Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert.
Eg vert stadig overraska over at folk faktisk les denne vesle vevstaden mi. Trond Viggo-songen eg siterte ein gong, er noko av det eg får flest treff på, og dei personlege varaorda er den mest populære statiske sida (med Nordmannen på ein god andreplass) på veven min. Og mellom alle trusselbreva frå bokmålingar som er sinte på spynorsk.net-utspelet mitt, handlar dei fleste meldingane om tekstar eg hadde før. Heisreglane var ein tekst som eg måtte henta opp frå arkivet mitt. Ein annan etterspurd tekst er ei uformell ti-på-topp-liste over kvinner i Star Wars-galaksen. Eg fann ikkje den opphavlege teksten, men hadde bileta liggjande. Så her kjem ein rekonstruert utgåve. Her er dei topp ti fagraste kvinnene i frå Star Wars:
#10: Beru Lars
Beru Lars (Beru Whitesun før ho gifta seg med Owen Lars) budde på Tatooine heile livet sitt. Ho var ein rolig og balansert person, og var ei god fostermor til Luke Skywalker, og i ungdomsåra særs fager. Unge Owen Lars visste kven han ville tilbringa resten av livet med den dagen han såg henne. Beru vart drepe av Imperiet i Episode IV.
#9: Gardulla the Hutt
Gardulla budde i Mos Espa på Tatooine, og var mellom anna slavehandlar. Ho12 var òg ein gamblar i stor-stil, og sa aldri nei til eit veddemål. Under eit av hennar veddemål, mista ho to slavar – Shmi og Anakin Skywalker – til skraphandlaren Watto. Me såg henne sist på Boonta-kvelden, under kapsellaupet i Episode I, som gjest hjå Jabba the Hutt.
#8: Mara Jade Skywalker
Mara Jade var ein av dei kraftsensitive agentane til Keisaren. Ho var veldig lojal mot Palpatine, og fekk difor ei telepatisk melding frå honom rett før han døydde: «Drep Luke Skywalker». Sekundet etter kjente ho gjennom krafta at Palpatine var daud. Mara ville taka hemn, og drog etter Skywalker. Ei klone av Luke Skywalker (laga av handa han mista på Cloud City) hadde på denne tida vorte trena i den mørke sida av Krafta, og hadde i oppdrag å anten venda Luke vekk frå ljoset eller drepa honom. Mara Jade drepte klona, og vart forelska i Luke. Dei gifta seg. Mara vart sjuk under den store krisa som fulgte i åra etter slaget på Endor, men dei fekk jamvel guten Ben Skywalker saman.
#7: EV-9D9
EV-9D9, eller Eve som ho3 vart kalla, var ein sadistisk droide som arbeidde hjå Jabba the Hutt. Ho hadde ein serskilt stor trong til å torturera andre droidar, og hadde difor stillinga som droide-personalsjef i palasset.
#6: Yaddle
Yaddle var ein ung jedimeister som sat i jedirådet ei god stund. Ho var rundt 400 år gammal, og var difor framleis sprek og frisk. Yaddle er ein av tre hittil dokumenterte eksemplarane av denne mystiske rasen, men ho prata aldri om opprinninga si. Det gjorde heller Yoda, som er den mest kjente av denne rasen. Yaddle hadde stillinga som bibliotekar i jedi-arkiva. Ho vart drepen i åra mellom Episode I og II.
#5: Taun We
Taun We var prosjektleiar for klonene og statsministersekretær på Kamino då klonekrigen starta. Ho hadde eit grasiøst vesen, og kunne smelta hjartet til sjølv den tøffaste kaminoanar-mannen. Ho var òg ein av lærarane til Boba Fett då han vaks opp, og var saman med Zam Wesell det nærmaste Boba kom til ei mor. Ho var ofte det fyrste levende vesenet klonene såg då dei kom til.
#4: Prinsesse Leia Organa Solo
Leia var tvillingsystera til Luke Skywalker, men visste ikkje det sjølv før Slaget om Endor i Episode VI. Ho var adoptert i løynd av Bail Organa, og vart seda til politikk. Eit par år etter Episode VI, gifta Leia seg med hennar store kjærleik, Han Solo. Dei fekk tre ungar saman: Anakin og tvillingane Jacen og Jaina. Både Leia og ungane var kraftsensitive, og fekk trening i Krafta. Dei vart framståande jediriddarar. Leia var òg ei stund leiaren av Den nye Republikken.
#3: Padmé Naberrie
Padmé Naberrie, eller Padmé Amidala for ålmenta, var ein eigenrådig og vis politikar frå planeten Naboo. Den vakre dronninga, seinare senatoren, traff Anakin Skywalker i ung alder. Han var ti, ho var fjorten. Anakin fortalte henne ein draum han hadde hatt, som handla om at dei to skulle gifta seg. Padmé smilte av dette den gongen, men Anakin var sanndrøymd. Dei møtte kvarandre ti år seinare, i byrjinga av klonekrigen, og gifta seg i løynd. Berre hennar nærmaste familie og droidane C-3PO og R2-D2 visste om ekteskapet. Obi-Wan Kenobi og Yoda skjønte nok det òg, men dei prata aldri med Anakin om det. To år etter var Padmé gravid. Ektemannen hennar, Anakin, falt for den mørke sida av Krafta, og vart Darth Vader. I eit raseriutbrot skada han henne kraftig, og lækjarane måtte framskunda barselen. Ho fødde tvillingane Luke og Leia, men døydde i operasjonssalen.
#2: Jaina Solo
Med Padmé Naberrie som bestemor og Leia Organa Solo som mor, vart Jaina Solo ein av dei fagraste kvinnevesen i galaksen. Ho og tvillingbroren Jacen var kraftsensitive. Jaina hadde i tillegg stor teknisk dugleik og var ein veldig god pilot – noko både bestefar Anakin, onkel Luke og pappa Han òg kunne skryta av.
#1: Aayla Secura
Jediriddaren Aayla Secura var det fagraste kvinnevesenet i galaksen. Ho var ein blå twi-lek med veldig god kontroll over ljossabelen sin, men med ei gløymd fortid. Aayla vart drepen på planeten Felucia då sith-meisteren Sidious tok over galaksen i Episode III.
Bileta er teke frå ymse kjelder, men tilhøyrer Lucasfilm.
- Huttane er eigentleg tvikjønna, men det er sosialt akseptert å kjønnfesta huttar basert på personlegdommen deira, til dømes viss dei fostrar ungar (det skjer gjennom ukjønna øksling) kan kallast «kvinner», jamvel om dei ikkje er det. [↩]
- Oppdatert 20.09.2008: I The Clone Wars kjem det fram at Jabba the Hutt har faktisk ein unge! Så då er han ei kvinne, eller? [↩]
- Droidar er sjølvsagt kjønnlause, men programmeringa deira avgjer om dei skal omtalast som kvinne eller mann. Eve var programmert som kvinne. [↩]
7 comments
Skip to comment form
Eh… Er alle desse personane nemnt i filmane? Eg har jo sett alle (filmane) jamvel om det er lenge sidan, men til dømes Mara Jade Skywalker kan eg ikkje hugsa å ha høyrt om før. Finst det ein epilog til Star Wars som eg ikkje har høyrt om?
Du har kule lister 🙂
Author
Hyggjeleg at du liker listene mine.
Nei, det er ikkje alle her som er nemnt i filmane. Mara Jade er fyrst og framst i bøker og teikneseriar. Mitt fyrste møte med henne var i dataspelet Jedi Knight: Mysteries of the Sith frå 1998. Her var ho jedi-lærling under Kyle Katarn, og då han plutseleg forsvann, vart Mara Jade spelefiguren vår resten av spelet.
Eg digger Kyle Katarn-spela. Kyle Katarn er så tøff at når han skal gjera armhevingar, så dyttar han heile planeten vekk under seg. Han er så tøff at hyperrommet eksisterer berre av di det er redd for å vera i same dimensjon som honom! Kyle Katarn vart nemnt berre ein einaste gong i filmane, og det var i Episode III: «POWER! UNLIMITED POWER!»
*kremt*
Jaina Solo er heller aldri nemnt i filmane. Ho er dottera til Leia og Han, og er fødd etter Episode VI. Elles skal alle ha vore i ein eller fleire av filmane:
Viss du vil lesa litt om Mara Jade eller Jaina, så tilrår eg Wookieepedia.com og databanken hjå StarWars.com. Til det andre spørsmålet ditt: ja, det finst både ein epilog og ein prolog. Star Wars-historia strekkjer seg frå 25 000 år før Episode IV til 140 år etter. Wookieepedia har ei ganske lang liste med årstal for mange hendingar. TheForce.net har eit veldig gjævt oversyn over når i historia ein film/ei bok/eit spel utspeler seg.
Vanskelig å velge en favoritt her. #9 kanskje? 😀
Forresten lite plass for å skrive lange kommentarer her.
Author
Nummer 5 var lengje min eigen favoritt. Om du hugsar attende til dagane med IT på Moheia… orsak, Polarsirkelen vidaregåande, så hadde eg bilete av henne i pengeboka mi.
Eg trur ikkje det er noko grense på kor lang innspela kan vera. Tenkjer du på sjølve tekstfeltet? Kan kanskje fiksa på det uti påska ein gong.
Tenkte på tekstfeltet, ja. Kan fort bli uoversiktlig for lange kommentarer.
Når det gjelder #5, så kan jeg dessverre ikke huske det – IT-fagene på (tidl.) Moheia var en sammenhengende kaffe-rus 😀
Var rimelig sikker på at Leia kom til å vinne førsteplassen, men da dun dukket opp allerede som nummer 4. visste jeg at Aayla Secura kom til å ta 1. plassen!
Dritbra innlegg, som vanlig.
Author
Takkar og bukkar. Triveleg med skryt. Hugs å få med deg oppfølgjarinnlegget: http://boba.no/2007/05/topp-ti-kjekke-menn-fra-star-wars/