«

»

Hoodwinked!

Merknad: Dette innlegget er fleire år gammalt. Informasjonen kan vere utdatert og eg kan ha endra syn sidan då.

Historia om vesle Raudhette skal vel vera velkjend for dei fleste. Den vesle jentungen som skal vitja bestemora si, men som finn ein ulv i senga hennar. «Så store øyre du har, bestemor», seier ho i eventyret. «Det er så eg kan høyra deg betre», svarar ulven. I denne filmen svarar han sarkastisk: «Det er så eg kan høyra dine mange kritikkar betre». Slik sarkasme går att i filmen, og difor trur eg at dei som har best utbyte av honom, er oss litt større ungar. Mot slutten av eventyret fekk ulven og Raudhette vitjing av ein tømmarhoggar. Det er om lag her filmen startar.

Politiet i skogen har omringa huset, og både ulven, bestemora, Raudhette og tømmarhoggaren er arresterte. Men kvifor er politiet så barske at dei har arrestert alle fire? Jo, det er av di det er ein stor banditt i skogen. Det er ein sabotør laus, som øydelegg godtebutikkane, kakebakehusa og sukkerkioskane, og snart er det berre Godteriet åt Bestemor att. Raudhette er godtebod for bestemor, og syklar dagleg rundt med snadder til dyra i skogen. Bestemor og Raudhette er arrestert som mistenkt for å vera godtebandittane. Tømmarhoggaren er arrestert for «bruk av øks utan løyve», og ulven er arrestert for «forsøk på eting». Dei sit i avhøyr, og den kjekke frosken lyttar ivrig til dei fire historiane om hendingane. Fire par auge ser sjølvsagt ei hending på fire vis, og me får høyra desse fire historiene. Kven fortel sanninga? Kva var det som eigentleg hendte? Og kven er så denne godtebanditten?

Filmen er herleg utforma med veldig stiv og plastikkaktig datagrafikk. Dette er noko av skjarmen med dataanimerte filmar. Final Fantasy er eit døme på det motsette: skikkeleg realistisk (med naturtru rørsle i hårstråa, porar i huden og kledesimulator du ikkje hadde sett liknande til før), men heilt utan kjensle og skjarm. Den filmen var så platt og keisam som du kan få ein dataanimert film. Hoodwinked tek seg ikkje sjølvhøgtideleg, og den stive grafikken er dimed herleg.

Det hjelper å ha lese Raudhette, men det er ikkje ein føresetnad. Filmen er stappfull av herleg sarkasme, morosame figurar og heilsprø situasjonar. Eg digga filmen. Men berre i engelsk utgåve. Den norske røystomsetjinga manglar mykje av sarkasmen, og då er ikkje filmen artig meir. Og kva verre er, dei norske røystene likna ikkje dei opphavlege engelske korkje i tone eller type. Sjå Hoodwinked, ikkje Sannheten om Rødhette!

2 innspel

  1. Ola

    Eg er ikkje samd i at den norske versjonen er dårleg. Eg tykte den var mykje tøffare, på grunn av dei tullete dialektane dyra hadde, særleg den «sørlandske» ulven og den «trønderske» fjellgeita. Dei engelske røystene vart alt for slappe og anonyme samanlikna med dei norske. Kan du nemna døme på sarkasme i den engelske som den norske mangla?

  2. Simon

    Eg kjem ikkje på døme på sarkasme i den engelske utgåva som den norske mangla nett no. Ulempen med å sjå alt for mykje film, som eg gjer, er at det er mellom 200 og 300 filmar sidan eg såg denne, og då gløymer eg detaljar. Eg såg filmen under Kosmorama-festivalen i fjor, og opplevde i alle fall dei engelske røystene som betre enn dei norske. Det var særskilt Raudhette sjølv og ekornet eg tykte var dårleg i den norske. Og Bestemor.

Gje innspel