Google lanserte ein betautgåve av vevmysaren Google Chrome for eit par dagar sidan. Brukaravtala dei la ved var heilt forverdeleg, men dei har endra henne no. Tok difor ein titt. Førebels liker eg det eg ser. Han er snøgg å starta, veldig lite fjas i brukargrensesnittet og syner fram vevsidene mine heilt rett. Men han lyt klara Acid2-testen og skåra høgt på Acid3. Acid-testane er eit hjelpemiddel for utviklarar til å sjå om vevmysarane deira duger, men fungerer òg som målestokk for brukarane. I Acid2 kjem det fram eit pikselisert bilete av eit smilefjes. I Acid3 kjem det seks rektanglar med ulik farge og ein poengsum. Du finn Acid-testane med referansar på Acidtests.org.
Eg har testa dei vevmysarane eg har tilgjengeleg nett no (eg har òg Netscape 8.1.2, men Netscape-lesaren er lagt ned). Dei er testa på Windows Vista Enterprise SP1.
| Vevmysar | På nynorsk | Acid2 | Acid3 |
|---|---|---|---|
| Opera 9.5.1 | Ja | heilt rett | 84/100 |
| Google Chrome 0.2 | Nei | heilt rett | 77/100 |
| Firefox 3.0 | Ja | heilt rett | 71/100 |
| Safari 3.1.1 | Nei | feil med auga og panna | 75/100 |
| Internet Explorer 7 | Ja | alt feil | 12/100 |
Konklusjon: Internet Explorer syg og Opera er framleis best. Google Chrome er snøggare enn Firefox, men Firefox er betre enn Safari og finst dessutan på nynorsk. Alt er betre enn Internet Explorer, sjølv om denne finst på nynorsk.
Merk at desse resultata kan avvika frå dine resultat om du prøver. Innstillingane i vevmysaren har mykje å seia på sluttresultatet, og aller helst skulle eg ha testa ein fersk kopi av alle mysarane. Eg skulle òg ha testa i Mac og i Linux, men eg har ikkje desse tilgjengeleg nett no.
5 comments
1 ping
Odin Hørthe
6. september 2008 at 22:39 (UTC 2) Link to this comment
Eg hev lasta ned kjeldekoden til Chromium og nett starta omsetja han so vidt til nynorsk.
Du gløymde det viktugaste. Um dei er fri programvare elder ikkje. Difor eg berre brukar anten Firefox elder Chromium når han kjem til Linux.
Simon
7. september 2008 at 00:32 (UTC 2) Link to this comment
Eg tykkjer ikkje fri programvare (for dei uinnvigde: open kjeldekode) veg så høgt. Det er viktigare at programvara fungerer enn at eg kan fikla med kjeldekoden.
Eg er tilhenger av åndsverk, og på same viset som eg fordømmer folk som klipper sine eigne utgåver av filmar (t.d. The Phantom Edit), stør eg Opera i å ikkje gje fri kjelda si. Som Opera har prova, gjeng det an å utgje eit knallbra produkt heilt gratis utan å gjera kjelda fri.
Simon
25. september 2008 at 00:02 (UTC 2) Link to this comment
Eg kvitra nyleg dette om Google Chrome, men legg det til her òg: Pluss for at fanane er ulike prosessar. Minus for at han tek opp mykje ressursar, vert installert på éin brukar (det er slitsamt for administratorar), og for at han ikkje er Opera.
Simon
17. november 2008 at 23:45 (UTC 2) Link to this comment
Det hevdast at I€8 skal støtta vevstandardane når han kjem. Eg trur det ikkje før eg får sjå det. På ei anna side: di lenger tid I€7 er Window$-standard, di fleire brukarar vil migrera til Eldreven — eller endå betre, til Opera.
Simon
11. desember 2008 at 00:46 (UTC 2) Link to this comment
Fyrste alfautgåva av Opera 10.0 gjer 100/100 på Acid3. Og inneheld ei skikkeleg bra forbetring: auto-oppdatering. Altså er det slutt med å måtte lasta ned installasjonsfila for kvar oppdatering, eit av dei få føremonna FF hadde over Opera. Saman med Opera Link som kom i versjon 9.5, er Opera betre enn nokon gong. (Ei alfautgåve er ikkje rekna som ferdig, så den endelege utgåva av Opera 10.0 vert betre enn den som er tilgjengeleg i dag.)
Boba.no – Opera 10.00
2. september 2009 at 13:04 (UTC 2) Link to this comment
[...] motoren, Presto 2.2. Denne er snøggare og betre, og bidreg til 100/100 i ACID 3 (som eg såvidt har skrive om tidlegare). Ingen av mine faste stoppestadar på veven visast feil i den nye Opera 10. Vel, bortsett frå [...]