!

Dette hadde vore ei lang og innhaldsrik helg. Eg hadde tenkt å kjøpe mykje stæsj, kunstverk, klede, figurar og diverse. Men det var så mykje å sjå på at eg gløymte nesten heilt vekk å handle. Eg endte opp med ei t-skjorte, eit par klistremerke og jakkemerke, ein BB-8 Sphero, sjølvsagt Boba-biletet, goodybaggen frå VIP-festen og plakaten frå Rogue One-panelet.

I løpet av helga såg eg ljodmannen Matthew Wood og røystskodespelaren Ashley Eckstein. Eg såg Andi Gutierez og Peter Townley frå The Star Wars Show. I autograf-området såg eg Anthony Daniels i gulljakka si, den 2,21 meter høge Peter Mayhew og den 1,12 meter låge Kenny Baker ironisk nok side ved side. Paul Blake, Garrick Hagon, Al Lampert, Rusty Goffe, Chris Muncke, Alan Harris, Ken Colley, Robert Watts, Michael Carter, Sean Crawford, Tim Dry, Mike Edmonds og Simon Williamson sat også å signerte.

Eg skaffa meg to signaturar: Jeremy Bulloch og Daniel Logan, som begge signerte Boba-biletet frå laurdag. Eit personleg minne er så mykje betre enn ein vilkårleg actionfigur som heilt sikkert dukkar opp på eBay om eit par veker! Biletet skal eg sjølvsagt få råma inn.

Måndag: rundreise i London

På måndag kunne vi sova eit par timar lenger. To av Rana-delegasjonen hadde byta hotell på sundag, så vi vart berre tre til frukosten. Etter å ha stelt oss litt, var vi klar for ein turistdag i byen.

Vi hoppa på toget inn til Tower Gateway, og fann oss ein turistbuss med to etasjar utan tak. Vi køyrte rundt i nesten tre timar til saman. Vi såg mange flotte landemerke og fekk historiske kommentarar undervegs.

Akkurat i det vi tenkte på å hoppe av, såg vi heilt tilfeldig dei to andre nede på gata. Vi møttest ved London Eye, og tok elvecruise oppover Themsen. Nydeleg tur!

Vi var solbrent og trøtt då kvelden kom, men det hadde vore ein fantastisk dag.

Tysdag: heimreisa

Ikkje mykje å seie om heimreisa. Det gjekk slag i slag, utan større problem, med litt ventetid her og der. Heathrow – Sola – Værnes – Rørvik – Mo i Rana gjekk turen. Fint vêr heile vegen, middagen på Værnes var veldig god, og eg tykte ikkje vi måtte sitje for lengje å vente. Men biholebetennelsen min gjorde at kvar landing var reine smertehelvete sjølv med smertestillande. Eg var difor ganske matt store deler av turen.

Dette til trass, eg gjekk til sengs heime med eit stort glis den kvelden, for eg hadde endeleg gjort det eg hadde drøymt om i fjorten år; Eg hadde vore på Star Wars Celebration!

Gje innspel