Vask baklykta

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.

For over eit år sidan starta bilen min å fuske. Dette skjedde ofte i kryss eller rundkøyringar, altså i det eg skulle aksellerere etter å ha bremsa ned. Bilen rykka og nappa eit par ti meter, før det kjendes ut som om noko slapp taket og lét meg få køyre min veg. Eg mistenkte fyrst at det kunne vere lite olje. Det var litt lite igjen, men eg hadde ikkje hugsa å etterfylle. Eg fylte på meir olje, og ei vekes tid gjekk utan problem. Men så kom feilen tilbake igjen.

Eg kontakta verkstaden. Dei mistenkte at det var tennpluggane, og gav meg ein time. Til inga nytte. Eg kontakta dei på nytt, og dei føreslo at eg kunne kome innom ein dag då bilen oppførte seg på det viset igjen. Problemet var berre at feilen kom og gjekk veldig tilfeldig. Det vart difor eit par bomturar. Bilen rykka, og eg svinga innom og plukka opp ein mekanikar. Eg fekk aldri synt mekanikarane feilen, men eg fekk i alle fall lufta dei litt!

Så kom hausten, og plutseleg var feilen vekk. Med unnatak av ei sikring som rauk, fungerte bilen som den skulle heile vinteren. Men i mai starta eg å kjenne rykking igjen. Den einaste forskjellen, tenkte eg, var at eg hadde brukt motorvarmaren frå hausten fram til då, så eg prøvde å ha motorvarmaren på igjen. Det hjelpte ikkje. Bilen vart berre grufult varm midt på sommaren (motorvarmer og kupévarmar er kopla saman – kan ikkje slå på ein utan å slå på begge). Eg kom meg tur-retur Trondheim i 17. mai-helga før bilen nesten kreperte heilt.

I starten av juni verka det som om noko berre gav opp. Rykkinga vart borte, men no klarte eg nesten ikkje å akselerere. Turtalet var høgt, men bilen lista seg framover i sneglefart. Eg fekk nesten ikkje bilen opp i 40 km/t, og eg vart til ei fare i trafikken. Til slutt måtte eg berre låne meg ein annan bil i vente på ny verkstadtime.

Midt oppi dette hadde eg snakka med mange om dette, og hadde fått mange forslag til kva som kunne vere feil: for lite olje (nei), koilane, tennpluggane (nei), lambda-sondane, koplinga, sylindrane. Det eine dyrare og meir omfattande enn det andre. Eg gruva meg skikkeleg til verkstadtimen.

Dagen kom, og eg leverte bilen før jobb. Litt seinare fekk eg melding om at bilen var ferdig. Eg var veldig spent på om verkstaden faktisk hadde funne feilen, kor kostbart det kom til å bli, og kor mange veker det kom til å ta for å rette den. Eg ringte dei.
Ja, sa dei, feilen hadde dei funne, men eg kom ikkje til å tru dei.
Å?
Ja, nei, det høyrdest kanskje veldig merkeleg ut det dei hadde gjort, altså, men bilen er fiksa no.
Jaha? Kva hadde dei gjort då?
Rensa baklyktene.
Ehh… Kva?
Baklyktene. Dei hadde rensa dei.
Rensa… baklyktene…?

Ja. Det viste seg at årsaka til feilen var ein elektrisk feil i ei av baklyktene. Støv og skitt hadde funne vegen inn i lyktene, og laga ei kortslutning. (var det kanskje difor sikringa rauk i vinter?) Kortslutninga blei mata tilbake til køyredatamaskina, og dette skapa mykje trøbbel med elektronikken som styrer motoren. Utruleg nok hadde verkstaden hatt ein annan bil med akkurat same feil tidlegare den veka, så det tok ikkje lang tid å finne feilen og rette den. Det vart den billegaste verkstadturen eg nokon gong har hatt. Verkstaden rensa lyktene, og då fungerte alt som det skulle igjen.

Det er no tre veker sidan, og bilen går framleis godt. Både i oppoverbakke og nedoverbakke! Moralen er: Rens baklyktene – då går bilen raskare!

Permanent link to this article: https://boba.no/2017/08/vask-baklykta/