Emneordarkiv: stormtrooper

TK 32700 til teneste!

I dag fekk eg endeleg beskjed om at søknaden min til 501st er akseptert, og Stormtrooper-drakta er godkjent. Eg fekk tildelt ID-nummeret 32700 (skikkeleg digg nummer!), samt prefiksen TK. Eg er med dette medlem av 501st Legion, Nordic Garrison. Hurra! Prosjektet er dokumentert både her på bloggen, i videobloggen (sjå speleliste på YouTube), på Snapchat, …

Les meir »

TK: Korleis ta på drakta

Søknaden til 501st Legion Nordic Garrison er sendt inn, og TK ANH Stunt-drakta mi er til vurdering. Eg vonar på snarleg, positivt svar. Slik såg det ut då eg kledde på meg heile drakta for fyrste gong: Merknader eg gjorde meg etter fyrste påkledning: – Skulderstroppene over biceps er litt for slakk. Når eg held …

Les meir »

TK: Hjelmen

Montering av hjelmen. Hjelmen er kanskje det mest ikoniske med drakta. Viss eg viser fram ei arm, så vil folk berre sjå noko plastikkrør. Men viss eg viser fram hjelmen, så ser folk ein Stormtrooper-hjelm. Dette er difor den viktigaste delen å få korrekt. Dette er samstundes den vanskelegaste delen å montera. Trimminga av domen/hetta …

Les meir »

TK: Thermal Detonator

Montering av granaten. Som denne videoen viser, er det lurt å dobbeltsjekka ting før du gjer noko dumt. Heldigvis var båe tabbane enkle å fiksa. Den fyrste tabben var at eg drilla hol til skruven på toppen, ikkje i botn. Det løyste seg ved å ta av frontplata og lima den på den andre vegen. …

Les meir »

Handleliste for ein Stormtrooper

Stormtrooper-drakta mi er har vore ein lang prosess, men no er den snart klar. Undervegs i prosjektet har eg notert ned ei innkjøps- og utstyrsliste. Den vart lengre enn eg hadde forventa! Eg tenkte eg skulle dela lista med dokker. Eg har forsøkt å få med originale mål og materiale i notatkolonna viss eg veit …

Les meir »

TK: Våpenbeltet

Montering av våpenbeltet. I utgangspunktet ein ganske enkel del å få korrekt, men eg klarte sjølvsagt å rota det til på eit eller anna vis. Heldigvis ikkje nok til å ikkje få den godkjent, men eg vil fiksa nytt belte på eit seinare tidspunkt. For å få våpenbeltet godkjent, må fronten vera laga av same …

Les meir »

TK: Kroppen

Montering av kroppen. Kroppen har mange detaljar som er viktig å få rett. Sjølve trimminga av delane er ganske lett, det er ikkje mykje som kan gå feil her. Men så skal du ha rette typen elastiske band, rette typen knappar, rette typen naglar, rette typen maling og så bortetter, og plutseleg har du brukt …

Les meir »

TK: Lår

Montering av lår. For å få låra godkjent, så må følgjande kriteriar vera oppfylte jf. CRLen per i dag.: Thigh armor shall be closed in the back. The small ammo belt is installed on the bottom of the right thigh. For level two certification («Expert Infantryman»): Thigh ammo belt is attached to thigh with a …

Les meir »

TK: Armstroppar

Armstroppane er på plass! Litt utfordrande å finna fram til knappar og band brukt originalt, men eg har brukt tilnærma likt i utsjånad og storleik. Til biceps-kroken brukte eg to ABS-plaststriper, 100 mm lang, 22 mm brei og 1,5 mm tjukk. For å bøya dei til ein krok, brukte eg ein lighter, samt ein flat …

Les meir »

TK: Leggane

Ein litt lengre video om arbeidet eg gjorde med leggane på drakta. Eg har no ein aktiv tråd på forumet til First Imperial Stormtrooper Detachment: Simon’s ANH Stund Build [TM]. Denne oppdaterer eg nesten dagleg.

Side 1 av 212