«

»

Attack of the Princess Kashmir Clones?

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

I helga var eg på landsstyremøte i Oslomarka. På togturen heim duppa eg av litt ein times tid, og då hadde eg ein underleg draum. Eg drøymte at eg såg The Simpsons Movie, og den handla om at radioaktiv forureining frå atomkraftverket hadde ført til at Prinsesse Kashmir muterte til hundrevis av superkloner. Då eg vakna, tykte eg at dette var ein særs merkeleg ting å drøyma om. Kor i alle dagar fekk eg ideen om ei klona Prinsesse Kashmir?

Etter eit lite djupdykk i hugen, og ein intens Simpsons-maraton i går kveld, trur eg endeleg at eg har funne svaret. Den sprø draumen min ha kome frå eit pressebilete for filmen. Undermedvitet mitt har truleg snappa opp at det var to Prinsesse Kashmir på biletet:

Pressebilete

Så no kan me berre venta og sjå om eg er sanndrøymd eller animatørane berre har vore late. Kor som er, The Simpsons Movie har premiere den 27. juli.

Biletet er © 20th Century Fox

2 innspel

  1. Odin / Velmont

    Ærleg talt Simon 😐 Korleis inni svarte natta kunne du sjå det? Eg hadde aldri i livet lagt merkje til noko slikt. I det heile teke gidda å finna utav det. Du må jo hatt ein eller annan peiling for å ha leita gjennom for å finna provet? Hmm. Jaja, høyrast sært ut.

  2. Simon

    Nei, sei det. Prinsesse Kasmir er ein av favorittfigurane mine i The Simpsons, så eg legg sjølvsagt betre merke til henne enn til dømes Barbara Bush, Ruth Powers, Ray Magini (som alle er med på dette biletet). Eg tykte draumen var særs merkeleg. Same kva, eg trur nok jamvel at det er ein blunder heller enn plottpoeng.

Gje innspel